Fiske

Trur årsaka er vitaminmangel

Det er ikkje overraskande om laksedøden har spreidd seg til norske elvar, meiner den svenske biokjemikaren Lennart Balk.

Publisert

– Når vi veit at laksen er sjuk på den svenske vestkysten, er det ikkje rart at dette også kjem i Noreg. Og vi veit at laksen på den svenske vestkysten lir av tiaminmangel. Truleg er det same tilfellet med den norske laksen, seier Lennart Balk, professor i biokjemi ved Universitetet i Stockholm.

Dag og Tid skreiv om tiaminstudiane til Balk i november i fjor. Han har samla data som tyder på at ei rekkje artar i Austersjøen blir sjuke av mangel på dette vitaminet, mellom anna laks, torsk, blåskjel og fleire sjøfuglartar. Også i fisk og fuglar andre stader på den nordlege halvkula skal det vere påvist tiaminmangel.

Balk tviler på at det norske Veterinærinstituttet kjem til å finne opphavet til sjukdomen i Enningdalselva med metodane dei no nyttar.

– Eg trur det er eit mistak å bruke tida på å finne ut kva sopp, bakterie eller virus som drep laksen. I Sverige blir laksen råka av eit breitt spekter av sjukdomar, og det tyder på at det er immunforsvaret som er slått ut. Det stemmer godt med tiaminmangel.

– Ifølgje forskingsrapportane frå Sverige kan ikkje tiaminmangel vere heile forklaringa på laksedøden der. Det er ikkje godt samsvar mellom dødsraten i ulike elvar og tiaminnivåa i laksen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement