Emmanuel Macron vert fransk president søndag 14. desember. Han får eit vanskeleg landskap å manøvrere i.
Emmanuel Macron tiltrer som ny president i Frankrike 14. mai.
Foto: Christian Hartmann / Reuters / NTB scanpix
«Vandrarane» – «Les Marcheurs» – som dei vert kalla, tilhengjarane hans, lyt analysere terrenget på ny. Rørsla vert parti under namnet République En Marche, og det kan mot alle odds stå fram som noko nytt og friskt, sidan alle andre er splitta og frynsete etter denne underlegaste valkampen i fransk moderne historie.
Macron vert i norsk presse ofte framstilt i pakt med biletet motstandarane hans på ytste venstre og ytste høgre fløyer har skapt: ein nyliberalistisk finansmann utan omsut for folk flest. Men så har heller ikkje norske journalistar greie på den filosofiske inspirasjonen hans.
Røynsle
Som student arbeidde han for Paul Ricœur (1913–2005), som han hjelpte med å ferdigstille boka Historia, minnet, gløymsla (2003). Det gjorde varig inntrykk. Utgangspunktet til Ricœur var at all røynsle er omveges formidla. Alle vurderingsgrunnlaga våre kjem til oss i historisk bundne mønster, i tankeskjema andre har forma, i ein språkbruk for det meste skapt av andre og som vi er avhengige av.
Denne ufriviljuge sida ved kulturen kan samanliknast med og må fungere saman med dei ufriviljuge sidene ved biologien: trongen til mat og varme, og omsut, for den del; driftene vi prøver halde orden på; ein ikkje alltid oversiktleg psyke; sjukdom og til sist død. Midt oppe i desse elementære utfordringane må vi leve i institusjonar, i grupper, i samhandlingar vi må ta del i med ansvar.
Difor har vi ansvar for resultata av historia andre har forma før oss, for å vurdere minna, arkiva, leivningane, institusjonane, samhandlingane. Men ansvaret går vidare, og gjeld likså vel endring av vilkår som hemmar, som held evna til deltaking nede, som bind oss i det ufriviljuge. Vitskap, kunst, handverk, arbeidsliv, politikk og fyrst og sist deltaking med dei ressursar ein har – det er element som hjelper fram medvitsgjering. Vi har mange tilgangar, gjennom tekstar, språkbruk, forteljemåtar, førestellingar som formar liketil landskapet ikring oss, ja, alle dei sosiale og fysiske omstenda, miljø og samfunn.
Djupast sett er dette ein tragisk visjon: Det vi ikkje veit, har vi vondt av, for vi er fastbundne i uforstand. Det er som i tragiske drama; heltane skjønar lite før det er for seint. Om lag slik meiner Ricœur normalsituasjonen vår er. Å kome til medvit føreset hardt arbeid og forpliktande deltaking for å finne ut av kva som trengst for å takle utfordringane – og kva som står i vegen. Danna menneske ser utfordringane i augo og stikk ikkje av frå dei.
Macron hevdar sjølv at slike resonnement utgjer grunnen for livsfilosofien hans og inspirasjonskjelda for å drive politikk. Dermed er kulturelt tolkande arbeid naudsynt. Macron nektar å godta politiske og historisk forma tabu. Han insisterer på eit etisk moment i alle politiske val. Han trur det er mogleg å reise opp att gjensidig respekt som samfunnsprinsipp, så dei styrande atter ser dei styrte og gjev dei medverknadsrom.
Kynisk optimisme
Jau då, det er lov å smile. Men dette er «ein naivitet av andre orden», som Ricœur pla seie: Han føreset naken, open skildring av oppgåvene som ventar. Nei, veljarane lèt seg ikkje rive med i hovudlaus, forført begeistring. Men den siste tida har ein ny optimisme sloppe fram, og både høgre- og venstresida i tradisjonelt politisk liv ser på optimismen med motviljug undring: Går vi saman, kan vi utrette under i lag. Føresetnaden er ein kynisk optimisme: Er analysane ærlege, sjølv om dei svir, vert løysingane jamt forbetra.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vi ikkje veit, har
vi vondt av, for vi er
fastbundne i ufor-
stand.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?