I Noreg er det ikkje tale om å gjenopplive hagebyen, men å fortrengje minnet om denne bymodellen.
Nøtterøy kommune har engasjert Spir Arkitekter. På utkastet deira synest bustadkompleks. Arkitekt Arne Sødal har kome med eit alternativ aksjonsgruppa på Teie vil ha: småhus som passar inn i hagebyen.
Spir Arkitekter
Påstanden over er sterk, men slik ser det ut om du reiser til Nøtterøy i Vestfold. Her er stridens kjerne ein hageby i Teie utanfor Tønsberg, der kommunen har avgjort at det skal byggjast eit trafikknutepunkt. Verneverdige hus i den gamle Nøtterø Haveby skal rivast, og blokker på seks etasjar skal byggjast, saman med rekkjehus med fire parkeringsplassar på drygt eit mål tomt. Dei grøne parsellane og småhagane i hagebyen skal bort.
Nøtterø Haveby vart reist midt i stordomstida for hagebyar i Noreg; utbygginga tok til i 1919. Arkitekt bak var Kristofer Lange, som også stod for Sogn hageby i Oslo. Planen hausta lovord, og på ei utstilling for arealplanar i Göteborg vann planen fyrsteprisen. Nøtterø Haveby stod ferdig i 1921 og hadde område regulert til friluftsliv, torg, handel og så bortetter – altså blanda funksjonar.
Byhagen har halde seg uendra fram til i dag, heilt til kommunen fann på dei nye planane sine – trass kritikk frå Riksantikvaren og Norsk institutt for kulturminneforskning.
«Politikerne vet verken hvor eller hva hagebyen er», skreiv Connie Didriksen og Per Evtun i Tønsberg Blad i november i fjor i protest mot blokkene som skal reisast der.
Det er etablert ei aksjonsgruppe på Teie. Dei ynskjer no avbrot i rivinga av hagebyen, slik at innbyggjarane og kommunen kan finne fram til ei ny løysing for området.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Påstanden over er sterk, men slik ser det ut om du reiser til Nøtterøy i Vestfold. Her er stridens kjerne ein hageby i Teie utanfor Tønsberg, der kommunen har avgjort at det skal byggjast eit trafikknutepunkt. Verneverdige hus i den gamle Nøtterø Haveby skal rivast, og blokker på seks etasjar skal byggjast, saman med rekkjehus med fire parkeringsplassar på drygt eit mål tomt. Dei grøne parsellane og småhagane i hagebyen skal bort.
Nøtterø Haveby vart reist midt i stordomstida for hagebyar i Noreg; utbygginga tok til i 1919. Arkitekt bak var Kristofer Lange, som også stod for Sogn hageby i Oslo. Planen hausta lovord, og på ei utstilling for arealplanar i Göteborg vann planen fyrsteprisen. Nøtterø Haveby stod ferdig i 1921 og hadde område regulert til friluftsliv, torg, handel og så bortetter – altså blanda funksjonar.
Byhagen har halde seg uendra fram til i dag, heilt til kommunen fann på dei nye planane sine – trass kritikk frå Riksantikvaren og Norsk institutt for kulturminneforskning.
«Politikerne vet verken hvor eller hva hagebyen er», skreiv Connie Didriksen og Per Evtun i Tønsberg Blad i november i fjor i protest mot blokkene som skal reisast der.
Det er etablert ei aksjonsgruppe på Teie. Dei ynskjer no avbrot i rivinga av hagebyen, slik at innbyggjarane og kommunen kan finne fram til ei ny løysing for området.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?