Den vanskelege mannen i London

Julian Assange er ikkje lett å like. Men saka mot han handlar ikkje om personleg moral.

Julian Assange vart kasta ut av ambassaden til Ecuador i London 11. april, og vart straks arrestert av politiet.
Julian Assange vart kasta ut av ambassaden til Ecuador i London 11. april, og vart straks arrestert av politiet.
Publisert

Etter sju år i asyl i London-ambassaden til Ecuador vart WikiLeaks-grunnleggjaren Julian Assange kasta ut 11. april, og britisk politi stod klare til å pågripe han. No er spørsmålet om britane vil utlevere han til USA, der Assange risikerer å bli dømd for å ha bidrege til datainnbrot. Justisdepartementet reiste tiltale mot Assange i fjor – høveleg nok var sjølve tiltalen hemmeleg og vart berre kjend ved ein glepp.

Dei siste åra har mange endra syn på Julian Assange. I stordomstida til WikiLeaks vart han hylla som ein forkjempar for sanning og informasjonsfridom. Sidan da har både valdtektsskuldingar og støtte til Donald Trump i presidentvalkampen fått statusen hans til å falme. Men no manar mange til kamp mot utlevering av Assange, også her i Noreg. Ein rettsprosess mot Assange er «et alvorlig angrep på ytringsfriheten», meiner til dømes Norsk PEN. «Om vi ikke skjønner at dette handler om å verne pressefrihet, da skjønner vi heller ikke at det er Assange i dag og oss andre i morgen», sa Eva Joly til Klassekampen 12. april.

For å skjøne kva som står på spel her, går vi først tolv år attende i tid.

Gjennombrotet

WikiLeaks vart grunnlagt av australske Julian Assange i 2007 og skulle tilby varslarar ein trygg måte å publisere kontroversielt materiale på nettet. Nokre av dei første avsløringane handla om korrupsjon i Kenya, handsaminga av fangar i Guantánamo-leiren, aktivitetane til ein sveitsisk bank på Cayman-øyane og hemmelege dokument frå scientologirørsla. Desse sakene fekk ei viss merksemd, men skapte ikkje verkeleg store kontroversar. WikiLeaks vart sett på som eit interessant og idealistisk nytt medium. I 2008 fekk organisasjonen til og med ein mediepris frå tidsskriftet The Economist, som ikkje er kjent for anarkisme.

Men i april 2010 fekk WikiLeaks gjennomslag for alvor, først med filmklippet som vart publisert på nettet under tittelen Collateral Murder. Opptaket, som stamma frå det amerikanske militæret, synte korleis skyttaren på eit Apache-helikopter drap eit dusin sivile på gata i Bagdad i 2007. Blant dei drepne var to tilsette i nyhendebyrået Reuters, og saka vekte sterke reaksjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement