Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.
Filosofen Hannah Arendt (avbilda i 1944) - som rett nok insisterte på at ho var samfunnskritikar, ikkje filosof - er ei av ytterst få kvinner på den filosofiske kanon. Kvifor er dei så få? Foto: Fred Stein / NTB
Fred Stein
At filosofifaget historisk sett har vore mannstungt, og at bidraga frå dei få kvinnelege filosofane som fanst, ikkje får merksemd, er det stort sett semje om i dei filosofiske fagmiljøa. Derimot er det usemje om korleis fagmiljøa skal handtere denne erkjenninga. Kva har dette historiske faktumet å seie for korleis ein les filosofihistoria? Og i kva grad påverkar det utviklinga av faget i dag?
– Det er sannsynleg at den noverande underrepresentasjonen av kvinnelege bidrag til filosofien hindrar utviklinga av intellektuelle ressursar i faget, skriv filosofiprofessor Tove Pettersen i den nyleg publiserte fagartikkelen «Filosofiens kjønnsrabalder» (Nytt Norsk Tidsskrift, 1/2024).
Feil signal
Pettersen, som underviste i filosofi ved Universitetet i Oslo frå 1991 til 2019, før ho gjekk over til å undervise i tverrfaglege kjønnsemne ved same universitet, peiker på fleire trekk ved filosofifaget som både kvar for seg og saman verkar ekskluderande på kvinnelege studentar og tilsette i fagfellesskapet: ein fiendtleg pedagogikk, nedvurdering av kvinnelege bidrag, i tillegg til manglande kvinnerepresentasjon, både på pensum og i den filosofiske kanonen.
Les ein den filosofiske kanonen, der det finst nesten berre menn (unntaka er Hannah Arendt og Simone de Beauvoir), får ein fort inntrykk av at det ikkje har funnest framifrå kvinnelege filosofar dei siste 2000 åra. Den oppfatninga devaluerer kvinner som rasjonelle vesen, noko også fleire av dei kanoniske filosofane, til dømes Kant, heldt på med, meiner Pettersen. Ho legg til at det ikkje stemmer, og at det gjev feil signal til kvinnelege filosofistudentar.
Andre, som førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet Hedda Hassel Mørch, er ikkje like sikre:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.