JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Forsvarer retningslina

Utfordringa er ikkje kunnskapsmangel, men eit utilstrekkeleg helsetilbod for unge med kjønnsinkongruens, meiner Helsedirektoratet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3130
20230317
3130
20230317

peranders@dagogtid.no

Divisjonsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet er usamd i kritikken frå Ukom. Den retningslina direktoratet har laga, skal vere «ei overordna skildring av organisering og oppgåvedeling i eit desentralisert, differensiert og heilskapleg helsetenestetilbod», skriv ho på e-post.

«Slik sett er det ei litt uvanleg retningslinje frå Helsedirektoratet, og må ikkje misforståast til å vere ei retningslinje som gir meir detaljerte tilrådingar om utgreiing og behandlingsval. I ei fagleg retningslinje med kliniske spørsmål ville det vore nødvendig med andre metodiske tilnærmingar og krav til kunnskapsgrunnlag for tilrådingane», skriv Haug.

Ho meiner eit utilstrekkeleg tilbod er ei større utfordring enn mangel på kunnskap.

«Mange personar med kjønnsinkongruens manglar i dag tilbod i helsetenesta; mange får ikkje helsehjelp som dei har krav på. Det er hovudutfordringa. Helsedirektoratet meiner retningslinja gir eit godt grunnlag for etablering av helsetenestetilbod på alle nivå, noko det framleis er eit stort behov for.»

– Er de samde i at kunnskapsgrunnlaget for dagens behandling av unge er så svakt at det kan utgjere ein risiko for pasienttryggleiken?

«Unge med kjønnsinkongruens har mange ulike behov – frå samtalar og hjelpemiddel til høgspesialisert behandling. Det må alltid bli gjort ei individuell vurdering av den enkelte og tilbydast utgreiing og behandling som byggjer på best tilgjengeleg kunnskap. På dette fagområdet finst ein del kunnskap og også internasjonale tilrådingar som behandlarar i Noreg kan nytte, men det trengst meir.»

–?Stemmer det at Helsedirektoratet stilte lågare krav enn vanleg til kunnskapsgrunnlaget da de laga retningslina for kjønnsinkongruens?

«Som svart på første spørsmål er dette ei noko annleis retningslinje. Kunnskapsgrunnlaget vart gjennomgått i arbeidet med retningslinja.»

– Ukom meiner hormonbehandling og kirurgi for unge med kjønnsinkongruens bør definerast som utprøvande behandling. Kva meiner Helsedirektoratet om dette?

«Vi ser at Ukom konkluderer med det, men grunnlaget er uklart. Det finst fleire behandlingstilbod i dag som manglar vitskapleg dokumentasjon på eit nivå ein kunne ønskje, og som derfor i stor grad blir basert på erfaringsbasert kunnskap. Det gjeld også kjønnsinkongruens. Det er ikkje utan vidare vanleg å karakterisere etablert anerkjend praksis i klinikken som utprøvande behandling, sjølv om kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt», skriv Haug.

«Auken vi ser blant unge menneske som søker hjelp for kjønnsinkongruens, gir likevel grunn til ekstra varsemd. Helsetenesta må vurdere om den erfaringsbaserte kunnskapen er like relevant for ein større pasientpopulasjon enn vi har sett tidlegare. Helsedirektoratet vil i løpet av 2023 ha ein dialog med dei kliniske miljøa og brukarane og på basis av dette vurdere om det er behov for å justere på tilrådinga vår. Utprøvande behandling bør avgrensast til pasientar som deltek i kliniske studiar.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis