JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Digitale draumar

Facebook har lansert draumen om å skape «metaverset», eit virtuelt univers. Men ein må vere på vakt når Silicon Valley drøymer, for det kan fort bli til personvernmareritt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Metaverset ser betre ut innanfrå enn utanfrå. Her får Kelly Taylor oppleve virtuell shopping i metaverset.

Foto: Joe Buglewicz / AP / NTB

11017
20220225
11017
20220225

Sosiale medium

redaksjonen@dagogtid.no

I fjor haust kunngjorde Facebook-sjefen Mark Zuckerberg at Facebook skifta namn til Meta Platforms (Meta). Meta er no moderselskapet, men Facebook er framleis namnet på det sosiale mediet. Med nytt namn kom ein ny visjon: å byggje «metaverset». Kva i alle dagar er det? Sjølve namnet Metaverse kjem frå science fiction-romanen Snow Crash av Neal Stephenson frå 1992. Ifylgje ein tidlegare Facebook-tilsett, Dean Eckles, skal boka på eit tidspunkt ha vore obligatorisk lesing for produktansvarlege i selskapet.

Romanen skildrar ei dystopisk anarkist-kapitalistisk framtid der metaverset er ei tredimensjonal virtuell verd der menneske kan møtast og samhandle gjennom såkalla avatarar (kunstige representasjonar av seg sjølv). Virtuell røyndomsbriller, såkalla VR-briller, gjer at dei opplever metaverset som om dei fysisk var der.

Zuckerberg ser for seg noko liknande.

– Me har gått frå stasjonære PC-ar til internett til mobilar, frå tekst til bilete til video, men dette er ikkje slutten på utviklinga, sa Zuckerberg i oktober i fjor.

– Den neste plattforma og det neste mediet vil vere endå meir omfattande, eit lekamleggjort internett der du er i opplevinga i staden for berre å sjå ho utanfrå. Me kallar dette «metaverset». Du vil vere i stand til å gjere nesten alt du kan førestille deg: møte vener og familie, jobbe, lære, leike, kjøpe og selje, skape nye kategoriar som ikkje passar med det me i dag tenker om datamaskinar og mobilar.

«I opplevinga» er ei nøkkelformulering. Sjå føre deg at du skal vere med på eit jobbmøte på nettet. I staden for å vere berre eit andlet på ein skjerm tek du på deg VR-briller og går inn i eit tredimensjonalt virtuelt møterom. Takka vere sensorar som fangar andletsuttrykk og handrørsler, vil du og kollegaane dine kunne snakke med kvarandre og gestikulere som om de var i same rom.

Noko nytt?

Men er dette verkeleg noko nytt? Sosiale medium, speling på nettet, virtuelle jobbmøte og netthandel er ting me alt er godt kjende med. VR-briller er òg eldre enn ein skulle tru, med tidlege versjonar heilt tilbake på 1990-talet (sjå til dømes VFX1 Headgear frå 1995).

Ein som er flink til å setje teknologi i samanheng, er Jamie Susskind. Han er britisk jurist og forfattar av Future Politics, ei bok om politikk og teknologi som har vunne fleire prisar. Me spør han om planane til Meta er noko nytt eller berre ei samanveving av eksisterande teknologiar.

– Eg trur at metaverset vil verte eit nytt og fasinerande menneskeleg eksperiment. Men det er samstundes òg berre ei forlenging av noverande digitale teknologiar. Eg trur ikkje dette kjem snart. Dersom du førestiller deg ei verd der folk jamleg går inn i ei virtuell verd, for arbeid eller fritidsformål, trur eg det vil vere eit grunnleggjande steg i menneskeleg eksistens, noko ganske annleis enn det me har sett til no.

Ein måte å forklare det nye med metaverset på er å samanlikne det noverande digitale miljøet med eit innsjølandskap av store og små innsjøar. Metaverset, derimot, vil utgjere eit stort hav. I staden for separate appar og program for ulike funksjonar og tenester vil metaverset gje brukarane nesten alt dei «treng» på éi plattform, i éi verd. Ei slik storskala integrering av tenester og aktivitetar vil kunne gjere virtuell samhandling og samarbeid meir lettvint, spennande og effektivt.

Kjem metaverset?

Me veit enno ikkje sikkert om eller når metaverset kjem. Noko av det har byrja å vise seg, til dømes Metas Horizon Workrooms og Horizon Worlds. Horizon Workrooms tilbyr virtuelle møterom, og Horizon Worlds er eit spel der du kan skape og utforske virtuelle verder i lag med andre. Talet på månadlege brukarar av Horizon Worlds, som no berre er tilgjengeleg i Nord-Amerika, har auka kraftig i det siste, men det er for tidleg å seie om det vil «ta av».

Og så har ein Horizon Venues, eit program som gjer det mogleg å delta på virtuelle konsertar og arrangement. Førre veke skreiv Rasmus Hungnes her i avisa om korleis det var å vere på ein slik virtuell konsert. Han vart ikkje importert. Men det kan hende at dei «preg- og beinlause avatarane» Hungnes skriv om, blir meir og meir livaktige med tida. Meta er klar på at dei er i starten av bygginga, og at mange delar av metaverset først vil vere klare om 10 til 15 år.

Kven sitt metavers?

Eit anna grunnleggjande spørsmål er om me vil få eitt metavers, slik Zuckerbergs planar legg opp til, eller fleire metavers. Meta seier sjølv at metaverset «ikkje er eit enkelt produkt som eitt selskap kan byggje åleine», og at dei vil samarbeide med ekspertar, politikarar og andre verksemder i industrien.

Men Meta vil møte tøff konkurranse frå rivalar som Microsoft, som har eigne visjonar om metavers. Microsoft er stor innan virtuelt samarbeid, med tenester som Microsoft Teams og Mesh, dei utviklar sine eigne VR-briller og dei eig Xbox og no Blizzard Entertainment – eit stort spelutviklingsstudio. Nokon meiner derfor at Microsoft ligg godt an i metaverskappløpet.

Trur Susskind at teknologigigantane vil ende med å samarbeide eller konkurrere? Det har han ikkje svaret på, men han trur at eigarskap og kontroll av metaverset vil likne på det som gjeld for internett i dag.

– Eg har mistanke om at metaverset vil bli dominert av ei lita gruppe av store aktørar, private og offentlege. Det betyr ikkje at det ikkje vil vere stort rom for mindre aktørar til å bidra, men eg trur ein vil sjå skalanettverk som gir fordelar til dei som er tidleg ute, som Meta. Det eg trur du vil sjå, er nokre få metavers styrte av få aktørar.

Makt i metaverset

Eit sentralt tema i boka til Susskind er at «kode er makt». Med det meiner han at koden, eller programvara, til eit system avgjer kva ein kan og ikkje kan gjere, kva ein får lov og ikkje får lov til. Same kor mykje ein måtte ynskje det, får ein ikkje lov til å skrive ein «tweet» på meir enn 280 teikn.

Susskind meiner at metaverset tydeleg illustrerer dette.

– Når me bruker digital teknologi, er me vanlegvis bundne av koden som teknologien er sett saman av. Det er årsaka til at forskarar på 1990-talet og tidleg på 2000-talet argumenterte for at koden var sjølve lova (i juridisk forstand) i det digitale rommet. I metaverset vil koden ikkje berre vere lova, men han vil vere fysikken, biologien, lovene for sosial samhandling og kva enn metaversarkitektane skulle avgjere. Så det er snakk om ein ekstrem versjon av regelen som først vart identifisert i det digitale rommet.

Arkitektane vil få det ein nesten kan kalle guddommeleg makt. Då det kom klager frå kvinner om tafsing og seksuell trakassering i Horizon Worlds, kunne Meta knipse med fingrane og gjere det umogleg for brukarar å gå nærmare kvarandre enn om lag 1,2 meter. Med andre ord, Meta er ikkje avhengig av å styre gjennom sanksjonar og straff for regelbrot. Dei kan styre ved å gjere det umogleg å bryte reglane. Denne typen makt kan bidra til å gjere metaverset til ein trygg plass. Men om me kjem til å bruke metaverset til arbeid, sosialt samvær og andre viktige gjeremål, er det fare for at nokre få selskap får enorm makt over kvardagen vår.

Personvernet

Meta har eit dårleg rykte når det gjeld personvern, sidan bedriftsmodellen deira går ut på å samle inn store mengder data som dei nyttar til å gje tilpassa reklame til brukarar. Det kostar å reklamere, og ingen verksemder eller institusjonar ynskjer å betale for reklame som ikkje når fram til rett målgruppe. Meta, og Google for den del, veit så mykje om oss at dei i stor grad kan garantere kundane sine å nå fram til rett målgruppe.

Skandalar som Cambridge Analytica og avsløringane til Facebook-varslaren Frances Haugen har synt at informasjonen dei samlar om oss, kjem på avvegar, og at Meta har hatt eit snevert syn på samfunnsansvaret sitt. Tilnærminga Meta har til personvern, gjorde at Datatilsynet i fjor haust konkluderte med at det ikkje ville vere forsvarleg for Datatilsynet å opprette ei side på Facebook.

Datatilsynet har i oppgåve å følgje med på utviklinga knytt til personvern og å identifisere farar for personvernet. Kva meiner dei om metaverset?

«Metaverset vil samle inn enda mer data om oss, både mer detaljert og i større mengde. For i metavers legges det opp til at vi skal tilbringe fritiden vår, dele den og kommunisere i langt større grad», svarar Veronica Jarnskjold Buer, avdelingsdirektør for teknologi, analyse og tryggleik i Datatilsynet, i eit e-brev.

Ein artikkel i Financial Times viser til Meta-patent som tyder på at metaverset kan bli brukt til å samle inn biometriske data, slik som augerørsler og andletsuttrykk. Det vil kunne gi endå meir målretta reklame.

Me spør om dette uroar Datatilsynet. Buer stadfestar at Datatilsynet er urolege for ei slik utvikling.

«I begeistringen over at ny teknologi kan skape et mer effektivt samfunn, er det lett å glemme at det også for teknologi, algoritmer og kunstig intelligens, finnes lover og regler som må følges», legg ho til.

Meta seier at selskapet vil prioritere tryggleik og privatliv i bygginga av metaverset, men historia til selskapet gjev gode grunnar til skepsis. Susskind peiker på at Meta er eit selskap som vil tene pengar, og at ein derfor ikkje kan forvente at det tek steg som ikkje vert pålagde.

– Eg trur ikkje me bør be om eller håpe at Meta gjer det som er rett. Eg meiner me bør få i stand eit rammeverk som gjer at dei ikkje har noko val, seier Susskind.

Eit snikande metavers

Metaverset er vanskeleg å få grep om. På den eine sida er det teknoutopisk overdriving og svevande idear om svevande univers. På den andre sida er det snakk om tunge og konkrete investeringar av gigantselskap i ei framtid som kan kome til å påverke og overraske oss.

Susskind skreiv for fire år sidan at «me ikkje er klare – intellektuelt, filosofisk eller moralsk – for verda vi er i ferd med å skape». Med det meinte han at me har byrja å ta i bruk teknologi som har store politiske og moralske konsekvensar, utan å tenkje nøye gjennom fylgjene av vala våre. Han seier at me har gjort framsteg sidan då, men at det framleis går for tregt. Metaverset byr på store utfordringar, og ei av dei vil vere å sørgje for at regulering av det ikkje kjem i bakleksa.

Ein som er skeptisk til heile greia, er Elon Musk, sjefen i Tesla. Han samanliknar VR-briller med «ein TV på nasen», og ser ikkje føre seg at folk vil gå med ein TV klistra til fjeset dagen lang. Samstundes seier han at det er mogleg han undervurderer metaverset, og at han vil ende som dei som var skeptiske til internett på 90-talet.

Kanskje metaverset kjem gradvis, utan at me heilt merkar det. Som ein lur kar ein gong sa: Historia går ikkje fram som eit tutande tog, men snik seg innpå oss som ein elbil.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg har mistanke om at metaverset vil bli dominert av ei lita gruppe av store aktørar, private og offentlege.

Jamie Susskind, jurist og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis