JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det gode mot det vonde

No når krigen er i gang, er det solidaritet i Israel, seier Gilead Sher, ein hard kritikar av Netanyahu-regjeringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Israelske panservogner nær grensa mellom Israel og Gaza 12. oktober. Bakkeinvasjonen er så vidt i gang.

Foto: Ronen Zvulun / Reuters / NTB

10442
20231103

Gilead Sher

Fødd i 1953

Israelsk jurist

Tidlegare oberst og brigadesjef i panservåpenet

Stabssjef for statsminister Ehud Barak i 2000–2001

Forhandlar for Israel i fredssamtalane med PLO kring tusenårskiftet

Engasjert i protestørsla mot Netanyahu-regjeringa

Ny Gaza-krig

7. oktober gjekk eit tusental menn frå Hamas og Islamsk jihad til åtak på Israel frå Gaza.

Over 1400 menneske vart drepne i Israel, over 1000 av dei sivile.

Minst 240 israelarar vart kidnappa.

Israel har gått til full krig mot Hamas i Gaza.

Krigen har så langt kosta 8700 liv i Gaza, ifølgje styresmaktene der.

FN har bede om ei våpenkvile for å få inn humanitær hjelp.

Utanriks

peranders@dagogtid.no

– Dei som kritiserer Israel for krigføringa i Gaza, forstår ikkje kva konflikten handlar om. På eine sida står ein terroristorganisasjon, og på andre sida står Israel, eit levande demokrati. Dei to sidene er ikkje like. Vi prøver å utslette vondskapen, seier Gilead Sher.

Han er jurist og tidlegare fredsforhandlar for Israel og var stabssjef i arbeidarpartiregjeringa til Ehud Barak i 2000–2001. Sher har òg nådd rangen som oberst i det israelske forsvaret.

I israelsk kontekst er han ein liberalar på den moderate venstresida: ein tilhengjar av ei tostatsløysing og ein hard kritikar av Netanyahu-regjeringa gjennom mange år. Men Sher er samd med statsministeren i éin ting: Hamas må knusast. Krigen som følgde etter terroråtaket 7. oktober, har ifølgje helsestyresmaktene i Gaza teke kring 8500 palestinske liv til no.

Eit skaka land

– «Etter 7. oktober vart Israel eit anna land», skreiv du i Foreign Affairs denne veka. Kva inneber dette?

– Hamas-åtaket var den første gongen sidan staten Israel vart oppretta, at ein fiendtleg styrke tok kontrollen over ein del av landet. Israelske sivile var utan vern mot fienden i mange timar og vart utsette for brutale overgrep frå terroristar. Hundrevis av sivile vart massakrerte, seier Sher.

– Det var ein brutalitet som ingen kunne sjå for seg: halshogging, valdtekt, folk som vart lemlesta framfor augo til familiemedlemer. Israel er eit land som har hatt mange utfordringar, men vi har ikkje opplevd eit slikt traume før. Dette var ei nedslakting. Det var som om jorda vart borte under føtene våre, og vi opplevde det ikkje berre som israelarar, men som jødar.

Splitting

Det jødiske Israel har i år vore djupt politisk splitta. Gilead Sher er del av ein brei allianse som meiner regjeringa trugar rettsstaten, mediefridomen og demokratiet i Israel. Seinast denne veka publiserte Foreign Affairs ein artikkel der Sher og to medforfattarar tok til orde for at Netanyahu burde gå av. Statsministeren er «verken skikka til å leie krigen mot Hamas eller å tryggje ein varig fred etterpå», skreiv dei.

– Det er ingen løyndom at den sitjande regjeringa har møtt ein kraftfull og brei motstand frå sivilsamfunnet. Regjeringa har gått til åtak på det demokratiske fundamentet til Israel, ho har prøvd å svekkje rettsstaten og kjerneverdiane i demokratiet. Det er ei djup politisk kløft i Israel, seier Sher.

Hamas-åtaket viste òg veikskapen til regjeringa, slik han ser det.

– Det vart gjort ei rekkje tabbar og alvorlege feilvurderingar, både i etterretningsarbeidet og på det operasjonelle nivået i tryggingstenestene. Men no når krigen er i gang, er det solidaritet i Israel. Vi kjempar mot vondskapen, og vi må vinne. Eg veit ikkje kor lenge denne krigen kjem til å vare. Det kan ta veker, månader eller år.

Misforstått

I Europa er det mange som ikkje skjøner kva slags kamp Israel fører, meiner Gilead Sher.

– Du må forstå at vi er ein utpost for den vestlege verda, og vi kjempar mot ein terrororganisasjon av same slag som IS og al-Qaida. Det er same slag folk som har stått bak terror i Europa dei siste tiåra. Vi er i krig for å gjenskape tryggleiken, øydeleggje infrastrukturen til Hamas og berge gisla, seier Sher.

–?Dei to millionane menneske som bur i Gaza, er òg gissel. På kynisk vis styrkjer Hamas saka si når palestinarar blir drepne. Det byggjer opp under propagandaen deira. Eg beklagar alt tap av liv. Eit uskuldig menneske er uskuldig, uansett religion, rase eller kjønn eller nasjonalitet. Men i krig er det dessverre uskuldige offer, det er ikkje til å unngå. Hæren vår prøver å unngå å skade dei uskuldige, medan Hamas brukar sine eigne sivile som menneskelege skjold.

Den frie verda

– Tusenvis av menneske er allereie drepne i Gaza. Ei rekkje regjeringar og humanitære organisasjonar rundt om i verda bed om våpenkvile. Gjer desse oppmodingane inntrykk i Israel?

– Ingen her snakkar om våpenkvile. Skal du bekjempe terrorisme, må du kjempe. Same kor mykje press som kjem mot Israel, kjem det ikkje til å påverke oss om vi ikkje har nådd måla med krigen. De må forstå kven som er vond og kven som er god her. Vi har ein nabo som ønskjer å utslette Israel, den einaste staten i verda med jødisk majoritet. Vi har blitt angripne, og vi forsvarer oss. Og Israel er det einaste landet i verda som må forsvare seg fordi det forsvarer seg.

Somme av utsegnene frå politikarar i EU-landa tyder på at dei manglar moralske standardar og misforstår konflikten, meiner Sher.

–?Om europeiske land bed oss om å inngå våpenkvile, seier vi nei. Eg vil seie: Lat oss fullføre denne jobben –?for dykk. Dei kreftene vi kjempar mot i Gaza, er òg eit trugsmål for Europa. Vi kjempar denne kampen for heile den frie verda. Det internasjonale samfunnet bør lage ein koalisjon for å utslette Hamas, på same vis som det vart gjort i kampen mot IS og al-Qaida. Eg håpar den frie verda vil støtte oss i staden for å kritisere oss for å gjere det som trengst.

– Dette er krig

– Er det mykje debatt i Israel om dei sivile palestinske offera for krigen?

– Vi deler dei same grunnleggande verdiane som resten av den frie verda. For oss er alle liv like mykje verde. Eg græt når eg ser bileta av folk som er drepne og skadde i Gaza. Men dette kan ikkje samanliknast med terrorismen og massakrane som vi opplevde 7. oktober, seier Sher.

– Hamas skar fingrar og armar av folk. Dei skar brysta av kvinner framfor barna deira og brende familiar levande. Dei skar kjønnsorgana av døde menn. Og terroristane ringte heim til Gaza og skrytte av det dei gjorde, dei filma ugjerningane sine og lo. Ingen nasjon i verda ville godta dette.

– Er det mogleg å knuse Hamas utan å øydeleggje Gaza heilt og drepe titusenvis av sivile?

– Hæren åtvarar sivilbefolkninga i Gaza før åtaka. Vi slepper ned tusenvis av flygeblad og oppfordrar folk til å flytte på seg. Vi prøver å gå varsamt fram. Men dette er krig.

Ingen alternativ

– Er ikkje denne krigen nett det Hamas ville provosere fram med terroråtaket sitt?

– Eg er samd. Men kva kan vi gjere? Hamas heilaggjer døden, det kan vi ikkje hindre. Frå eit humanitært perspektiv ville eg gjerne ha sett at dette kunne bli handtert annleis. Men eg tviler på at det er mogleg. Om vi lukkast med operasjonen, og klarer å øydeleggje infrastrukturen til Hamas og kapasiteten deira til å truge israelske sivile, trekkjer vi oss ut. Vi vil ikkje okkupere Gaza.

– Denne veka kom det lekkasjar i media som tyda på at Netanyahu-regjeringa har vurdert å fordrive palestinarane frå Gaza til Sinai.

– Gløym det. Det der er ein hallusinasjon, ein forvirra ide frå messianske politikarar. Sinai er egyptisk territorium. Du får spørje egyptarane om dei er interesserte i å ta imot folket frå Gaza.

Ny orden

Trass i at det meste no ser beksvart ut i Midtausten, meiner Gilead Sher at denne Gaza-krigen kan munne ut i ein reell fredsprosess. Ideen er kort fortalt slik: Etter at dei væpna styrkane til Hamas er knuste, må det internasjonale samfunnet ta over. Sher ser for seg at Saudi-Arabia, Egypt og andre arabiske land får eit overordna ansvar for å styre gjenoppbygginga. Ein internasjonal styrke skal mellombels få ansvar for tryggleiken, seinare skal dei palestinske sjølvstyresmaktene administrere eit demilitarisert Gaza. På sikt ser Sher for seg ei tostatsløysing nokolunde i tråd med den arabiske fredsplanen frå 2002. Den planen innebar mellom anna ei israelsk tilbaketrekking til grensene frå før seksdagarskrigen i 1967. Initiativet vart avvist av daverande statsminister Ariel Sharon og har lege på is sidan.

– I beste fall kan det kome ein ny orden i Midtausten ut av denne krigen, ei løysing som kan skape fred og normalisering mellom den arabiske verda og Israel, seier Sher.

– Trur du framleis at ei slik løysing er mogleg?

– Eg håpar det. Dette er den einaste måten vi kan bevare Israel som heimlandet for jødar, basert på Israels kjerneverdiar, på. Og palestinarane treng å få si eiga politiske eining, helst i form av ein demilitarisert stat med sjølvstyre.

Katastrofe

Å halde fram med berre éin stat blir på sikt ei ulukke for Israel, meiner Sher.

– Sjå på folketalet: Det bur 15 millionar menneske mellom Jordan og Middelhavet, og kring halvparten av dei er ikkje-jødar. Å halde fram med ein tonasjonal stat vil føre til ein katastrofe for det israelske demokratiet og den jødiske staten. Håpet mitt er at denne konflikten skal ende opp med å føre oss i retning av ein fredeleg sameksistens. Men denne prosessen er særs krevjande og full av fallgruver.

– Etter dei fryktelege tapa av liv i Gaza og Israel i haust, korleis kan ein skape tilliten som skal til for å få ei fredsløysing?

– Eg har ingen fiendskap med det palestinske folket. Fiendskapen er med Hamas, Islamsk jihad og dei valdelege delane av det palestinske samfunnet.

Demonisering

Ikkje alle ser det slik. På slutten av Foreign Affairs-artikkelen denne veka skriv Sher og medforfattarane: «Vi israelarar må byrje å fortelje kvarandre ei anna historie: at fienden er Hamas, ikkje det palestinske folket.»

– Blir det palestinske folket sett på som fienden i Israel i dag?

– Slike idear er veldig lette å plante i hovudet til folk. Det kjem frå kjensla av å stå overfor eit kollektivt trugsmål. Eg veit korleis Hamas får folk til å hate oss, og det same skjer i delar av det israelske samfunnet. Når det er ein konflikt mellom to partar, er det veldig lett å demonisere motparten. Å endre mentaliteten til dei 15 millionane som lever mellom Jordanelva og Middelhavet, er ein stor jobb. Når blodet brusar og konflikten slørar synet, er det vanskeleg sjå for seg ein røyndom med mindre liding, vald og tap. Det kjem til å ta generasjonar før folk er klare for fred.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

MusikkMeldingar
Sigbjørn Apeland

Den nakne stemma

The Eagle of my Heart er eit dristig prosjekt som landar trygt.

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis