JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den siste protestant?

Berre i Noreg trur fleirtalet kristne på Luthers læresetning om at gudstrua er den einaste vegen til frelse, rapporterer forskning.no.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristne nordmenn er åleine om å vere heilt samde i Luthers læresetningar.

Foto: Jens Meyer / AP / NTB scanpix

2236
20170922
2236
20170922

Det er min tur. Presten ser på meg og vinkar meg fram med mikrofonen. Det er overhøyring, spørjesøndag. Eg er 14 år og komande konfirmant.

– Kan du sitere fadervår for meg? spør han.

Eg trekkjer pusten, siktar meg inn mot mikrofonen og byrjar å snakke. Fort.

– Forriketerdittogmaktaogæraiallæveamen, avsluttar eg.

Eg registrerer ordflaumen i høgtalarekkoet, og prøver å halde på det eg har att av oksygen. Det skal litt til å kome seg gjennom heile fadervår på eitt einaste andedrag.

Presten ser på meg, antakeleg forundra over at eg alt er ferdig, og gjev meg signal om å gå og setje meg att. Etter gudstenesta spør eg veninna om ho trur det gjekk bra.

– Ja då, men det gjekk kanskje litt fort, seier ho.

Det er no 500 år sidan Luthers opprør mot avlatsbreva og den katolske kyrkja, og det er islam, ikkje katolisismen, som vekkjer harme og splitting hos folk i dag. Medan berre 55 prosent av norske born vert døypte, melder SSB, går 10 prosent av nordmenn til gudsteneste eller anna kristeleg møte ein gong i månaden eller oftare.

Konfirmasjonen er ikkje lenger tvungen, og såleis er trua meir open og inkluderande enn før. Men konfirmasjonen er meir eit oppvekstritual og ein gåvefest enn ei faktisk stadfesting av tru. Norske kristne er altså ikkje dei siste protestantane. Men dei er dei siste protestantane som ikkje trur på aktiv handling som ein veg til frelse.

Seks år etter spørjesøndagen er det vår i 2012. Eg sit bakarst i kyrkja i heimkommunen og ventar på signal. Då preludiet ljomar i veggane, stiller eg meg i lag med systrer og brør i gangen utanfor kyrkjerommet. Tanteungen min skal døypast. «Som fadder lovar du å oppsede barnet i den kristne tradisjon og tru», står det i heftet eg blar i. Eg er vaksnare enn då eg hadde konfirmasjonskappa over skuldrene, og har eit dilemma: Eg er ikkje religiøs. Betyr det verkeleg noko lenger at eg er døypt og konfirmert? Det neste eg registrerer, er at presten som i si tid konfirmerte meg, uttalar namnet på ungen feil. Og så ber det opp kyrkjegolvet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Betyr det verkeleg

noko lenger at eg er

døypt og konfirmert?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis