Ein paradehær på villspor

Dei russiske soldatane kan paradera. Heldigvis har dei synt seg mykje dårlegare til å kriga.

Russiske soldatar i 9. mai-paraden på Den raude plassen i år.
Russiske soldatar i 9. mai-paraden på Den raude plassen i år.
Publisert

Det vanta ikkje på presisjon, nystrokne uniformer, presise ordrar og høge hurrarop under paraden på Den raude plassen i Moskva måndag denne veka. Skulle ein døma etter det inntrykket ein fekk der, er den russiske armeen ein saumlaus mekanisme som kan setjast inn i alle krigar og hausta laurbær for den russiske staten.

Så går det altså føre seg – samstundes som dei paraderer i Moskva sentrum – ein open krig i Ukraina. Der har den russiske hæren gjort om lag alle feila og tabbane som det er mogleg å gjera. Både strategisk og taktisk står det pågåande felttoget til no fram som ein fiasko. Om ein skal vera litt slem, kan ein seia at alle dei fordomane som ein kunne ha mot Russland og den russiske staten, er blitt stadfesta bortimot kvar einaste dag sidan Putin-regimet sette i verk invasjonen 24. februar.

Langt meir samla

Det aller fyrste som slo feil, var at president Vladimir Putin og krinsen hans i Kreml sat fast i sine eigne førestillingar om Ukraina: Dei var overtydde om at Ukraina framleis var ein djupt splitta stat med eit nesten ikkje-eksisterande militært forsvar. Dette var rett i 2014: Då var den ukrainske statsleiinga lamma, og den ukrainske hæren hadde knapt meir enn 6000 kampklare mann under våpen.

No, åtte år seinare, var det ukrainske folket langt meir samla. Statsleiinga var i hendene på ein dynamisk president på 44 år, og hæren hadde ein kampstyrke på 150.000 mann. Og USA og fleire Nato land – inklusive Noreg – har i fleire år vore aktive i Ukraina med opplæring og oppbygging av militær kampkraft.

Denne informasjonen ser ikkje ut til å ha nådd fram til Putin, så utruleg det enn høyrast ut. Ettersom det òg ser ut til at Putin berre trekte inn nokre få personar i avgjerda om å invadera Ukraina, var det truleg berre nokre få – og feilinformerte – menn som la invasjonsplanane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement