Hackarar tek nye filmar og seriar som gissel og krev pengar for dei, melde NRK førre veke.
Serien som tilhengjarskaren hadde venta på eitt heilt år, stod i fare då hackerane tok han til fange i år.
Foti: NTB scanpix
Eg sit i sofaen med laptop-en på fanget.
– Har du ikkje slått på TV-en, spør husværekameraten.
Eg ser så vidt opp, har ikkje tenkt på at dei 40 tommane med skjerm på bordet eksisterer. Netflix har teke over og i same slengen teke innersvingen på filmkopipiratane og hackarane i verda. Med auka strafferamme for ulovleg nedlasting, og framlegg frå den norske regjeringa om ny straff for å sjå film ulovleg på nett, må dei finne på noko nytt. Dei tek filmen til fange.
Men då nettserien Orange Is the New Black vart offer for gisseltakande filmpiratar, sat ikkje Netflix-teamet gråtande på telefonen for å få levert attende sin kjære uskadd. Dei nekta å betale. Og på den internasjonale Filmfestivalen i Cannes i år, var det ikkje terrorangrep som åleine truga filmfestivalen. To av hovudfilmane var nemleg finansierte av Netflix, og får etter fransk lov ikkje visast på kino i Frankrike i det heile. Men dette er jo berre film, tenkjer vi. Har det så mykje å seie?
På 90-talet fanst det ikkje ein unge som ikkje fekk servert regla «Du vert heilt firkanta i auga!».
Amerikanske forskarar reknar med at småborn heilt ned i seks månader, får ein halv time med underhaldning frå skjerm om dagen.
90-talet markerte òg byrjinga på TV-mangfaldet som no nærmar seg best før-datoen. Kvar tredje TV-sjåar er over 60 år, melde Aftenposten i fjor. Og når over to tredeler av mediebrukarane brukar nettenester for å sjå film og seriar, er den tradisjonelle TV-en på startstreken av pensjonisttilværet, i lag med sjåarane sine.
Men skjermen har makt. Dagens bruk gjer foreldre fråverande, trugar med å øydeleggje både forholdet foreldra har til borna, og søvnmønsteret til tenåringane våre, ifølgje forskning.no.
Sist eg fekk høyre at auga mine nærma seg same fasong som skjermen, hadde eg sett ein halv sesong av Netflixserien Orange Is the New Black på under ein dag. Eg var ikkje barn lenger. Og då serien fekk sekken over hovudet og pistolen mot panna, var det sjåarane som gret.
– Skulle ikkje serien visast til planlagd dato, hulka dei over nettsambandet.
Men når juni kjem, og eg ikkje lenger står i fare for å få bot om eg ser dei ulovleg utlagde episodane, går sesongen jamvel ned på høgkant.
Mone Celin Skrede er praktikant ved Nynorsk Avissenter.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då serien fekk sekken
over hovudet og pisto
len mot panna, var det
sjåarane som gret.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?