Framande fuglar i verda
Framstegspartiet er ikkje ein lett skapning å plassere for utanlandsk presse.
For Framstegspartiet vart den utanlandske dekninga av stortingsvalet eit stygt skar i gleda over mogleg regjeringsmakt. Britiske The Independent kalla Frp eit «antiinnvandrarparti med band til massemordaren Anders Behring Breivik» i oppslaget om det norske valet og illustrerte saka med bilete av Siv Jensen og Breivik. «Breiviks parti mot regjeringsmakt», skreiv italienske Corriere della Sera. Og ei lang rekkje andre medium rundt i verda trekte fram Breiviks fortid i partiet i omtalen sin av stortingsvalet.
Da Frp tysdag inviterte til pressekonferanse for å korrigere inntrykket omverda har av partiet, vart det eit slag i lufta. Berre fire utanlandske korrespondentar i Noreg møtte opp, og ingen av dei laga saker om pressekonferansen.
Å presentere Frp som «Breiviks parti» er openbert stygt og urimeleg. Men kan det vere meir enn vankunne om norsk politikk som gjorde at Framstegspartiet vart framstilt som det vart ute i verda?
Naturleg å nemne
Reuters-journalist Alister Doyle har arbeidd i Noreg i sytten år og bidrog til dekninga av det norske valet. Han var til stades på pressekonferansen til Frp og tykte det var ein pussig seanse.
–?Kritikken frå Frp var mest retta mot utanlandske medium som ikkje var til stades. The Independent og Corriere della Sera har jo ikkje eigne folk i Noreg. Og dei utanlandske korrespondentane som var der, veit ganske godt kva Frp er for noko, seier Doyle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.