Kommentar
Dei lyseblå var dei verkelege vinnarane
Det er lite truleg at partia på ytre høgre fløy kan veksle framgangen i EU-parlamentsvalet inn i makt og politisk innverknad.
Italias blåblåe statsminister Giorgia Meloni takkar folket sitt for tilliten etter at resultatet i EU-parlamentsvalet blei kjent 10. juni 2024.
Foto: Alberto Lingria / Reuters / NTB
Partiet til Emmanuel Macron gjekk på ein smell i EU-valet. Ikkje nok med at Marine Le Pen og Nasjonal samling fekk 31,5 prosent av røystene, men det vesle partiet Reconquête, som ligg endå lenger til høgre, fekk over 5 prosent. Dei to ytre høgre-partia fekk godt over dobbelt så mange røyster som Renessansepartiet til Macron – som hamna på 14,6 prosent.
Det var liknande mønster i andre land. I Tyskland fekk Alternative für Deutschland (AfD) bortimot 16 prosent av røystene, medan det sosialdemokratiske regjeringspartiet til Olaf Scholz fekk 14 prosent – partiets dårlegaste valresultat på over hundre år. I Italia fekk statsminister Giorgia Melonis høgreparti nær 29 prosent – fire gonger meir enn ved EU-valet i 2019. I Austerrike fekk det nye, mørkeblå Fridomspartiet 27 prosent.
Kvifor gjekk dei fram?
Ei forklaring ligg ope i dagen: Dei er kritiske til innvandring og til utvida EU-samarbeid, og dette trekkjer til seg veljarar.
Innvandringsmotstand har lenge vore ei drivkraft for nasjonalistiske rørsler og politiske parti i Europa, og det skaut fart etter den arabiske våren. Veksten i parti på ytre høgre fløy heng ofte samen med to ting: kor mange innvandrarar som kjem, og kvar dei kjem frå. Den største veksten for mørkeblå parti har i regelen skjedd der innvandringa frå muslimske land og Afrika har vore stor.
Når det gjeld skepsisen til utvida EU-samarbeid, har den vorte styrkt av hendingar sidan førre EU-val. Ei av dei var brexit. Den opprivande debatten om utmelding i Storbritannia auka EU-skepsisen i fleire land. Men ei viktigare drivkraft var tre kriser som alle førte til eit sterkare EU. Den fyrste var koronakrisa. Då den braut ut våren 2020, reagerte fleire statar unilateralt, stengde grensene, verna om helsa til eigne innbyggjarar og skaka EU-samhaldet. Men EU stod ikkje berre av krisa, men utvikla òg ein ny, felles helsepolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.