Det gamle
går under
Dei regjeringsdanande partia i nokre av Europas kjerneland vert slegne over ende av nye partigrupperingar. Er det bra for demokratiet eller faretrugande teikn på oppløysing?
Den britiske statsministeren Theresa May.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB scanpix
Lat oss ta dei under eitt: I Hellas vart både Ny Demokrati og sosialistpartiet PANSOK mala sunde av Syriza. Dei gamle vart symbol for ein klientilistisk politikk som var med på å skapa den økonomiske krisa.
I Italia gjekk dei gamle partia – kristelegdemokratane og sosialist/kommunist-partia – under alt på 1990-talet. I dag er ein av dei fremste politiske fyrstefiolinane spela av fem stjerners-rørsla og komikaren Beppo Grillo, ei ustyrleg populistbylgje med front mot dei gamle partia.
I Spania, som lenge har vore utan regjering og paralysert av splittingar, er PSOE, det gamle sosialistpartiet, og høgrepartiet PP svekt av to oppkomlingar på kvar side.
Og no i Frankrike vart både kandidatar frå PS og republikanarane slegne ut. For fyrste gong i Den femte republikken har korkje PS eller republikanarane kandidatar i siste runden av presidentvalet.
Så ser vi ei mellomgruppe: Tyskland og Nederland. Der held partisystemet seg, men det har vore under eit visst press. No ser det ut til at både SPD og CDU/CSU vil vere dei to store grupperingane i Tyskland framfor valet i haust. Med tunge røynsler frå Weimar er tyskarane ottefulle for oppflising av partia.
KONSERVATIV RENESSANSE
I Storbritannia ser vi interessant nok at UKIP, partiet som målbar brexit, vart knuste i lokalvalet nyleg. Det same vil venteleg skje ved valet 8. juni. Dermed er Storbritannia landet der partisystemet har halde mest stand. Theresa May fester taket.
Ja, meir enn det: Theresa May ser ut til å kunna kassere inn nye sigrar i alle delar av Storbritannia, og slik stadfesta topartisystemet ved å gjera det enda meir nasjonalt. Toryane har til dømes framgang langs den keltiske ytterranda. Sidan 1850 har dei vore irrelevante i Wales, latterleggjorde som partiet til kol- og ståleigarar og tilhald for engelsk snobbisme. No fortel The Economist at dei konservative kan ha von i Wales om å få 21 mandat mot Labours 15.
Det same ser ut til å skje i Skottland. No syner galluptal at Mays stridsbrør kan få 12 mandat i regionen. Det er fordi dei no kan presentera seg som det partiet som best kan berga unionen. Toryane er i ferd med å ta tilbake posisjonen som nasjonalt parti.
Det nye no er at May vil grava seg inn i Labours tradisjonelle sjikt – dei som Labour alltid har teke som sine eigne: taparane i globaliseringa som no er rista laus i lojalitet mot Labour etter brexit og Corbyn. Partiet vil no føra ein tung valkamp i Labours heimedistrikt i West Midlands og i nord.
VARIASJONANE
Felles for partia som har gått under, er at dei vert sett på som fjerne og elitestyrte. Dei ligg høveleg til for populistiske armslag. Men å dra populismekortet forklarer ikkje mykje. Vi må lenger ned.
Felles for undergangspartia (Hellas, Italia, Spania og no Frankrike) er at dei ikkje makta å takla økonomiske nedgangstider. Korkje Tyskland, Nederland eller Austerrike er det rimeleg å seia var i økonomisk krise. Der heldt partisystemet seg. Det kan difor synest klårt at det er tilstanden til økonomien som forklarer ulikskapen i dei europeiske partisystema.
Men kvifor har så dei konservative i Storbritannia klart seg så godt, trass i at det har vore økonomien som har stått sterkt i framgrunnen i debatten dei siste åra, og som var med på å avgjera brexit?
Eit argument er pragmatismen til toryane. Dei har overlevd brexit, det største sjokket til den politiske klassen i landet sidan Labours siger i 1945. Og her er ein kontinuitet: Dei konservative valsar ikkje så skånsellaust over forgjengarane sine som Labour. May glir sidelengs til høgre når ho går inn for hard brexit, og til venstre når ho lyder som ein sosialdemokrat og vil stogga grådige bankfolk, halda bistanden på 0,7 prosent og stimulera industripolitikken.
TRUGSMÅL?
Er så desse endringane eit trugsmål mot demokratiet? Etter mitt syn ikkje.
Det er klart at det er mange fordelar med gamle parti. Dei gjev stabilitet, dei har partikultur, dei er føreseielege. Men dei gamle partia hadde sete lenge. Dei hadde fått prøvd seg, med dårleg resultat. Nokre, til dømes PANSOK, hadde korrupsjonsproblem i ein klientilistisk politisk kultur.
Tvert om kan ein seia at det er eit sunnheitsteikn at skiftingane kjem. Truleg har generasjonsskifte mykje å gjera med svekkinga av dei gamle partia, særleg i Hellas. Om endringane hadde vore følgt av utstrekt veljarapati, drastisk nedgang i deltakinga – fyrst då kunne ein tala om krise. Tvert om har deltakinga halde seg oppe. Berre i Spania kan ein tala om tendensar til krise, ved at spreiing av røystene har gjort det vanskeleg å få danna regjeringar.
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Men dei gamle partia hadde sete lenge. Dei hadde fått prøvd seg, med dårleg resultat.
Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB