Dei unge veiknar
Born og unge vert i stendig dårlegare form. Det kan gå ut over demokratiet og den psykiske folkehelsa.
Forskinga viser at den fysiske forma til born og unge berre vert dårlegare. Mange sit inne og spelar data i staden for å vera ute. Biletet er frå den fire dagar lange turneringa X Meeting Point på Hellerudsletta i fjor.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Heilt sidan dei gamle grekarane har det vore klaga over dei unge, og heilt sidan dei gamle grekarane byrja å klaga, har nokon sagt at no må det verta slutt på å klaga som dei gamle grekarane. Denne artikkelen skal likevel handla om at unge i dag faktisk er verre enn tidlegare generasjonar, og at dette er dokumentert.
I desse spaltene har det vore skrive mykje om eldrebylgje, aukande pensjonsforpliktingar og ei eldreomsorg som må taka all ny arbeidskraft og mykje av den gamle for at dei eldre skal få eit minimum av omsorg. Men er det så sikkert at dagens unge vert så gamle? Ja, demografane trur det, men har dei teke omsyn til kva slags menneske dei unge er? At det er stor skilnad på kva slags barne- og ungdomstid dei over 45 hadde, samanlikna med dei under 45?
Når ein skal føresjå kor god helse ein person vil ha i framtida, og kor lenge ein gjennomsnittsperson kjem til å leva, er det mykje ein bør granska: styrke, koordinasjon, sosial aktivitet, arbeid, løn og utdanning – lista kan gjerast særs lang. Men kan vi berre velja éin indikator, meiner både dei amerikanske hjarteforeiningane og den store kardiogruppa CERG ved NTNU at vi skal velja maksimalt oksygenopptak. «Kondisjon målt som VO2max er det beste målet for å predikere livslengd og god helse», skriv kondisjons- og hjarteforskarane ved NTNU på si heimeside.
VO2max er kor mange milliliter oksygen kvart kilo tek opp per minutt når du pressar deg sjølv maksimalt. Det vil seia at om du har ein godt trena muskulatur, sterkt hjarte og låg kroppsvekt, får du til saman eit særs godt resultat. I praksis samlar VO2max mykje: trening, livsstil, sosial aktivitet, mat, rus, røyking og så bortetter – i eitt konkret resultat. For det er ikkje til å koma forbi: I moderne samfunn har dei veltrente – i gjennomsnitt – det beste livet.
Ein by i Sussex
Men i kva retning går forma til unge og born i dag?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.