JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein temmeleg
oppskrytt bjørn

Dei konvensjonelle styrkane til Russland er langt svakare enn Nato-landa sine, sjølv om vi held USA utanfor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russiske soldatar tøyer ut på Den raude plassen i Moskva under ei markering av sigeren over Tyskland i andre verdskrigen. Den russiske hæren har styrkt seg det siste tiåret, men er langt svakare enn dei samle styrkane til Nato-landa.

Foto: Yuri Kochetkov / Pool / Reuters / NTB scanpix

8909
20170609

Russisk rusting

Sidan 2008 har Russland satsa stort på å ruste opp forsvaret

Militæret har gått gjennom ei stor modernisering

Framleis er dei konvensjonelle russiske styrkane langt svakare enn Nato

EU-landa brukar til saman over fire gonger så mykje som Russland på forsvar

Storbritannia åleine har eit større forsvarsbudsjett enn Russland

FORSVAR

peranders@dagogtid.no

For tida verkar det som om den kalde krigen er attende. Tilliten mellom Russland og Vesten er på eit lågmål. Under Vladimir Putin har Russland rusta kraftig opp, og landet har dei siste åra blitt ein langt meir aggressiv aktør på verdsscena. Russiske styrkar annekterte Krim i 2014, og den russiske hæren hjelper separatistane i Aust-Ukraina med å halde krigen deira gåande. I Syria har det russiske flyvåpenet bomba opprørarar sidan sommaren 2015, og har lukkast med å berge regimet til Assad. Russland opptrer igjen som ei supermakt med internasjonale ambisjonar, og det er uvant for oss.

Eit trugsmål?

Kombinasjonen av eit kaldt politisk klima og eit militært sterkare og meir aggressivt Russland vekkjer uro i mange land, også i Noreg. Og den russiske opprustinga gjev gode argument til dei som vil styrkje forsvaret: Russland blir gong på gong halde fram som ein fare for Vesten. «Russland er det største trugsmålet mot den nasjonale tryggleiken vår», sa Joseph Dunford, øvstkommanderande for dei væpna styrkane i USA i 2016. «Russlands økte militære evne og maktbruk utgjør den mest sentrale endringen i Norges sikkerhetspolitiske omgivelser siden forrige langtidsplan», heitte det i den norske langtidsplanen for forsvaret i fjor.

Opprusting

Uroa i Europa har ikkje blitt mindre av at president Trump har sådd tvil om USA vil stå ved artikkel 5 i Nato-pakta, som forpliktar alle medlemsland til å stille opp militært dersom ein Nato-medlem blir angripen. Bør vi vesteuropearar frykte Russland no? Svaret på spørsmålet avheng mellom anna av kor sterkt det russiske militæret eigentleg er.

At Russland har rusta kraftig opp det siste tiåret, er heva over tvil. Landet brukar kring fem prosent av BNP på militæret sitt, og det er mykje. Til samanlikning brukar Noreg 1,4 prosent av BNP på Forsvaret, noko som faktisk er ganske høgt i Nato-målestokk. Det årlege forsvarsbudsjettet til Russland er nesten dobla det siste tiåret, og det russiske militæret har gått gjennom ei omfattande modernisering.

Ingen konkurranse

Men framleis er dei russiske styrkane klart underlegne Nato-styrkane. Unnataket er atomvåpena, eit felt der Russland og USA er om lag jamsterke. Men sidan båe land har meir enn nok atomvåpen til å øydeleggje den menneskelege sivilisasjonen, er desse våpena i praksis nesten umoglege å bruke.

Difor er det meir relevant å samanlikne dei konvensjonelle styrkane til Russland og Nato. Og om USA er med i reknestykket, er det knapt ein reell konkurranse, meiner Tor Bukkvoll. Han er sjefsforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt, med Russland som spesialfelt.

– Det russiske forsvaret har styrkt seg sidan 2008. Men dei konvensjonelle styrkane til USA er uendeleg mykje sterkare enn dei russiske, slår Bukkvoll fast.

LANGT BAK EU

Eit enkelt oversyn over forsvarsutgifter underbyggjer dette. Ifølgje forsvarstidsskriftet Jane’s var det russiske forsvarsbudsjettet i fjor på kring 51 milliardar dollar. Forsvarsbudsjettet til USA var på 622 milliardar dollar – over tolv gonger så stort som det russiske.

Men også om vi samanliknar med militærutgiftene i EU, verkar Russland mindre skremmande. Dei samla forsvarsbudsjetta til EU var 219 milliardar dollar i fjor, i følgje Jane’s – over fire gonger så mykje som Russland. Og Storbritannia åleine hadde i fjor eit større forsvarsbudsjett enn Russland, 54 milliardar dollar.

Russland manglar rett og slett dei økonomiske føresetnadene til å konkurrere med Nato når det gjeld konvensjonelle styrkar, sjølv om vi held USA utanfor. Dei europeiske Nato-landa har til saman meir enn tre gonger så mange innbyggjarar som Russland og tolv gonger så stort BNP. Italia åleine har eit langt større bruttonasjonalprodukt enn Russland.

Når ein tek omsyn til det kolossale landområdet til Russland, som er fire gonger større enn heile EU, verkar ikkje den russiske militærsatsinga så ekstrem. Om ein ser defensivt på verda frå Moskva, har russarane eit stort territorium å forsvare.

Langt svakare

– Også om vi samanliknar Russland berre med dei samla styrkane til Nato-landa i Europa, er Russland klart svakare militært, meiner Bukkvoll, som rett nok tek eit atterhald her:

– Dersom EU-landa slo saman styrkane sine under éin kommando, ville EU vere overveldande mykje sterkare militært enn Russland. Men det finst ingen slik felles kommando. Det er mange ulike nasjonale forsvar, dei har trena lite saman, og dei har til dels ulike tekniske løysingar. Å setje saman ein styrke frå mange land tek tid, medan den russiske hæren kan handle mykje raskare.

Forsvarsutgifter fortel ikkje alt om militær styrke. Sjølv om Russlands hær er mindre enn han var før, er han framleis den klart største i Europa, med kring 850.000 soldatar og to millionar reservistar, ifølgje britiske International institute of strategic studies. Men dei samla styrkane til EU-landa er på kring 1,4 millionar mann, ifølgje Det europeiske forsvarsbyrået (EDA). Og USA har på si side ein hær på kring 1,5 millionar i aktiv teneste.

Dyre vogner

Teknisk ligg den russiske hæren framleis eit godt stykke bak Nato-styrkane på dei fleste felt, trass i ei omfattande modernisering det siste tiåret.

Og her kjem økonomien inn att: Avansert militærutstyr er noko av det dyraste ein kan lage. Den nyutvikla russiske panservogna T-14 skal til dømes vere langt betre enn T-90-modellen frå 1990-åra. Men den nye panservogna er langt dyrare å produsere, og det er usikkert kor mange T-14 Russland har råd til.

– Det går føre seg ein debatt om dette i Russland. Mange kavalerioffiserar ønskjer visstnok å satse vidare på T-90, fordi dei kan få mange fleire av dei for same beløp, seier Bukkvoll.

Svak marine

Den russiske marinen verkar spesielt svak samanlikna med USA og resten av Nato. Sovjetunionen prøvde i si tid å utfordre USA på verdshava, men det meste av dagens russiske flåte er gammal. Det såg saktens imponerande ut da Russland sende ein militærkonvoi med hangarskipet «Admiral Kuznetsov» gjennom den engelske kanalen og ned til Middelhavet i fjor. Men dette er det einaste hangarskipet til Russland. Frankrike har fire hangarskip, USA har 19. Det viktigaste våpenet til den russiske marinen er framleis ubåtane.

Det russiske luftvåpenet har derimot vist seg sterkare enn venta i krigen i Syria, meiner Bukkvoll.

– Vi visste at russarane lagar ganske gode jagarfly. Men mange analytikarar tvilte på at det russiske flyvåpenet var i stand til å operere så langt borte, og det har dei klart. På andre sida har Syria-krigen strekt ressursane til russarane, og dei er neppe i stand til å drive to slike operasjonar samtidig.

Presisjonsvåpen

Det er likevel vanskeleg å vurdere styrken til det russiske flyvåpenet ut frå Syria-krigen, sidan dei her kjempar mot motstandarar som ikkje har jagarfly eller effektivt luftvernskyts. Men Syria-krigen har i tillegg vist at russarane har fått langt betre presisjonsvåpen enn før, påpeikar Bukkvoll.

– På det feltet har russarane lenge vore i bakleksa, men no har dei kome etter. Bruken av kryssarrakettar frå skip mot mål i Syria var noko av eit gjennombrot. Vi ser òg at denne utviklinga har blitt ein del av den norske forsvarsdebatten.

Grenser for vekst

Likevel: Sjølv om det russiske militæret har blitt vesentleg sterkare det siste tiåret, og trass i tekniske framsteg, er dei konvensjonelle styrkane til Russland framleis langt svakare enn styrkane til Nato-landa i Europa. Og Noreg har framleis lite å frykte frå naboen i aust, skal vi tru langtidsplanen for Forsvaret: «Russland utgjør i dag ikke en militær trussel mot Norge», heiter det der.

Økonomien kjem til å setje grenser for ei vidare russisk opprusting, meiner Bukkvoll.

– Veksten i russisk økonomi har i stor grad vore driven av oljeprisen, og har stagnert dei siste åra. Og om du skal vekse militært, må du ha økonomisk vekst. I 2016 vedtok Russland for første gong sidan 2009 å kutte i forsvarsbudsjettet. Dette vart rett nok plussa litt på i revidert budsjett, men det ser ut til at Russland no er nær eit tak i militærutgiftene sine.

Russland har allereie varsla kutt i forsvarsbudsjettet for 2017, og det vil truleg vere bra for landet. Dei samla utgiftene til forsvar, politi, etterretning og andre tryggingstenester utgjer truleg kring ein tredjedel av statsbudsjettet – ti gonger så mykje som utgiftene til utdanning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forsvarsbudsjettet til USA var i fjor på 622

milliardar dollar – over tolv gonger så stort

som det russiske.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis