Eldre som vert svindla er meir uærlege enn andre eldre, skriv forskning.no førre veke.
Forbrukarrådet stadfester at det er flest eldre over 60 år som ringjer dei opp, flaue og fortvilte over situasjonen dei har hamna i.
NTB Scanpix
Eg bankar på døra hos farmor.
– Kom inn, seier ho frå stolen sin framfor fjernsynet. Isbjørnen i plast blenkjer framleis på TV-bordet. Han fungerer som dørklokke.
Farmor får dotter si til å gå i banken for å betale rekningane hennar. Mobiltelefon eig ho ikkje, og ein datamaskin har ingen nokon gong sett innanfor hennar veggar. Ho hugsar ikkje alltid kven av barneborna som har bursdag, og reknar framleis i hundrelappar og tikronar. Ifølgje forskingsartikkelen er ho altså i målgruppa for dei som lett vert svindla. Men er ho mindre ærleg?
Forbrukarrådet stadfester at det er flest eldre over 60 som ringjer dei opp, flaue og fortvilte over situasjonen dei har hamna i. Dei har takka ja til eit nesten gratis slankemiddel, men fakturaen tikkar framleis inn kvar månad. Og kiloa forsvinn ikkje i takt med pengane. Straffa er ein telefon til forbrukarrådet for å fortelje at dei har late seg lure.
Eg bankar på døra på nytt, denne gong hos mormor.
Ho trekkjer I-paden ut av den sjølvstrikka mappa den ligg i, og snur skjermen mot meg.
– Men eg har ikkje Telenor, seier ho bestemt.
Ho har fått ein faktura, og skuldar eit lite beløp, fortel e-posten med telenorlogoen. Ho kan òg vinne ein splitter ny telefon av nettleverandøren sin. Sjølvsagt må ho trykkje på lenkja, kommanderer det vesle flate apparatet av henne.
– Det var det eg visste, ler ho, når eg stadfester at jau, dette er svindel.
På eitt liv har desse to kvinnene starta i ein kvardag med potetkjellar og utedo, og enda opp i ei verd med smarttelefonar, sjølvgåande støvsugarar og persienner som senker seg sjølv i takt med dagslyset. Vi ler godt av komifiguren Margot Hurlen når ho klistrar bilete av den norske kronprinsessa på den sjølvgåande støvsugaren sin og kallar den Matte-Marit. Men når økokrim anslår at privatpersonar vert snytt for over 205 millionar kroner i året, vert låtten sittande fast.
Margot har rett i å vere småirritert når ho spør: «Trur du eg er heilt åreforkalka?»
Mone Celin Skrede er praktikant ved Nynorsk Avissenter
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Straffa er ein telefon
til forbrukarrådet
for å fortelje at dei
har late seg lure
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?