JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit spørsmål om fridom

Om Assange blir stilt for retten i USA, er det ei prinsipielt svært viktig sak, meiner advokat Jon Wessel-Aas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2762
20190426
2762
20190426

Wessel-Aas er partner i Lund & Co, og har arbeidd mykje med spørsmål om medierett og ytringsfridom.

– Media er ikkje immune mot straffeforfølging i vestlege demokrati. Journalistar har ikkje lov til å bryte seg inn på kontor eller hacke datamaskiner, same kor interessant informasjon som måtte finnast der. Men pressa kan ikkje haldast ansvarleg for at ei kjelde har brote teieplikta si. Dette ein del av pressefridomen: Pressa har ikkje ansvar for kjelda sitt rettsbrot, seier Wessel-Aas.

– Om ein journalist derimot aktivt hjelper ei kjelde til å begå straffbare handlingar for å få informasjon, byrjar ein å gå over i det straffbare sjølv. Så er det eit spørsmål om Assange instruerte Manning eller hjelpte til med datainnbrot. Her veit vi lite om kva som har skjedd. Men om mediefolk gjev råd til ei kjelde om korleis ein kan unngå represaliar eller avsløring, er det ikkje straffbart.

Wessel-Aas presiserer at han ikkje har sett seg grundig inn i tiltalen mot Assange, og snakkar på prinsipielt grunnlag.

Føregangsfigurar

Jon Wessel-Aas har tidlegare forsvart verksemda til WikiLeaks heilhjarta. I 2010 skreiv han i Dagsavisen: «WikiLeaks er et av de klareste symptomene på at våre liberaldemokratiske institusjoner har sviktet», og meinte organisasjonen var ein fredspriskandidat.

– Meiner du den analysen står seg i dag, i lys av utviklinga til WikiLeaks i seinare år?

– Eg skreiv det ut frå kunnskapen min om verksemda til WikiLeaks på det tidspunktet. Kva dei har gjort sidan da, kjenner eg ikkje så godt til. Men om WikiLeaks gjorde dei tinga dei er skulda for i samband med presidentvalet i USA, er det langt utanfor det ein forbind med journalistikk. I 2010 meinte eg at Wikileaks i prinsippet dreiv med det same som media elles, men gjorde sjølve kjeldedokumenta tilgjengelege i større skala. Og i ettertid har vi sett at tradisjonell presse på mange måtar har følgt etter. WikiLeaks var føregangsfigurar, sjølv om dei gjekk lenger enn dei fleste andre.

– Er det ein fare i å gjere ein så omstridd person som Assange til frontfigur i kampen for informasjonsfridom?

– Det kan det vere, men det er òg ein fare for at pressa vender saka hans ryggen fordi Assange er den han er. Ein må halde tunga beint i munnen når dei minst sympatiske frontar viktige prinsipp. Og dette er viktige prinsipp, seier Jon Wessel-Aas.

– Er det å forsvare Assange mot utlevering til USA det same som å forsvare ytringsfridomen?

– Det kjem an på kva det er han har gjort. Om han berre har teke mot og publisert informasjon frå varslaren Manning, og ikkje medverka til innbrot, er det å forsvare Assange eit forsvar for ytringsfridomen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis