Ei krise utan like

Det israelske demokratiet har rotna på rot, meiner Hilde Henriksen Waage.

Demonstrasjonane mot rettsreforma til Netanyahu-regjeringa er dei største landet har sett. Biletet er frå ein demonstrasjon i Jerusalem 27. mars.
Demonstrasjonane mot rettsreforma til Netanyahu-regjeringa er dei største landet har sett. Biletet er frå ein demonstrasjon i Jerusalem 27. mars.
Publisert

Israelsk politikk er ofte kaotisk, men striden no har landet aldri sett maken til. Koalisjonsregjeringa til Benjamin Netanyahu vil ha meir politisk kontroll med domstolane, og hundretusenvis har gått ut i gatene for å protestere.

–?Bakgrunnen er at Israel sidan november har hatt den mest høgreorienterte, populistiske og ytterleggåande regjeringa si nokosinne, seier Hilde Henriksen Waage. Ho er professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Prio med Midtausten som spesialfelt.

– Netanyahu og partiet Likud vil ha ei rettsreform som gjev meir makt til politikarane. Partiet Jødisk makt, som har finansministeren og tryggleiksministeren, vil ha fullt jødisk herredøme frå Middelhavet til Jordan-elva. Og dei ultraortodokse vil sikre privilegia til dei mest religiøse jødane.

–?Statsministeren har òg personlege motiv her?

–?Ja, for Netanyahu er alternativa truleg å vere statsminister eller å gå i fengsel. Han er tiltalt for grov korrupsjon, og gjennom rettsreforma kan han skaffe seg immunitet.

–?Men partiet Likud ønskjer òg rettsreform av andre grunnar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement