Diagnose: Manglar medisinar og oversyn

I fjor kom det inn 1250 meldingar om medisinmangel i Noreg. Det kan verte endå fleire i år, ifølgje Statens legemiddelverk.

Legemiddelmangel er eit aukande problem i Noreg. Samla er det i dag registrert 535 mangelmeldingar for legemiddel i Noreg.
Legemiddelmangel er eit aukande problem i Noreg. Samla er det i dag registrert 535 mangelmeldingar for legemiddel i Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Det er for tida mangel på smertestillande Pinex Forte-tablettar og på Paracet, Pinex og Paracetamol-mikstur i Noreg. Statens legemiddelverk fortel at årsaka til mangelen er forseinking i produksjon, forseinking i levering og auka sal.

All den tid det framleis finst andre smertestillande preparat, treng ikkje mangel på nett Pinex Forte og nokre typar miksturar vere noko stort problem.

Men eit byte er ikkje nødvendigvis heilt uproblematisk. Alternativa til både Pinex og Paracetamol-mikstur og til Pinex Forte-tablettar kan innehalde andre hjelpestoff, og det kan i nokre tilfelle «gi risiko for allergi», opplyser Legemiddelverket.

I tillegg er det ikkje slik at det berre er Pinex Forte- og smertestillande og feberdempande mikstur det for tida er mangel på i Noreg. Berre sidan starten av februar har Legemiddelverket på nettsidene sine varsla om mangel på ti andre legemiddel – alt frå ein type tablettar til behandling av autoimmune tarm- og hudsjukdomar til ei injeksjonsvæske som vert brukt til anestesi, ein HPV-vaksine og tablettar til bruk mot høgt blodtrykk, hjartekrampe og rytmeforstyrringar i hjartet.

For dei fleste legemidla som manglar, finst det tilsvarande legemiddel som kan nyttast som alternativ, men Legemiddelverket stadfestar at «tilsvarende legemidler vil ikke alltid være tilgjengelig på alle apotek».

Og februar er ikkje eineståande. I fjor fekk Legemiddelverket inn 1250 varsel om legemiddelmanglar, og så langt i år er det meldt inn 143 nye tilfelle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement