Sideblikk
EØS-avtalen er ein norsk blindtarm
Utan kronisk demokratisk underskot hadde ikkje Noreg kunna markera 25 år utanfor EU.
Senterpartileiar Anne Enger Lahnstein og statsminister Gro Harlem Brundtland (Ap) i partileiardebatten på fjernsyn før folkerøystinga i 1994.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
I GÅR VAR det 25 år sidan Noreg sa nei til EU for andre gong. Resultatet av folkerøystinga 28. november 1994, same år som vi viste verda vintervegen i OL på Lillehammer, var jamt, men klart: 52,2 prosent nei, 47,8 prosent ja. Det var om lag same resultat og same veljarmønster som 25. september 1972, då det flytande objektet endra namn frå EEC til EF.
Fylka rundt Viken sa ja, resten av landet sa nei, og kraftigare nei jo lenger ut i periferien ein var. Kvinner sa nei, og menn sa ja. Det var klart nei-fleirtal mellom dei yngste og mellom LO-organiserte. Ja-prosenten auka med inntekt, utdanning og samfunnsmakt. Harselasen med at eit nei ville gjera Noreg til eit aparte land, på line med Albania, blei snudd på hovudet: «Anderledeslandet» blei eit heidersord på nei-sida.
FOLK FLEST sa nei, men den politiske og mediale eliten sa ja. Mest åtgaum vekte det at Dagbladet, som hadde vore eit kampanjeorgan for nei i 1972, bytte side. NHO skremde med at titusenvis av arbeidsplassar ville forsvinna dersom det ikkje blei ja. Statsminister Gro Harlem Brundtland åtvara om at noko frykteleg alvorleg kunne koma til å skje med Noreg dersom det blei nei. For partileiar Jagland var EU ei høgare form for politisk sivilisasjon.
Som AUF-ar i 1972 hadde Jagland vore på nei-sida, men som mange andre som hadde kome til skils år og alder, fått etablerte posisjonar og kjende seg som gode europearar mot det provinsielt norske, hadde han snudd. Nokre av dei skipa kamporganisasjonen «Fra nei til ja», og det heldt hardt for Byråsjefen å berga seg unna.
DET STORE FLEIRTALET av veljarane i sentrum og til venstre røysta nei. Arbeidarpartiet var, som vanleg, og som folket, kløyvd på midten. Framstegspartiet låg lågt og ville hels gøyma seg bort, medan Senterpartiet fekk eit kraftig oppsving.
Biletet minner om dagens politiske popularitetsbarometer. Posisjonane gjentar seg når mønsteret og mobiliseringa går på sentrum mot periferi, folket mot eliten, sentralisering og effektivisering mot spreidd busetting og desentraliserte tenester.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.