EØS under press frå sine eigne

Roar Abrahamsen i Fellesforbundet vil ikkje forsvare EØS-avtalen lenger. Det kan vere starten på slutten for EØS-støtta i LO.

Fellesforbundet, som organiserer arbeidstakarar i industri-, bygg- og anleggsbransjen, kan kome til å gå imot EØS-avtalen på neste landsmøte.
Fellesforbundet, som organiserer arbeidstakarar i industri-, bygg- og anleggsbransjen, kan kome til å gå imot EØS-avtalen på neste landsmøte.

Over nyttår er det 25 år sidan EØS-avtalen tok til å gjelde. Det er òg snart åtte år sidan det famøse Ap-landsmøtet då 181 av 295 delegatar gjorde opprør mot leiinga, sa nei til meir liberalisering av posttenestene og EUs tredje postdirektiv og tvinga fram den fyrste norske reservasjonen mot eit EU-direktiv.

Det gjekk slik: Det kom ingen sterke motreaksjonar frå EU. Delar av EØS-avtalen vart heller ikkje sett ut av kraft, slik reservasjonsparagrafen i avtalen opnar for. EU heldt berre fram med å melde at direktivet burde innførast, til ei ny norsk regjering to år seinare trekte reservasjonen og tok direktivet inn i norsk lov. Og både før og sidan er dei fleste andre nye EU-direktiv og -forordningar med EØS-relevans gjorde til norsk lov utan liknande krumspring. Til saman 12.300 EU-rettsakter er tekne inn i norsk lov, ifølgje Utanriksdepartementet.

Til og med datalagringsdirektivet, som var avvist av andre lands domstolar, og som i ettertid er erklært ugyldig av EU-domstolen, vart i 2011 ønskt inn i norsk lovverk av fleirtalet på Stortinget. Vikarbyrådirektivet vart vedteke i 2012, trass i at LO, Unio og YS åtvara om negative konsekvensar for faste tilsette. Lovpakken for ein felles gass- og elektrisitetsmarknad med EU gjekk òg gjennom Stortinget i år, sjølv om både opposisjon og fagrørsle protesterte.

No ulmar det igjen i fagrørsla, og denne gongen er det ikkje eit direktiv eller ein lovpakke motstanden rettar seg mot. Den største avdelinga i Fellesforbundet har gått inn for å seie opp heile EØS-avtalen. Og det er ikkje sikkert det går over like stille som reservasjonen mot postdirektivet.

– Ulempene veg tyngre

Den såkalla avdeling 5 i Fellesforbundet held til i Hordaland og organiserer rundt 6200 arbeidstakarar i industrien. I tal utgjer dei berre 4 prosent av dei 140.000 medlemmene i Fellesforbundet. Men avdelinga var avgjerande for det knappe fleirtalet for EØS-avtalen under Fellesforbundets førre landsmøte i 2015.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement