Sideblikk
Det skaper tillit å visa seg usikker
Nakstad, Stoltenberg og Høie er blitt ein rimeleg samspelt og truverdig trio.
Fungerande assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad (t.v.), direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg og helseminister Bent Høie (H) har stilt opp på tallause pressekonferansar om koronaviruset.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
I normale tider handlar mykje av kvardagen om å gjera oppgåvene sine skikkeleg og fylla dei rollene ein har. Same leveregel gjeld i unormale tider, under andre vilkår. Den overarbeidde dokter Rieux i Pesten av Albert Camus ville ikkje høyra tale om heltemot: «I mitt tilfelle består det i at jeg gjennomfører min gjerning.»
Men unormale tider krev at somme grip situasjonen og gjer det som må til, også når det bryt med normal oppskrift og prosedyre. Slikt følgjer slett ikkje automatisk formell posisjon. Autoritære ordrar i skråsikker kommandostil kan vekka mistru, illojalitet og motstand. Alvoret må fram og uroa gripast utan at det skaper frykt og resignasjon. Rette ord og tilpassa tiltak til rett tid bygger tillit.
WINSTON CHURCHILL hadde vore ein omvandrande politisk skandale i fleire tiår då han sa og gjorde det som skulle til for å setja mot og kampvilje i det britiske folket. Etter krigen blei han ikkje attvald, men fekk Nobelprisen i litteratur.
I New York har guvernør Andrew Cuomo stått fram med ei handlekraftig røyst som inngir respekt og manar til kollektivt krisealvor, mens den øvstkommanderande krigspresidenten driv eit egosentrisk spel på sin eigen bane. Den personlege advokaten hans, Rudy Giuliani, som har drive merkelege operasjonar i Ukraina og brukt mafiose metodar i amerikansk politikk, var stor som ordførar i New York 11. september 2001. Dei som stig i éin situasjon, kan falla i andre.
PÅ VINDFULLE DAGAR har Erna Solberg som leveregel at det gjeld å pusta med magen, halda hovudet kaldt og sitta stille i båten, for det vil gå over. Då det ikkje gjorde det, slo ho om i ord og gjerning, synte traust tale- og handlekraft, stilte til dugnad på suppekjøkken, gjekk på tur med avstand, formante og appellerte og fekk respekt for det.
Men det er Bent Høie som har vakse mest, utan å bli høg på seg sjølv, som mangen ville ha blitt. Den godslege homsen frå Randaberg som skal bli amtmann i Rogaland, er ingen storslagen og karismatisk orator; han snakkar lågt og empatisk, men også i klartekst, når «det blir krevet».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.