Ruinar i Aleppo.
Foto: Sergei Grits / AP / NTB scanpix
Frankrike vil hente heim IS-barn
Frankrike vil hente barn fødde av franske IS-sympatisørar heim til Frankrike frå Syria, medan mødrene skal overlatast til straffeforfølging hjå lokale styresmakter i Syria, melder Reuters.
Ifølgje nyhendebyrået er det rapportert om 60 kvinner frå Frankrike i Syria, og totalt 150 barn som anten er tekne med til Syria som barn eller er fødde i landet. Fleirtalet av barna er under seks år gamle. Franske styresmakter har så langt nekta å hente heim både IS-krigarar og kvinnene som reiste saman med dei for å støtte den islamske staten.
Høgrepopulistisk toppmøte i januar
Det nærmar seg val til Europaparlamentet, og den belgiske politikaren Michaël Modrikamen jobbar med å samle og styrkje høgrepopulistane gjennom organisasjonen The Movement. Organisasjonen, som vart skipa i 2016, fekk i sommar tidlegare Trump-rådgjevar Steve Bannon med på laget. No planlegg organisasjonen det fyrste toppmøtet i EU-hovudstaden i januar.
I eit intervju med nettsida EU Observer seier Modrikamen at dei håpar å få med medlemmer frå både Trump-regjeringa og Tea Party-rørsla på toppmøtet.
Moderaterna
vil vrake Bildt
«Sjølvsagt er eg djupt skuffa», skreiv den svenske EU-parlamentarikaren Anna Maria Corazza Bildt på Facebook-sida si denne veka.
Nominasjonskomiteen i partiet hennar, Moderaterna, har ifølgje Bildt bestemt seg for å vrake henne frå lista til europaparlamentsvalet neste år. Grunngjevinga er at partiet gjorde eit dårleg europaval i 2014.
Bildt, som har sete i Europaparlamentet sidan 2009, har vanskeleg for å forstå og akseptere avgjerda. Ho skriv at ho gjorde eit betre europaval førre gong enn nokon andre i Moderaterna. Og ho har tydelegvis ikkje heilt gjeve opp å kunne stille igjen: «Avgjerda ligg no hjå partirådet den 23. november», skriv ho på Facebook-sida si.
eva@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?