Den vanskelege bondeinntekta
– Bonden tener rimeleg bra, men det er i hovudsak på grunn av inntekter frå andre kjelder enn jordbruket, seier Ola Honningdal Grytten.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Samtalen
Ola Honningdal Grytten
økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskule
Aktuell
Leiar for ekspertutvalet bak rapporten «Inntektsmåling i jordbruket»

Jordbruk
eva@dagogtid.no
Regjeringa skal leggje fram ein tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Denne veka fekk ho overlevert rapporten frå ekspertutvalet som har vurdert grunnlaget og føresetnadene for å jamføre næringsinntekter i jordbruket med løn for andre grupper.
Bøndene har hatt store forventningar til rapporten, men er skuffa over resultatet. Norges Bondelag meiner utvalet ikkje har funne ein god måte å måle bondens inntekt på. Det er ein kritikk økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten, som har leidd utvalsarbeidet, kallar uforståeleg.
– Vi har brukt mykje tid på å få fram meir data enn det som har lege føre, for å danne grunnlag for å måle kva bønder tener, og kva inntektshøve bonden har. Og vi kjem med forslag til korleis det kan gjerast, så kritikken er vanskeleg å forstå, seier han.
– Kan arbeidet dykkar føre til vesentlege endringar i økonomien til bøndene?
– Det er opp til dei som forhandlar jordbruksoppgjeret å avgjere, for det er eit politisk spørsmål. Vi har kartlagt kva bøndene tener, og kva inntektsmoglegheiter som finst.
– Men gjer rapporten det mogleg å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper?
– Det gjev i alle fall betre verktøy å bruke i inntektspolitikken for jordbruket.
– Korleis er inntektene til den norske bonden jamført med andre grupper?
– Bonden tener rimeleg bra, men det er i hovudsak på grunn av inntekter frå andre kjelder enn jordbruket. Avkastinga på investert arbeid og kapital på sjølve jordbruket er låg for mange bønder, men ikkje for alle.
– Kva er det viktigaste forslaget dykkar til endring i måten å rekne bøndenes inntekter på?
– Vi føreslår å modifisere totalkalkylen (ei oversikt over dei totale inntektene, kostnadene og arbeidstidene i jordbruket, og forbruket av jordbruksprodukt, som i dag vert brukt til å rekne ut inntektene til bøndene, journ. merk.), slik at kalkylen liknar meir på måten bonden fører eige rekneskap på, og dermed vert lettare å kjenne seg att i. I tillegg har vi kome opp med ein modell for inntektsmoglegheiter som ikkje er basert på ei teoretisk modellering av kva bøndene kan tene, men som tek utgangspunkt i alle bønders inntekt og ut frå det ser kva ein med rimeleg resultatdriven drift kan greie å oppnå. Vi har òg komme med ein heil del nye data for kva bøndene tener.
– Kor stor betydning vil forslaget om å kostnadsføre leige av jord- og mjølkekvote og innleigd arbeidskraft ha?
– Ut frå totalkalkylen fell då snittinntekta per år per bonde frå om lag 425.000 kroner til om lag 375.000. Men totalkalkylen kan ikkje eigentleg brukast til å jamføre inntektsnivå. Der føreslår vi ein hybridmodell der gjennomsnittleg årsinntekt vert jamført med faktiske inntektsmoglegheiter for bønder som har gode resultat.
– Kva ved bøndenes inntekt har overraska deg mest?
– Den store spreiinga. Somme tener bra, andre dårleg, og mange av dei har ulike motiv og mål for gardsdrifta. Somme driv for å leve av drifta, andre fyrst og fremst for å oppretthalde familietradisjonen. Når vi skal rekne ut inntektene til bonden, må vi ta omsyn til begge gruppene, og det er vanskeleg.
– Tal frå Statistisk sentralbyrå laga for utvalet syner at halvparten av bøndene i dag har under 100.000 kroner i jordbruksinntekt og at ein fjerdedel går i minus. Var det uventa?
– Nei, eigentleg ikkje, for det er mange som driv veldig små bruk, og det er stort sett dei med liten aktivitet som tener så lite. For fulltidsbønder er situasjonen ganske annleis.
– Hovudankepunktet til Bondelaget er at de ikkje har gått inn for å splitte opp inntektsmålet slik at det kjem fram kor mykje av bondeinntekta som er løn og kor mykje som er avkasting på kapital. Kvifor gjer de ikkje det?
– Fordi bonden er sjølvstendig næringsdrivande, og for næringsdrivande er inntekt frå både arbeid og kapital med i inntektsdanninga. Skulle vi trekt frå stipulerte kapitalinntekter for bøndene, ville vi sagt at det som for alle andre næringsdrivande er inntekt, er ein kostnad for bøndene, og det fann vi vanskeleg å gjere reint logisk.
– Mange bønder er bundne opp av målprisar og av konsesjonspris. Er det då mogleg å sjå bondeløna ut frå prinsippa som gjeld for andre næringsdrivande?
– Det er lettare å jamføre inntekta til ein bonde med inntekta til andre næringsdrivande enn inntekta til lønsmottakarar. Veldig mykje lettare. Ein bonde må skaffe inntekter i marknaden, og han lever av overskotet. Lønstakarar får løn etter tariff. Så trur eg vi har synt at den gjennomsnittlege bondeinntekta ikkje gjev marknadsmessig avkastning til både arbeid og kapital. Representerte eg ein bondeorganisasjon, ville eg vore glad for at det var synt fram, framfor å berre fokusere på at dei to ikkje var delte opp i inntektsmålet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.