JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein pessimistisk
terrorforskar

Thomas Hegghammer er kan henda Europas fremste terrorforskar.
Han har inga tru på at den islamske terrorfaren forsvinn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thomas Hegghammer.

Thomas Hegghammer.

Foto: Christian Vinculado Tandberg / FFI

14125
20170609
14125
20170609

Terror

jon@dagogtid.no

Thomas Hegghammer er eit namn ein stadig vekk støyter på når ein les om islam, den arabiske verda og terror. Vi gidd ikkje ramsa opp for mykje av CV-en hans. Det held å seia at Penguin har bede han om å skriva bok om historia til jihadismen. Boka kjem neste år. Dessutan er han ikkje svensk; han er norsk, frå Narvik, og arbeider ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) når han ikkje føreles i USA eller vitnar for det britiske parlamentet eller den amerikanske kongressen. Men fyrst og fremst er han irritert. Til slutt i intervjuet stiller eg det vanlege spørsmålet eg alltid stiller i intervju, om det er noko han ikkje har fått sagt. Dei fleste intervjuobjekt svarer nei, ikkje Hegghammer.

– Ja, det er noko eg ikkje har fått sagt. Det er så mange mytar om terror. Den myten som nok irriterer meg mest, er at vi no har så mykje mindre terror enn før i tida. Underforstått: Statane reagerer altfor kraftig i kampen mot terror. Men grunnen til at vi ser mindre terror, er nett at statane gjer så mykje. Det var kort og godt enklare å driva med terror før. Om vi ser på statistikken, syner det seg at åtaka i 1970- og 80-åra i hovudsak fann stad i Nord-Irland og Spania og var knytte til nasjonalisme. Likevel er det mange som seier at terroren skjedde i Europa som heilskap. Men det var ingen i Noreg eller Danmark som gjekk rundt og var redde for terror frå IRA eller ETA.

Tidlegare var ei av dei store årsakene til terror bombing eller kapring av fly. Om vi ser på dei 13 største terroråtaka i fredstid i Europa, fann sju av dei stad før 2001. Med eitt unnatak var dei alle knytte til fly, forklarar Hegghammer.

– Om vi byrjar i 1990, då det nesten hadde vorte umogleg å nytta fly til terroraksjonar i Europa, har fem av dei seks mest dødelege åtaka vore gjennomførte av jihadistar. Om det i dag hadde vore like lett som i 1980-åra å nytta fly til terror, kan eg lova deg at IS og Al Qaida hadde gjort nett det. Det er ikkje slik at terrorfaren er minkande og at det er færre som vil drepa oss, det er kontraterroren som har vorte så mykje betre.

Jihadistar kan islam

Ein annan myte som irriterer Hegghammer nesten like som myten om at det har vorte mindre terror, er påstanden om at muslimske terroristar ikkje veit noko om islam.

– Empirien syner at ein stor del av jihadistane går gjennom ein fase der dei ferdast i religiøse og konservative, men ikkjevaldelege moskear og miljø før dei så vert tiltrekte av valdelege miljø. Lat meg seia dette heilt klart: Mange av jihadistane veit mykje om islam, men tolkar religionen ekstremt. Påstanden om at terroristane går direkte frå å vera hasjrøykande kriminelle til å verta jihadistar, er berre ikkje rett.

Noreg har sendt sin del krigarar til Syria, Irak og andre land. Den mest illgjetne av desse var Hassan Abdi Dhuhulow, som i september 2013 var med på å drepa 67 menneske i kjøpesenteret Westgate i Nairobi. I seinare tid har denne eksporten langt på veg gått i stå. Politiet har arrestert mange av krigarane som har kome heim att til Noreg og fått dei fengsla. Like før påske vart den meste aktive rekrutteringsagenten, Ubaydullah Hussain, dømd til ni år i fengsel.

– PST, som ser ut til å ha stogga eksporten frå Noreg, er tilsynelatande usamd med deg. Etterretningstenesta hevder at moskeane ikkje er rekrutteringssentralar?

– Problemet er at debatten så lett vert binær: Anten skal moskeane ha all skuld, eller så skal dei verta fullstendig reinvaska. Røyndomen er ikkje binær. Etter 11. september fjerna vi her i Europa dei militante moskeane, dei vart lågthengjande frukter. Samstundes er det ingen tvil om at ein del av moskeane er konservative, og at radikale islamistar ein gong imellom går i moskeen for å be. Sjølv om leiinga i moskeen ikkje er militant, kan visse moskear godt vera møtestad for personar som er i faresona. Men eg ser likevel kvifor ulike tryggingstenester rundt omkring i Europa seier at moskeane ikkje driv aktiv rekruttering. Det er nok av dei som trur at moskeane er treningsleirar for terroristar. Det er dei så vidt vi veit, ikkje.

Byrja med lingvistikk

Det finst òg mytar om Hegghammer og kor ung han var då han byrja å læra seg arabisk og interessere seg for terror. Ein kjenning av underskrivne som har vore tilsett i den militære etterretninga, hevdar at Hegghammer føreleste for dei då han enno var tenåring, og at han alt på det tidspunktet var ph.d.-student hjå den store autoriteten på militant islam, Gilles Kepel ved Sciences Po i Paris.

– Ja, eg har høyrt mange påstandar om kor ung eg har vore på ulike tidspunkt, men eg var ikkje ung då eg byrja ved FFI, eg var 24. Men eg har alltid sett mykje yngre ut enn det eg er. Ja, det heile starta i Frankrike og med lingvistikk, som eg alltid har lese. Eg tok gymnaset i Frankrike, og då eg byrja der, tilbaud dei gresk og latin, som eg straks kryssa av for. Dimed vart eg interessert i antikken, og eg fann ut at eg vil studera ved Oxford eller Cambridge. Eg innsåg òg at eg ikkje kunne konkurrera i klassisismen med kostskulegutar som hadde hatt faget sidan dei var sju år. Då eg søkte meg inn på Oxford, valde eg difor egyptologi og gamalhebraisk, for der visste eg at vi alle byrja på like fot. Så fekk eg plass på Balliol College der også Harald og co. gjekk.

Her snakkar Hegghammer om kongane våre. Men korkje Harald eller Olav var kjende for å vera ivrige på å melda seg opp til eksamen. Det var derimot Hegghammer, som sjølvsagt fekk ein «first» og lærte seg arabisk. Medan han var i Oxford, fann han ut at han ville læra seg alt om den moderne arabiske verda.

– Men terror var ikkje på radaren. Eg fekk lyst til å venda heim. Den våren eg var ferdig med masteren, som eg òg tok ved Balliol, ringde eg rundt til alle norske miljø som forska på Midtausten for å få meg noko å gjera. Ingen hadde noka stilling til meg, men FFIs Brynjar Lia (leiar for forsvarets terrorforsking – TERRA-prosjeket – frå 1999 til 2011, red. merk.) gav meg ein praksisplass.

– Men fyrst skulle du avtena verneplikta?

– Vel …

– Sit du her og seier at du vart tilsett i Forsvaret utan å ha gjennomført militærteneste?

– Ja … Forsvaret kalla meg rett nok inn etter at eg hadde byrja ved FFI. Eg skreiv eit svarbrev der eg ymta frampå om at det truleg var til større gagn for Forsvaret at eg arbeidde som forskar enn som rekrutt. Det var dei visst samde i.

I alle høve: Det var rein slump som gjorde at Hegghammer enda i terrorbransjen. Å skaffa seg eit like stort namn i egyptologien hadde nok ikkje vore fullt så enkelt.

– Sumaren 2001 sat eg og skreiv på ein rapport om kva verknad fredsoperasjonar hadde på terror: «Kva skjer om landet ditt er med på ein fredsoperasjon i Libanon, Kosovo eller liknande. Får du då terroren heim på trappa?» Kapittelet mitt handla om Golfkrigen, og eg kom inn på bin Laden og nettverket hans. Konklusjonen min var at han var ein biverknad av Golfkrigen. Eg arbeidde med denne teksta i august, utan at det fall meg inn at ho var særleg viktig. Eg meinte at eg skreiv om nokre perifere tullingar langt borte i Afghanistan.

Så vart rapporten på engelsk lagd ut på internett, og så kom 11. september. I Oslo sat ein ung mann og kunne svara på spørsmål frå internasjonal presse om bin Laden. Hegghammer som i tida i Oxford hadde hatt éi førelesing om jihadisme, vart på få år ein av verdas førande forskarar på islamsk terror.

– Alt eg har halde på med dei siste 16 åra, er ein direkte konsekvens av bin Laden og 11. september.

Men arabisk terrorisme hadde FFI halde på med i to år før 11. september, og då vert spørsmålet kvifor nett dette vesle, norske miljøet vart verdsleiande. Hovudgrunnen til suksessen, seier Hegghammer, er den herskande politisk korrekte haldninga i vestlege akademiske miljø.

– Nesten alle vestlege land har vore og er stadig plaga av konflikten mellom dei som kan, men ikkje vil, og dei som vil, men ikkje kan. På den eine sida har vi folk som er ekspertar på regionen og kjenner språka, historia og kulturen, men som er så venstreorienterte at dei nektar å taka i den type spørsmål. På den andre sida har vi desse som er interesserte i tryggingsspørsmål, men som manglar språkkunnskapen og den kulturelle kompetansen. I Noreg og særleg ved FFI har vi av ein eller annan grunn ikkje hatt denne konflikten, og FFI har hamna i midten internasjonalt i den forstand at vi kan båe delar.

I Forsvaret innsåg dei at Hegghammer var eit talent; dei gav han pengar til ein doktorgrad, som han altså gjennomførte i Frankrike.

– Eg var aldri i tvil om at eg ville ha Kepel som rettleiar. Han var den klart største på området, og hadde nett gjeve ut boka Jihad.

Då Mekka vart okkupert

Ein stor del av arbeida til Hegghammer dreier seg om Saudi-Arabia, og han har mellom anna samla inn det som truleg er det største kjeldematerialet om åtaket på og okkupasjonen av stormoskeen i Mekka i 1979, men hovudverket hans handlar om den saudiarabiske eksporten av jihad. Saudi-Arabia lèt berre framande kome inn i landet om dei handlar med olje eller skal på pilegrimsferd, men Kepel kjende prins Turki al-Faisal (nei, ikkje den prins Turki som vart halshoggen i haust), og fekk dimed reise relativt fritt i landet.

– Så kva er svaret? Driv den saudiske kongefamilien eksport av jihad, wahabisme og terror med fullt overlegg?

– Med tida har svaret vorte temmeleg konvensjonelt, og det kan kortast ned til at Saudi-Arabia har hatt eit ualminneleg stor jihadismiljø av di staten oppmoda om det, men det gjorde staten berre inntil han sjølv vart råka av terroren i 2003. Eg har gjeve tilskot til betre og meir detaljerte opplysningar om dette emnet, men mitt hovudtilskot til forskingsfronten er ein forståingsmodell som eg har valt å kalla panislamisme. Panislamismen er særmerkt saudiarabisk, men meir transnasjonal, og han byggjer på …

Her skal lesarane få høve til gissa svaret før neste line:

… offermentalitet og at ummaen er eitt folk. Heile verda er ute etter å drepa og audmjuka muslimar. Difor må alle muslimar stå saman og kjempa ned og drepa alle ytre fiendar.

– Det er med andre ord ein negasjon av Nassers sekulære panarabisme?

– Ja, men med ein djupare historisk klang. Panislamismen minner òg om panarabismen i den forstand at han også er ein slags nasjonalisme. Ideen er at «vi er eitt folk, vi har eit territorium som høyrer til oss. Når vi vert truga, må vi stå saman».

– Kvifor voks denne ideen fram i slutten av 1970-åra?

– I Saudi-Arabia hadde dei nådd ein kritisk masse av organisasjonar og internasjonale NGO-ar. I 1960- og 1970-åra hadde mange medlemar av Den muslimske brorskapen flykta frå særleg Syria og Egypt, og det var ei opphoping av aktivistar i Hejaz-regionen i Saudi-Arabia. Dei var engasjerte og innstilte på å gjera noko, men samstundes var dei stengde ute frå den heimlege politiske arenaen og frå den saudiske politikken som gjekk føre seg i Riyadh, som var insulær og styrt av kongefamilien. Då var det berre to arenaer att: skular og utdaningsinstitusjonar, i tillegg til internasjonale organisasjonar som World Muslim League og alle hjelpeorganisasjonane som kongefamilien hadde råd til å finansiera. Aktivistane hadde ikkje anna val enn å verta transnasjonale og forfekta ein internasjonal idé.

Overalt såg aktivistane krig, hungersnaud og undertrykking, og overalt var det muslimane som fekk svi.

– Dei gav ut ei rekkje tidsskrift på ulike språk. Dei handla stort sett om det same: kor vondt muslimar hadde det og kor fælt ikkje-muslimar oppførte seg mot dei. Eg meiner at denne oppfatninga var spesifikk for dette miljøet og ikkje for den saudiske kongefamilien og wahabistane. Det var med andre ord ikkje staten som tvinga denne ideologien på omverda, men derimot det internasjonale aktivistmiljøet som kongefamilien lét veksa fram.

Ni år i Narvik

Resten av soga er velkjend, så lat oss snakka om noko kjekkare.

– Kor kjem interessa di for språk frå? Dyktige gutar skal då som regel vera gode med tal?

– Ja, og eg likte også godt matematikk, men eg synest at alle typar dekoding og detektivarbeid er kjekt. Eg lærte å lesa og skriva tidleg. Då eg gjekk i barnehagen, skreiv og teikna eg av alle bøkene der. Men det vert verre. Då eg byrja i skulen, vart eg interessert i slektsforsking. Det er noko underleg over ein ni år gamal gut som sit på kommunebiblioteket i Narvik og blar i kyrkjebøkene på mikrofilm.

Her gjer Hegghammer den klassiske fingerrørsla som alle som har arbeidd med mikrofilm, kjenner.

– Det var i grunnen nokså utviklande. Eg var nøydd til å læra meg gotisk for å kunna avkoda bøkene. Og ja, eg er klar over at dette gav kraftige utslag på nerdeskalaen.

– Fann du mykje sameblod?

– Det snakkar vi ikkje om! Men for å vera alvorleg, så hende det at desse tre bokstavane berre dukka opp ved sida av namnet på ein forfar: «LAP». Eg vil òg få understreka at eg høyrer til den same slekta som skapte Noregs fyrste landskapsmålar, Elias Fiigenschoug. Det vert ikkje meir fancy enn det!

Kva meiner Hegghammer om det framtidige europeiske landsskapet? Det kan ein lesa om i artikkelen The Future of Jihadisme in Europe: A Pessimistic View. Der skriv han om kva som vil henda om vi ikkje maktar å utrydda terroren nokså snøgt: Framtida vert då «eit Europa med mykje større etterretningstenester, ei isolert og forskansa muslimsk økonomisk underklasse og stadig sterkare antimuslimske straumar». Artikkelen ligg på heimesida hans.

– Eg kan nesten ikkje sjå noko lys i enden av tunnelen. Jihadismen hentar næring frå konfliktar i den muslimske verda, og det sluttar ikkje. I alle høve ikkje i mi levetid, spår han.

Intervjuet har tidlegare vore trykt i danske Weekendavisen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Saudi-Arabia har hatt eit ualminneleg stort jihadismiljø av di staten oppmoda om det, men berre inntil staten sjølv vart råka.

– Den våren eg var ferdig med masteren, som eg òg tok ved Balliol, ringde eg rundt til alle norske miljø som forska på Midtausten for å få meg noko å gjera.

Hegghammer som i tida i Oxford hadde hatt éi førelesing om jihadisme, vart på få år ein av verdas førande forskarar på islamsk terror.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis