Kommentar
Den nye høgresida
Når alliansen mellom Erna Solberg og Sylvi Listhaug slår sprekker, er det ein setningsskade frå eit politisk jordskjelv.
Frp-leiar Sylvi Listhaug og Høgre-leiar Erna Solberg under partileiardebatten til TV 2 31. august. Diskusjonen om statsministerposten har forsura relasjonen mellom dei to i innspurten av valkampen.
Foto: Javad Parsa / NTB
Det var Erna Solberg som byrja. «En Høyre-ledet regjering er det eneste alternativet til dagens regjering», sa ho til Aftenposten 28. august og avskreiv med det Sylvi Listhaug som statsministerkandidat. «Erna Solberg virker mer opptatt av at hun vil inn i statsministerboligen, enn å ha fokus på politikken», small det frå Listhaug via VG same dag. Dette lova ikkje så godt for utsiktene til å danne ei borgarleg regjering.
Sidan da har partileiarane prøvd å glatte over usemja og understreke kor mykje dei er samde om. Men krangelen mellom Solberg og Listhaug handlar om meir enn sleivete utsegner eller personleg antipati. Gnissinga mellom dei to partia er eit utslag av ei stor forskyving i europeisk politikk. I ei rekke land har høgrepopulistiske parti gått fram dei siste åra, medan dei gamle borgarlege styringsparti har krympa.
To fall
Mykje har vore skrive og sagt om fallet til dei sosialdemokratiske partia i Europa dei siste tiåra. Nedgangen til dei gamle konservative folkepartia har fått mindre merksemd, men er omtrent like dramatisk. Det norske Høgre har vore blant dei store borgarlege partia i Europa som har klart seg bra – i alle fall var det slik inntil nyleg. Men det siste året har partiet falle jamt og trutt på meiningsmålingane, frå kring 25 prosent oppslutnad i fjor sommar til under 15 prosent no. I ei måling denne veka svarte berre 13,4 prosent at de ville stemt på Høyre.
Framstegspartiet har derimot floge høgt på meiningsmålingane lenge. Partiet har blitt målt til over 20 prosent oppslutnad heilt sidan oktober i fjor, og kjem etter alt å døme til å bli nest største parti på Stortinget etter valet. Likevel er det ikkje gjeve at oppslutnaden kjem til å gje særleg makt. Frp støyter mot nokre av dei same problema som mange høgrepopulistiske parti i andre europeiske land har møtt dei siste åra.
Distanse
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.