Kommentar
Digital ettertanke
Kunnskapsminister Tonje Brenna vil tenkje nytt om skjerm og papir i skulen. Men den nye digitalstrategien er ingen revolusjon.
Elevar som gjer skulearbeid på nettbrett på ein barneskule i Trondheim.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Er vekkinga over? Er den store digitaliseringsbølgja i norsk skule omsider på retur? Nyhendebiletet kan gje eit slikt inntrykk. Skjermbruken til barn og unge, svekte leseevner og tapt konsentrasjon blir tema i Debatten og Dagsrevyen. Innlegg frå urolege foreldre som fryktar at nettbretta svekkjer læringa, dukkar stadig opp i lesarbrevspaltene.
Facebook-gruppa «Opprop for mindre skjermbruk i grunnskolen» nærmar seg 17.000 medlemer. Og Tonje Brenna er den første kunnskapsministeren på lenge som har vist ein skepsis til skjermentusiasmen. «Digitaliseringen av skolen har skjedd uten nok kunnskap. Det bekymrer meg», sa ho til dømes til Kommunal Rapport i fjor. Fleire av utsegnene til Brenna det siste året kunne tyde på at tida for ettertanke var komen.
Radikal fornuft
Men da regjeringa la fram den nye digitaliseringsstrategien for skular og barnehagar 20. april, eit samarbeid med KS, var innhaldet slett ikkje så radikalt som dei mest skjermkritiske hadde håpa. Dette er ikkje noko lineskifte. Grunntonen er nokså lik den vi finn i tidlegare strategidokument om emnet frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet.
Skal vi finne nytenking, må vi finlese teksten. Og noko av det viktigaste som står i strategien, er denne setninga: «Digitale løsninger i barnehagen og skolen skal bare tas i bruk for å styrke kvaliteten på tilbudet og barnas og elevenes læring, og valg om å ta i bruk digitale løsninger må være kunnskapsbaserte. (Mi utheving.)
Korleis kan denne enkle, openbert fornuftige setninga kallast radikal? Ganske enkelt fordi slike krav ikkje har vore stilte i digitaliseringa av grunnskulen til no. Det er på høg tid. Så står det att å sjå om regjeringa faktisk vil setje makt bak desse krava, og løyve dei pengane som trengst for å oppfylle dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.