Her om dagen kunne lokalpressa på Søre Sunnmøre koma med ei avsløring. Vikebladet fortalde at verdas djupaste undervasstunnel, Eiksund-sambandet, ikkje har hatt fungerande fartsmåling på to år. Fotoboksane er ute av drift. Dette meinte lensmann Guttorm Hagen ikkje var akseptabelt, særleg av di ingen hadde fortalt han det. No varslar han radarkontrollar inne i tunnelen. Statens vegvesen lover på si side å fiksa feilen til hausten.
Men når sant seiast skal, trur eg det som gjeld for fotoboksane i Eiksundtunnelen, òg gjeld for stort sett alle andre fotoboksar i landet. Personleg har eg eit oppheng i desse fotoboksane, særleg gjennom Gudbrandsdalen som eg lyt køyra nokså ofte. Sanninga er òg at eg vel ofte køyrer for fort forbi desse boksane. Kystmennesket i meg liker seg ikkje i Gudbrandsdalen.
Men no er det mange år sidan eg har fått bot. Eg har difor byrja å sjå etter det som visstnok skal utgjera teiknet på at boksen fungerer, det skal koma eit raudt pulserande lys ut av linsa som er montert på fotoboksen. Og her er mitt funn. Av om lag 20 boksar i nord- og sørgåande retning, er det berre fire som fungerer. Alle andre er steindaude.
Dette set meg på eit vis i eit skorfeste: Skal eg taka risikoen, eller skal eg ikkje? Informasjon som ikkje kan nyttast til noko, er daud informasjon. Difor burde eg nytta høvet til å køyra for fort forbi boksane som eg har sett ikkje fungerer. Men på den andre sida: Tenk om ein eller anna lat byråkrat eller vegmann i Statens vegvesen syter for at ein eller fleire av boksane vert fiksa? Då sit eg der med ei stor bot, ja, kanskje eg til og med mister sertifikatet.
Dette er eit politisk problem: Det finst berre to alternativ til dagens tilstand: Anten må alle boksane fungera, eller så må ingen fungera. Men inntil Framstegspartiet har fått fiksa det, har eg eit tips til redaktørar: Send sumarvikarane ut til den næraste fotoboksen. Bed han eller ho om å sjekka om han blinkar. Gjer han ikkje det, er det berre ringja Statens vegvesen og lensmannen.
J.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?