Svenske tilstandar
i norske elvar
Laksedøden som har herja i svenske elvar i seks år, har truleg nådd Noreg. Til no er berre ei elv i Østfold hardt råka, men ingen veit kor langt dette kan gå.
Laks på kring ni kilo frå Enningdalselva i vår. Denne fisken var framleis i live da han vart henta opp av elva.
Foto: Ragnar Itland
Laks på kring ni kilo frå Enningdalselva i vår. Denne fisken var framleis i live da han vart henta opp av elva.
Foto: Ragnar Itland
Miljø
peranders@dagogtid.no
– Først skjønte vi ikkje kva som skjedde. Eg har fiska i denne elva sidan 1991, men har aldri sett noko som dette før. Det verste er å sjå korleis laksen lir, seier Bjarne Granli, leiar i Arbeidernes Jeger og Fiskerforening i Halden.
Han var av dei første som oppdaga laksedøden i Enningdalselva, som renn ut i Iddefjorden ved grensa mellom Noreg og Sverige. Dette er ei lita elv med ein sunn, storvaksen laksestamme, og det er teke fisk på nesten 18 kilo der. Men da fisket opna 23. mai i år, oppdaga fiskarane noko underleg: Mange nygåtte laksar var dødssjuke, med opne sår på kroppen og finnane, og med store soppinfeksjonar.
Dette er noko heilt utanom det vanlege. Rett nok er elvefasen ei påkjenning for den gytemogne laksen, og det hender at fisk blir sjuk medan han står i elva. Men det skjer helst på seinsommaren eller hausten. Dei sjuke laksane i Enningdalselva hadde etter alt å døme kome frå sjøen nyleg og burde vore i toppform. Likevel var det nesten som om dei gjekk i oppløysing i levande live.
Til no er det teke opp kring 40 daude eller døyande laksar i Enningdalselva, og det er sett mellom 75 og 100 sjuke fiskar, meiner Bjarne Granli. Han trur minst halvparten av dei nygåtte laksane i elva er sjuke.
Fleire elvar
Om fenomenet hadde vore avgrensa til Enningdalselva, ville det vore rimeleg å tru at også opphavet til sjukdomen var lokalt. Men 5. juni kom det melding om ein sjuk laks med liknande symptom i Sandvikselva i Bærum. Og 8. juni fekk Steffen Bergstøl ein halvdaud laks i Tovdalselva ved Kristiansand. «Jeg har fisket så lenge jeg kan huske, men har aldri sett noe lignende. Finnene holdt på å råtne bort, og den manglet et øye», fortalde Bergstøl til Agderposten.
Etter dette har det blitt rapportert om sjuke eller daude fiskar i tre elvar til i Agder: Mandalselva, Nidelva og Otra. Og på tysdag kom melding om fem sjuke laksar i Bjerkreimselva sør i Rogaland, med symptom som visstnok likna på dei i Enningdalselva.
Det er grunn til å ta atterhald her: Det er ikkje sikkert at alle desse laksane er sjuke av same årsak. Og kanskje slår engstelege sportsfiskarar alarm i utrengsmål nokre stader. På den andre sida: Summen av observasjonar tyder på at det kan vere noko alvorleg som skjer – særleg fordi villaksen på forsommaren skal vere sterkare og meir motstandsdyktig enn han blir seinare på året.
– Det er til no berre rapportert om sjuke einskildfiskar i elvane i Agder. Kan hende blir det berre med nokre få sjuke fiskar i desse elvane. Eller det kan vere starten på noko større som vi slett ikkje likar. Vi veit ikkje, seier Frode Kroglund, fiskeforvaltar i Agder.
Leitar etter årsaka
Veterinærinstituttet har sendt ut råd til fiskarane i dei råka elvane om å desinfisere alt fiskeutstyr etter bruk, for å hindre mogleg smitte til andre elvar. Det er fornuftig ut frå eit føre var-prinsipp, men det er høgst uvisst om det hjelper, for det verkar usannsynleg at sjukdomen stammar frå elva. Det er ikkje rapportert om daud lakseyngel i dei råka elvane, og dei sjuke laksane i Enningdalselva hadde neppe vore særleg mange dagar i ferskvatn. Det tyder på at desse fiskane var sterkt svekte alt før dei forlét sjøen. Men kva kan årsaka vere?
Veterinærinstituttet studerer no prøver av sjuk fisk frå mellom anna Enningdalselva, Sandvikselva og Bjerkreimselva, og leitar etter moglege årsaker til laksedøden. Men førebels har dei ingen svar, fortel Brit Tørud, fiskehelseansvarleg ved Veterinærinstituttet.
– Dette ser ikkje ut til å vere nokon av dei listeførte laksesjukdomane. Vi ser etter bakteriar og virus som kan vere årsak til såra på fisken, men det er vanskeleg når vi ikkje veit kva vi leitar etter.
Soppåtaka på nokre av fiskane er mest truleg sekundærinfeksjonar, trur Tørud. Slike soppåtak er vanlege når laks i ferskvatn først har eit ope sår.
Utriveleg
Situasjonen gjev ein viss grunn til uro, meiner Brit Tørud.
– Det er ikkje noko triveleg, dette. Det som har skjedd i Enningdalselva er noko heilt utanfor det normale. Så får vi håpe at det blir med nokre sjuke einskildfiskar i dei andre elvane. Og vi veit jo heller ikkje om det er same sjukdom.
– Om dette held fram med å spreie seg, kan det bli eit alvorleg trugsmål mot villaksen i Noreg?
– Vi får tru at ikkje det blir slik. Vi skal ikkje tenkje krise med ein gong, sjølv om situasjonen i Enningdalselva er alvorleg. Men det er heilt umogleg å seie korleis dette vil utvikle seg. Vi veit at det er sett liknande symptom på laks i Sverige og Skottland, men ting kan arte seg likt og likevel vere ulike sjukdomar.
Men dersom laksesjuka som no har råka Enningdalselva, er den same som lenge har herja i svenske elvar, er det slett ikkje sikkert at Veterinærinstituttet kjem til å finne nokon klare svar. Svenskane har leita etter ei forklaring i seks år utan å lukkast.
Døden i Mörrumsån
Nordmenn tenkjer kanskje ikkje på Sverige som noko stort lakseland, men i gode år har dei svenske elvane gjeve fantastiske fangstar. Landet har 28 lakseførande vassdrag som renn ut i Austersjøen, og nokre av dei har ein mytisk status. Mörrumsån i Blekinge er ei storlakselv med sportsfisketradisjonar attende til lakselordane, og fisket der er økonomisk viktig for småbyen Mörrum. I Torneälven ved grensa til Finland går det i gode år opp over 100.000 laksar – fleire enn det vart fiska i alle norske elvar til saman i fjor. Og frå kring tusenårsskiftet hadde dei svenske laksebestandane ei god utvikling.
Men i 2013 dukka det opp laks med underlege sjukdomar i Mörrumsån: Nygått fisk hadde store sår på kroppen, og mange av dei var overgrodde med sopp. Sidan da har nesten alle lakseelvar i Sverige blitt råka av tilsvarande sjukdomar, mange stader i eit omfang som har fått bestanden til å krympe.
Heldigvis har ikkje utviklinga gått berre ein veg sidan 2013. Det eine året kan det vere mindre sjuk laks å sjå i ei elv, det neste året kan det bli verre att. I år har til dømes fisket i Mörrumsån hatt ein bra sesongstart, med færre sjuke fiskar enn dei siste åra.
Somme elvar har òg blitt langt hardare råka enn andre. Verst ute er Vindelälven, ei sideelv til Umeälven som renn ut i Austersjøen ved Umeå. Der har tettleiken av yngel i elva falle med over 99 prosent på nokre få år – altså ein total kollaps. Men sjølv om biletet ikkje er like mørkt overalt, er trenden for dei svenske elvane ganske klar. I 17 av 20 svenske lakseelvar meiner dei lokale forvaltarane at bestanden har gått attende dei siste åra, fortalde Sveriges Radio i fjor.
Det er verdt å merke seg at den underlege laksedøden berre råka elvane ved Austersjøen dei første åra. Men i fjor dukka det opp laks med sår og soppinfeksjonar også i elvane på den svenske vestkysten mot Kattegat. Da er det ikkje særleg overraskande at også Enningdalselva ved Iddefjorden no er råka. Sjukdom respekterer ikkje sjøgrenser.
Utan svar
Svenske styresmakter har sjølvsagt prøvd å finne ei forklaring på laksedøden. Det har blitt teke tusenvis av prøver, det er halde konferansar, og det er skrive rapportar av fagfolk frå mellom anna Statens veterinärmedicinska anstalt, Naturvårdsverket og fleire universitet. Men ingen har funne noko eintydig svar. Om det er same sjukdom som råkar laksen i norske elvar, blir truleg jobben vanskeleg også for det norske Veterinærinstituttet. For dei svenske forskarane har enno ikkje identifisert nokon einskildsjukdom som årsak. Fisken ser ut til å få mange ulike infeksjonar og parasittar, anten det er bakteriar, virus eller sopp, og forskarane finn verken diagnose eller kur.
Ein hypotese er at laksen er svekt av miljøgifter. Austersjøen er eit av verdas mest ureina hav, og laks frå Austersjøen har så mykje PCB, dioksin og anna gift i seg at han ikkje eigentleg er eigna som menneskeføde. Barn, ungdom og yngre kvinner bør ikkje ete austersjølaks meir enn tre gonger i året, er rådet frå styresmaktene. Desse stoffa er neppe bra for helsa til laksen heller, men dei svenske studiane tyder ikkje på at miljøgifter er ei direkte forklaring på laksedøden. I alle fall er det fisk frå Torneälven som har dei høgaste nivåa av fleire kjende giftstoff, og der klarer laksen seg betre enn lenger vest og sør.
Vitaminmangel
Eitt av spora frå Sverige peikar seg likevel ut: Det er kjent at laksen i Austersjøen i periodar lir av mangel på tiamin, som òg er kjent som vitaminet B1. Den svenske biokjemikaren Lennart Balk peikar på at slik mangel fører til mange ulike lidingar, mellom anna kollaps i immunforsvaret (sjå eiga sak). Ein nyleg studie har òg vist at injeksjonar av tiamin i nygått laks i Umeälven gav markert betre overleving for mindre hofisk.
Om laksen lir av eit svekt immunforsvar, er det ikkje rart at han får mange slag infeksjonar. Og tiaminmangel blir òg trekt fram som ei mogleg delforklaring i dei svenske rapportane om laksedøden. Men forskarane meiner at dette ikkje kan vere einaste årsaka til fenomenet: Rett nok lir mykje av austersjølaksen av tiaminmangel, men tiaminnivåa i fisken samsvarer ikkje særleg godt med dødsraten i ulike vassdrag.
I tillegg er det framleis i det blå kva som er årsaka til tiaminmangelen i laksen. Er det noko gale langt nede i næringskjeda, til dømes i algane som dannar tiaminet? Er det ei miljøgift – eller fleire gifter i kombinasjon – som gjer at laksen ikkje klarer å ta til seg tiamin? Dette er det framleis berre mogleg å spekulere på, som det meste elles med laksedøden.
For norske lakseelskarar er det eit anna utriveleg spørsmål her, uavhengig av om laksedøden kjem av tiaminmangel, ein smittsam sjukdom i sjøen, ei hormonforstyrring eller noko anna: Kor langt kan denne sjuka spreie seg? Så lenge fenomenet var avgrensa til Austersjøen, verka dei norske lakseelvane trygge. No ser det ut som sjuka har nådd Skagerrak. Det har òg blitt meldt om laksar med liknande symptom i skotske og irske elvar, og eitt mogleg tilfelle i Danmark i vår.
Det finst ikkje kunnskap om kor laksen frå elvane ved Skagerrak vandrar når han er i havet, dermed er det umogleg å vite kor fisken frå Enningdalselva har blitt sjuk. Og ingen kan seie om fenomenet kan spreie seg vidare i Nordsjøen og Norskehavet. I skrivande stund kan vi berre spekulere på kva veg det ber – og vi kan håpe at denne artikkelen på sikt viser seg å vere ein falsk alarm bygd på sviktande føresetnader.
– Det som har skjedd i Enningdalselva, er noko heilt utanfor det normale.
Brit Tørud, fagansvarleg for fiskehelse ved Veterinærinstituttet