JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den britiske kjempa og EFTA-dvergane

Kan EFTA-medlemskap bli ei mellombels løysing for britane på veg ut av EU?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Demonstrantar på veg til parlamentsbygninga i London under ein protestmarsj mot den britiske utmeldinga av EU, 9. september. Innmelding i EFTA er eitt av alternativa for eit Storbritannia utanfor EU. 
Foto: Scanpix / Reuters / Tolga Akmen

Demonstrantar på veg til parlamentsbygninga i London under ein protestmarsj mot den britiske utmeldinga av EU, 9. september. Innmelding i EFTA er eitt av alternativa for eit Storbritannia utanfor EU. Foto: Scanpix / Reuters / Tolga Akmen

STRINGER

10170
20170915

EFTA

Er ei forkorting for Det europeiske frihandelsforbundet, som vart danna i 1960 av Storbritannia, Portugal, Sverige, Austerrike, Noreg og Sveits.

Har i dag har medlemmene Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits. Tre av landa har inngått EØS-avtalen med EU, medan Sveits står utanfor.

Etter at britane røysta for å gå ut av EU, er medlemskap i EFTA nemnt som eit mogleg alternativ.

Europa

eva@dagogtid.no

Moglegheita for at britane skal gå inn i frihandelsforbundet EFTA og velje «the Norwegian model» for tilknyting til EU, vart indirekte avvist frå statsminister Theresa May allereie då ho i januar skisserte planane for EU-utmeldinga.

Ideen lever likevel vidare og vert stadig nemnt som alternativ frå nye ministrar, embetsfolk og politikarar. No sist frå den britiske brexitministeren David Davis i samband med eit møte i det amerikanske handelskammeret tidlegare denne månaden.

Å gå inn i EFTA – som har brei tilgang til EUs indre marknad og frihandelsavtalar som dekkjer 38 land elles i verda – vert skildra som ei overgangsordning som kan sikre britane tilgang til EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen, medan dei forhandlar fram nye avtalar med omverda. Vel har Davis understreka at det ikkje er denne overgangsordninga Storbritannia sjølv føretrekkjer, men samstundes seier han til nettstaden Politico at eit slikt medlemskap kan bidra til å skåne landet frå ein potensielt farleg økonomisk situasjon når det skal ut av EU i 2019.

Tidlegare partileiar for Liberaldemokratane, Nick Clegg, meiner EFTA-medlemskap er det lettaste og mest fornuftige alternativet britane har etter EU, ifølgje The Guardian. Av internasjonale nettaviser er det omtalt som ein hylleklar overgangsordning og «smooth exit» for britane.

Så enkelt er det nok ikkje.

Gullivers reise

EFTA har endra seg mykje sidan britane i 1960 var med å danne frihandelsforbundet, som eit alternativ til det som var forløparen til EU, Det europeiske økonomiske fellesskap. Fire av landa som var med i starten, har gått over til EU, og to nye land er komne til. Saman er dei ei underleg samling: Olje-, gass- og sjømatriket Noreg med litt over 5,2 millionar innbyggjarar, skatteparadiset og fyrstedømet Liechtenstein med 38.200 innbyggjarar, endå fleire selskap og den tredje høgste inntekta per capita i verda, Island med nær 340 000 innbyggjarar og ein økonomi dominert av fiskeindustri og turisme, og Sveits, som har 8,2 millionar innbyggjarar, ein høgt utvikla tenestesektor og ei viktig banknæring.

Det dei har felles, er EU-utanforskap og samanfallande handelspolitiske preferansar med sterke eksportinteresser på somme felt, og defensive interesser mellom anna på landbruk.

I ein slik samanheng vert Storbritannia, med nær 65 millionar innbyggjarar og verdas femte største og svært marknadsliberalistiske økonomi, nesten som Gulliver som møter Lilleputt. Kjempa vert ikkje mindre etter Mays erklæring om at Storbritannia skal verte ein stor global handelsnasjon og «ein av dei hardaste talsmenn for frihandel kvar som helst i verda». Det er ikkje openbert kvifor ho skulle ville prioritere EFTA.

Brot, men framhald

For Noreg har EFTA i dag størst betyding som bindeleddet inn til den indre marknaden i EU, gjennom EØS-avtalen. Dette er derimot avtalen May aller tydelegast avviste, då ho i talen i januar sa: «Vi freistar ikkje å adoptere ein modell som alt gjeld for andre land. Vi ønskjer ikkje å behalde bitar av medlemskapen når vi går ut.»

EFTA regulerer også handelen mellom dei fire EFTA-landa, som gjev kvarandre frihandel på industrivarer og fisk og bilaterale generelle tollreduksjonar for landbruksvarer, mellom anna. Sidan førre gong britane var medlem i EFTA, er samarbeidet også utvida til å omfatte meir enn frihandel. I dag inkluderer det mellom anna ei plikt om fri rørsle av personar mellom medlemslanda – som igjen er nett det May har lova britane å stogge når landet går ut av EU.

Det som då kan stå att som ein fordel ved eit EFTA-medlemskap for britane, er å få tilgang til dei 27 handelsavtalane EFTA i dag har med land som Ukraina, Canada, Mexico, Singapore, Chile og Korea – totalt 38 land rundt om i verda. Ifølgje EFTA-konvensjonen skal alle nye medlemsland søkje om å verte part i dei eksisterande handelsavtalane. Ei eventuell britisk deltaking vil så føresetje godkjenning frå alle avtalepartane og deretter forhandlingar – avtale for avtale. Ingen quick fix, nødvendigvis, og særleg i overkant dersom det berre er snakk om EFTA-medlemskap for ein overgangsperiode.

Ikkje minst høyrest det tungvint ut med tanke på at Storbritannia per i dag alt har fungerande frihandelsavtalar med halvparten av dei same landa – og fleire andre – gjennom EU. Der har britane, saman med svenskane og tyskarane, vore pådrivar for ein aktiv handelspolitikk.

I eit posisjonsnotat som nyleg vart lagt fram, seier den britiske regjeringa at ho i fyrste omgang vil søkje kontinuitet i desse eksisterande handels- og investeringsavtalane etter brexit. Ho føreslår ein mellombels tollunion med EU i ein overgangsperiode, for at handelen skal kunne halde fram som normalt medan Storbritannia forhandlar fram nye handelsavtalar verda rundt.

Analysere i detalj

I den norske debatten er det dei som har uttrykt uro for at Storbritannia kan ha andre interesser enn Noreg har, og endre maktforholda i EFTA. Det finst óg dei som fyrst og fremst ser det som ein fordel å få britane inn i EFTA, fordi EFTA då ville vorte sterkare, kunne vege tyngre andsynes EU, og vere meir interessant å inngå handelsavtalar med for verda elles.

Dersom Storbritannia skal inn i EFTA, må alle dei fire EFTA-landa ønskje britisk deltaking. Dei har ikkje virka ivrige så langt.

Statsminister Erna Solberg (H) åtvara før folkerøystinga i Storbritannia britane mot EU-tilknytinga Noreg har gjennom EØS-avtalen. Tidlegare EU- og EØS-minister Elisabeth Aspaker (H) gjekk lenger då ho i fjor sa til Aftenposten at det ikkje er gitt at det er positivt å sleppe eit så stort land inn i EFTA: «Det vil forrykke balansen, noe som nødvendigvis ikke er i Norges interesser». Sidan har regjeringa prøvd å tone ned skepsisen. EU- og EØS-minister Frank Bakke Jensen (H) har sagt at Noreg vil stille med open haldning dersom britane skulle ønskje EFTA-medlemskap, men at norske interesser kjem til å vere styrande for vurderingane.

Signala er like avventande frå Sveits, der Dag og Tid får følgjande svar frå departementet for økonomi, utdanning og forsking: «Vi har ikkje motteke nokon indikasjon frå den britiske regjeringa om at Storbritannia vil vurdere å tiltre EFTA eller vere tilknytt det. Skulle Storbritannia likevel søkje om å verte medlem, må vi analysere dei moglege konsekvensane av ein slik medlemskap i detalj.»

Islands utanriksminister Gudlaugur Thór Thórdarson, frå Sjølvstendepartiet, argumenterer på si side for eit britisk medlemskap. Han meiner Storbritannia er ein naturleg partnar i EFTAs veksande globale nettverk av frihandelsavtalar. «Det er fornuftig at vi i EFTA og Storbritannia jobbar saman og spelar på lag i partnarskap, eller ved at Storbritannia går inn i EFTA att. Eg trur at for EFTA-landa ville det vere klare fordelar med å gå saman i Storbritannias globale frihandelsagenda ved å opne nye marknader for dei økonomiske aktørane våre. Økonomiane våre vil utfylle kvarandre», kommenterer han i e-post til Dag og Tid.

Komplikasjonar

Ein fordel for Noreg dersom Storbritannia gjekk inn i EFTA, kunne vere at spørsmål om tollsatsane og vareflyten av industrivarer og fisk med det som er Noregs største handelspartnar i Europa, hadde fått ei løysing relativt raskt etter brexit. For sjømatnæringa, som er oppteken av friast mogleg handel med Storbritannia, og der både varer og råvarer, fôringrediensar og fiskefôr kryssar grensa, kan det sjåast som eit argument for EFTA. Det seier Geir Over Ystmark i Sjømat Norge.

På ei anna side er den same vareflyten avhengig av at Storbritannia ikkje går ut av det veterinære samarbeidet i EU, som Noreg også er del av gjennom Veterinæravtalen. Ystmark meiner det ikkje går å svare på om eit eventuelt EFTA-medlemskap for britane er ein fordel eller ikkje for Noreg, før det er meir klart kva avtalar EU og Storbritannia får seg imellom.

– Det er for tidleg å seie. Mykje er uavklart. Det som er klart, er at ei britisk utmelding av EU er betydeleg meir komplisert enn mange trudde, seier han.

Sjømat er i verdi Noregs tredje største eksportvare til Storbritannia i dag, nest etter olje og gass. Samla eksporterte Noreg varer for 184, 8 milliardar kroner til Storbritannia i 2015, medan importen var på 39,4 milliardar, ifølgje SSB. Det vi importerer mest av, er køyretøy, industrimaskinar og utstyr og vitskaplege og tekniske instrument, men Noreg er i dag også nettoimportør av landbruksvarer frå Storbritannia, som både dyrefôr, frukt og grønsaker, korn og kornvarer og kjøt. Som del av den samla importen av landbruksvarer frå EU utgjer det som kjem frå Storbritannia, derimot berre nokre få prosent.

Det er ikkje frihandel med landbruksvarer mellom EFTA-landa. Storbritannia er sjølv dessutan nettoimportør av det som er sensitive varer for Noreg, som kjøt og meieriprodukt.

Seniorrådgivar Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag er likevel skeptisk til ein situasjon der britane går inn i EFTA. Ho syner til at britane har tradisjon for å vere svært liberale i handelspolitikken, og ser det som truleg at dei kjem til å ha ønskje om betre marknadstilgang både mot tredjeland og mellom EFTA-landa om dei kjem med i frihandelsforbundet.

– Eg trur det å få inn ei slik stormakt med offensive handelsinteresser generelt, og som også er tidlegare kolonimakt, kjem til å bety noko for forhandlingar om framtidige frihandelsavtalar rundt om i verda. Island, Sverige, Noreg og Liechtenstein har ganske like interesser for landbruk i slike forhandlingar. Britane har ein heilt annan posisjon. Det treng ikkje å slå positivt ut, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi har ikkje motteke nokon indikasjon

frå den britiske regjeringa om at Storbritannia

vil vurdere å tiltre EFTA.»

Det sveitsiske departementet for økonomi, utdanning og forsking

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis