Arbeid

Forsvarar streiken

– Somme gonger må vi setje foten ned, og no var det det einaste rette å gjere, seier Silje Naustvik i Norsk Sykepleierforbund om streiken.

Storstreiken blant lærarar, sjukepleiarar, barnehagelærarar, bibliotekarar og fysioterapeutar vart avbroten av tvungen lønsnemnd. Silje Naustvik er nestleiar i streikeleiinga i Unio, som er hovudorganisasjon for universitets- og høgskuleutdanna, og nestleiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF).

– Kva har de oppnådd ved å streike?

– Det vi definitivt har oppnådd, er merksemd rundt det store samfunnsproblemet det er at vi ikkje klarar å rekruttere og ta vare på tilsette med høg kompetanse i kommunal sektor.

– Har rekrutteringsproblem fyrst og fremst med løn å gjere?

– Nei, det har med fleire ulike faktorar å gjere, men nett dette lønsoppgjeret er eit mellomoppgjer, og då er det berre løna vi kan forhandle om.

– Var det rett tid å gå ut i streik med tanke på at det var eit mellomoppgjer, og at vi framleis er i ein slags unntakstilstand med press på helsesystemet og skular som har vore stengde ved fleire høve på grunn av pandemien?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement