JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Eit politisk spørsmål

Om smarttelefonbruk gjer unge psykisk sjuke og svekkjer læringsevna deira, er det eit samfunnsproblem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

11234
20230818
11234
20230818

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Kommentar

peranders@dagogtid.no

Det rasar ein krig i familiar verda over, krigen om skjermtida. Striden står mellom bekymra foreldre og mobilhekta barn, og dei vaksne er på vikande front. Det er ikkje så rart. I røynda kjempar vi foreldre mot den enorme datakrafta til verdas rikaste selskap, og dei forstår hjernen til ungane våre betre langt betre enn vi gjer.

Nokre tal først: Ifølgje Norsk mediebarometer brukte norske ungar frå 9 til 12 års alder litt over to timar på mobilen dagleg i fjor. Barn frå 13 til 15 brukte mobilen fire timar dagleg, og i gruppa 16–19 år var snittet fire timar og 40 minutt kvar dag. Tala er baserte på spørjeundersøkingar, og kanskje er dei for låge, for skamvit kan føre til underrapportering. I januar fekk læraren Fredrik Øiestad stor merksemd for ei uvitskapleg undersøking blant elevane ved ein vidaregåande skule i Østfold. I snitt brukte ungdomane mobilen seks og ein halv time dagleg. Nesten to timar for dagen vart brukt på TikTok, litt mindre på Snapchat.

Denne vesle stikkprøven seier lite i seg sjølv, men andre kjelder tyder på at funna er ganske representative. Ein stor studie frå NTNU syner at 16-åringar i Trondheim i snitt er på mobilen seks timar dagleg, over ein tredjedel av den vakne tida deira.

Kamp om grenser

Vi foreldre kan gje blaffen og håpe det beste, eller vi kan prøve å halde mobilbruken til ungane nede. Mange kjempar i årevis for å utsetje kjøpet av den første smarttelefonen til barnet sitt. Men den striden er ingenting mot dei daglege kampane for å avgrense bruken når kjøpet først er gjort. Alle nokolunde teknisk kyndige kan setje tidskvotar for skjermtida til ungane. Men det løyser ikkje problemet, for også slike grenser vil vere under konstant press.

Motivasjonen for å setje grenser blir truleg svekt av at også vaksne er meir eller mindre avhengige av smarttelefonen. Det er heller ikkje triveleg å dytte dårleg samvit på ungane for at dei har blitt fanga i nettet til datagigantane. Vi kan jo håpe at ting går seg til, og at dei «digitale innfødde» finn måtar å handtere og avgrense mobilbruken sin på. Men det er 15 år sidan iPhonen vart lansert, og fint lite tyder på at dei unge blir meir måtehaldne.

Den største endringa er at appane har blitt stadig meir effektive til å hekte brukarane sine. «Målet med Facebook var aldri å sameine oss, men å distrahere oss. Målet var å sjå kor mykje av tida og merksemda di vi kunne ta», sa den tidlegare Facebook-toppen Sean Parker i 2017, og tilføydde: «Gudane må vite kva dette gjer med hjernen til ungane våre.»

I dag har få barn eller unge glede av eit tregt og teksttungt medium som Facebook. Samanlikna med TikTok, Snapchat og YouTube Shorts verkar Facebook som ei ekstra keisam utgåve av Frankfurter Allgemeine Zeitung.

Angst og depresjon

Men har eigentleg dei vaksne grunn til å vere bekymra? Kor mykje skade kan eigentleg seks timar dagleg på TikTok og Snapchat gjere? Vel, det veit vi ikkje. Ikkje sikkert, ikkje enno. Derimot veit vi at frekvensen av angst, depresjon og andre psykiske plager blant tenåringsjenter byrja å auke markert i ei rekkje land – også Noreg – kring 2012. Det var på same tid som smarttelefonar vart allemannseige og «sosiale medium» som Instagram og Snapchat slo gjennom. I 2017 hevda den amerikanske sosialpsykologen Jean M. Twenge i boka iGen at mediebruken gjorde mange jenter sjuke, kanskje gjennom den konstante samanlikninga og speglinga av utsjånad som appane inviterer til.

Studiane til Twenge tyder på at problemet ikkje er skjermtid generelt, men intensiv bruk av visse typar sosiale medium. I ein studie i fjor konkluderte ho med at jenter som brukar såkalla sosiale medium fleire timar dagleg, har to til tre gonger så stor fare for å bli deprimerte som andre unge.

Slett ikkje alle forskarar på feltet er samde i dette. Årsakssamanhengen mellom bruk av «sosiale medium» og psykiske lidingar er langt frå sikker. Forskingsresultata sprikjer mykje, både i Noreg og i andre land. Så er spørsmålet korleis ein skal handtere den uvissa. Vivek Murthy, den føderale helsesjefen i USA, meiner vi bør bruke føre var-prinsippet. I mai la han fram ein rapport som hevda at «sosiale medium utgjer ein alvorleg risiko for den psykiske helsa til barn og unge», og Murthy tok mellom anna til orde for strengare handheving av aldersgrensene for appane.

Tapt lesing

Smarttelefonane kan påverke langt meir enn psykisk helse. Om seks timar i døgnet går med til å sjå på mobilen, blir det mindre tid til alt anna – til dømes lesing. Sidan 2016 har barn og unge i Noreg lese stadig mindre, dei fortel om mindre leseglede, og dei les dårlegare enn før. Og dette får følgjer vidare i utdanningsløpet. Frå universitet både i Noreg og i andre land blir det rapportert at studentane strevar meir enn før med å lese komplekse, lange tekstar.

Det er i så fall alvorleg. Lesing er framleis den viktigaste måten å tileigne seg teoretisk kunnskap på. Om barn, ungdomar og unge vaksne blir dårlegare til å lære og mindre uthaldande til å løyse kompliserte oppgåver, kjem det til å gjere samfunnet vårt fattigare på meir enn éin måte.

Er dette smarttelefonane si skuld? Den samanhengen er heller ikkje lett å prove heilt sikkert. Men det er svært plausibelt at ein kontinuerleg straum av sterke, visuelle inntrykk i fleire timar dagleg svekkjer evna til å halde fokus på ein tekst eller ei krevjande matematikkoppgåve. Konsentrasjonsevne ser ut til å bli ein stadig knappare ressurs, noko mange vaksne òg kan skrive under på.

Einsam kamp

Debatten om skadeverknadene av smarttelefonane er langt større enn denne artikkelen kan drøfte. Men lat oss no seie at pessimistane og forskarane med dei dystre konklusjonane har rett: at dei såkalla sosiale media faktisk fører til psykiske vanskar for mange ungdomar. Og lat oss seie at overdriven smarttelefonbruk svekkjer evna til konsentrasjon og læring, noko det finst betre dokumentasjon for. I så fall er det snakk om eit stort samfunnsproblem. Men det er ikkje slik det blir handtert no.

Status i dag er at urolege foreldre – og ungdomar som ønskjer å redusere mobilbruken sin – kjempar einsame forsvarskampar mot industrien som lagar dei stadig meir effektive algoritmane. Så kva kan vi gjere?

Mobilfri

Vi kan starte med eit tilsynelatande enkelt tiltak, nemleg mobilfrie skular. Politikarane i Noreg vegrar seg for å innføre eit nasjonalt pålegg om dette, og meiner det er noko rektorane skal avgjere sjølve. Juristar har hevda at mobilforbod i skulen er eit menneskerettsbrot. Leiaren for utdanning og forsking i NHO-forbundet Abelia hevda i Aftenposten at eit forbod var å «stikke hodet i sanden»: Lærarane burde heller bruke mobilane aktivt i timane og lære elevane «digital dannelse».

Kan hende kjem denne debatten om nokre år til å sjå like rar ut som debatten om bilbelte på 1970-talet. Ei rekkje land har alt innført ulike typar mobilforbod i grunnskulen. Frankrike gjorde det i 2018, Italia gjorde det i fjor, Nederland innfører det neste år. I sommar sende Unesco, FN-organisasjonen for utdanning, vitskap og kultur, ut ei oppmoding om å forby smarttelefonar i klasseromma. Oppmodinga var bygd på forsking som klart viser at mobilar i klasserommet påverkar læringa negativt: Berre det å ha telefonen liggjande på pulten er nok til å svekkje konsentrasjonen for elevane.

Sjølv om politikarar i Noreg vegrar seg for eit nasjonal forbod, er det i praksis mobilnekt i dei fleste norske klasserom òg. Ei kartlegging NRK gjorde i 2019, synte at fire av fem rektorar hadde ulike variantar av mobilforbod ved skulane sine. Eit nasjonalt pålegg ville såleis berre stadfeste det som alt er utbreidd praksis.

Aldersgrense

Så langt skulen. Men kva med resten av livet til ungane? Ein ting er sikker: Dagens aldersgrenser for dei mest vanedannande appane fungerer ikkje. Nesten halvparten av norske niåringar og 56 prosent av tiåringane brukar såkalla sosiale medium som TikTok og Snapchat, ifølgje Medietilsynet, trass i at den offisielle aldersgrensa er 13 år.

Studiane til Jean M. Twenge tyder på at jenter ved inngangen til tenåra er mest sårbare for påverknaden frå dei sosiale media. Stemmer det, er det ikkje urimeleg å avgrense tilgangen til slike medium for den aldersgruppa. Om selskapa bak dei «sosiale appane» blir pålagde å heve aldersgrensa til 16 år, og om brukarane må nytte bank-ID eller liknande digital identifikasjon for å kunne registrere seg, kan det ha effekt. Men det krev ei langt strengare regulering av den digitale verda.

Strengt i Kina

Eit argument mot slik registrering er at stadig nye appar kan erobre tomrommet dersom ungane ikkje får tilgang til dei mest populære «sosiale media». Men det finst òg andre måtar å setje grenser på. Den statlege internettstyresmakta i Kina la nyleg fram planar for ei langt strengare regulering av smarttelefonbruken til barn og unge. Forslaget inneber at mobilbrukarar mellom åtte og 16 år blir avgrensa til ein time med nettilgang dagleg, medan brukarar frå 16 til 18 år skal få to timar dagleg. Barn under åtte år får berre åtte minutt.

Slikt lèt seg ikkje innføre berre med formaningar og formelle reglar. Det kinesiske forslaget inneber at sjølve telefonane, operativsystema, appane og appbutikkane blir pålagde å lage ein eigen modus for mindreårige. Slik blir det mogleg å setje tekniske grenser for mobilbruken. Forslaget om dei nye reguleringane er ute på høyring, og er alt anna enn populært i dei store kinesiske teknologiselskapa: Aksjekursane deira fall så snart nyhendet kom. Men det er ikkje utenkjeleg at dette blir gjennomført. For to år sidan var kinesiske styresmakter uroa av at mange unge var avhengige av dataspel, og innførte ein kvote på tre timar onlinespeling i veka for kvar brukar. Den kinesiske varianten av TikTok har allereie ei innebygd avgrensing på 40 minutt dagleg per brukar.

Kva om?

Det er mykje stygt å seie om den kinesiske kontrollen med internettet, media og samfunnet elles. I eit diktatur kan ein gjere mange ting som er heilt uakseptable i liberale demokrati. Og delar av argumentasjonen for reguleringa av mobilbruken i Kina er gammalmodig og tragikomisk, til dømes å fremje «god moral og sosialistiske verdiar» blant mindreårige. Men dei kinesiske forslaga er ei påminning om at det teknisk sett er mogleg å avgrense smarttelefonbruken – om ein vil.

Mange – også ein god del forskarar på feltet – meiner at frykta for smarttelefonane er sterkt overdriven, og at ordskiftet er prega av moralsk panikk. Vonleg har dei rett. Men kva om forskinga etter kvart dokumenterer at skadeverknadene av smarttelefonbruk og «sosiale medium» er verkeleg store, anten det gjeld psykisk helse, læringsevne eller andre dyrebare delar av livet til dei unge? I så fall er det fullt mogleg å sjå for seg tiltak som liknar dei kinesiske forslaga, også i vestlege land.

Det som er sikkert, er at smarttelefonane og appane deira er sterkt vanedannande. Det er urimeleg å vente at barn og ungdom skal klare å avgrense bruken med rein viljestyrke. Så lenge nokre av verdas største selskap tener kolossalt mykje pengar på å halde dei avhengige, er det ein urettvis kamp. Den kan ikkje ungane vinne på eiga hand.

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh
Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro
Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis