Kommentar

Ei isolasjonistisk forteljing

Innsetjingstalen til Donald J. Trump var meir interessant på grunn av det han ikkje sa, enn på grunn av det han sa. 

  

Publisert Sist oppdatert

Donald J. Trump har tala til folket. No har han Gud med på laget.

– Det var ein grunn til at livet mitt vart berga. Eg har blitt send av Gud for å gjera Amerika stort att, sa han.

Trump tenkte naturlegvis på attentatet i Pennsylvania under valkampen, då han så vidt unngjekk å bli drepen.

Å tala om lagnaden vil gjera inntrykk blant dei evangelikale i USA, dei som trass i mannens uryddige livsførsel og domfellingar ser han som den som best kan forsvara trua mot mørkets krefter, gudløysa, aborttilhengjarane og dei som ikkje vil at borna skal læra dei ti boda i skulen.

At kula berre råka øyreflippen til Trump og ikkje tre centimeter til sida, er Guds verk. Denne ovundringa for gudelege makter synest å vera eit felles kjenneteikn for statsleiarar. Charles de Gaulle sa det same då han vart åtvara mot å gå ned til Notre-Dame i august 1944, medan tyske snikskyttarar låg på taka rundt.

– Den kula som treffer meg, er bestemt av lagnaden, sa han, som raga høgt og var eit lett mål.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel