Kommentar

Burde Trump fått fredsprisen?

Mange trudde Trump var ein isolasjonist. Det har han vist seg ikkje å vera. Men kva er eigentleg Trumps utanrikspolitiske dagsorden?

  

U.S. President Donald Trump speaks during a world leaders' summit on ending the Gaza war, amid a U.S.-brokered prisoner-hostage swap and ceasefire deal between Israel and Hamas, in Sharm el-Sheikh, Egypt, October 13, 2025. Yoan Valat/Pool via REUTERS
USAs president Donald Trump held ein tale under fredstoppmøtet i Sharm el-Sheikh 13. oktober.
Publisert Sist oppdatert

Det var eit fantastisk PR-stunt og ein utruleg siger for Donald Trump: biletet av den amerikanske presidenten på podiet under fredstoppmøtet om Gaza. Bak han stod leiarar frå 27 ulike land og klappa. Benjamin Netanyahu nominerte han til fredsprisen.

Med truslar om å trekkja USA ut av både Nato og FN har mange trudd at Trump var ein slags isolasjonist. Det har vist seg å vera feil. I staden har han vorte svært aktiv på den internasjonale arenaen. Han er ikkje imot internasjonalt samarbeid, det må berre skje på hans måte. Trump er eksepsjonalist: Dei reglane som gjeld for andre, gjeld ikkje for han.

For dei som lurer på korleis Trumps innmarsj på den internasjonale scena vil arta seg, kan det vera nyttig å ta ein kikk på korleis han opptrer på heimebane. Den manglande respekten for konstitusjonell rett og sedvane er gjennomgåande. Så langt er det amerikanske rettsvesenet sylta ned i over 200 saker som på ulike måtar handlar om politikken til Trump-regjeringa. Eitt døme er forsøket på å ta kontroll over rentepolitikken frå sentralbanken ved å avsetja ein av medlemmene i bankens renteråd. Klarer han å avsetja éin medlem, kan han sjølvsagt også avsetja fleire, og indirekte få kontroll over sentralbanken. Så langt har han ikkje lykkast, men saka er langt frå avgjord.

Sjølvstendet til direktorata er viktig i eit demokrati: Påstandar skal kunna sjekkast og kontrollerast utan at ein skal frykta represaliar frå presidenten. Dette bryr Trump seg lite om: Då direktoratet for arbeidsstatistikk publiserte data som viste aukande arbeidsløyse, sparka Trump leiaren for byrået. Han har også sparka fleire av styremedlemmene i arbeidstilsynet, og dessutan leiaren for konkurransetilsynet og leiaren for forbrukartilsynet.

Fleire amerikanske delstatar og selskap har saksøkt Trump-regjeringa for ulovleg handelspolitikk. Store endringar i tariffane skal i utgangspunktet forankrast i Kongressen. Men kverna til rettsvesenet mel langsamt, og i mellomtida opptrer Trump som om han har retten på si side. Nasjonalgarden er send inn i fleire amerikanske delstatar. Det eksisterer sjølvsagt mange lovmessige skrankar som skal hindra ein president i å bruka nasjonalgarden på denne måten. Men også her utnyttar Trump sommelet til rettsvesenet.

Det me såg i Sharm el-Sheikh, er at Trump no tek i bruk dei same verkemidla han har brukt heime, til å skaffa seg makt ute.

Dette er berre nokre døme på korleis Trump utfordrar amerikansk rettsorden. Andre døme er nedlegginga av utdanningsdepartementet, oppretta gjennom eiga lovgiving i 1979, og måten han har halde tilbake føderal støtte til universiteta på, for å tvinga fram sin eigen politiske dagsorden. Det me såg i Sharm el-Sheikh, er at Trump no tek i bruk dei same verkemidla han har brukt heime, til å skaffa seg makt ute: Han bryt ned tilliten og støtta til internasjonal rett og mellomfolkeleg samarbeid, samtidig som han byggjer opp seg sjølv som den som kan «fiksa» problema.

La oss sjå på tre døme. Donald Trumps uføreseielege tariffpolitikk er allereie nemnd. Ikkje berre er denne politikken med på å skaffa presidenten handlingsrom heime, han skaffar han også handlingsrom ute. Før Trump var internasjonal handel regulert gjennom forhandlingar i den internasjonale handelsorganisasjonen WTO. Handelsregimet bestod av eit nett av reglar og kutymar, utvikla gjennom mange tiår. Fleire vil hevda at regelverket til og med var svært fordelaktig for USA, men Trump har kasta alt på sjøen. I staden bruker han toll og tariffar skamlaust for å pressa fram innrømmingar frå andre land.

Samtidig kuttar Trump den politiske og økonomiske støtta til FN. I august fjerna Trump 8 milliardar kroner i støtta til FNs fredsbevarande styrkar. Kostnadene blir fordelte etter ein nøkkel basert på kvart enkelt lands storleik og økonomi. Men med nei-haldninga si struper Trump FNs handlingsrom. Ein av fredsoperasjonane som blir ramma, er FNs operasjon i det austlege Kongo. Samtidig har Trump sjølv tredd inn som ein slags forhandlingsleiar i Kongo og hevdar å ha løyst krisa. Noko av det som skal ha inngått i forhandlingane, er ønske frå Trump-regjeringa om å deportera amerikanske immigrantar til Rwanda, og krav om tilgang på verdifulle mineral. Utan FN i ryggen har motparten lite å stilla opp med.

Bak ein plakat der det stod 'Fred 2025' vart Trump hylla for å skapa fred. Benjamin Netanyahu nominerte han til fredsprisen.

U.S. President Donald Trump waits to greet world leaders before a family photo at a world leaders' summit on ending the Gaza war, amid a U.S.-brokered prisoner-hostage swap and ceasefire deal between Israel and Hamas, in Sharm el-Sheikh, Egypt, October 13, 2025. Yoan Valat/Pool via REUTERS TPX IMAGES OF THE DAY
«Fred 2025». Donald Trump ventar på resten av statsleiarane som deltok på fredstoppmøtet.

Trump er dyktig på PR, og i Sharm el-Sheikh var eit av måla openbert å visa fram eit glansbilete av nettopp Trump. Men faktum er jo at Trump har sete i vegen for fred på Gazastripa sidan han vart innsett som president. Ved å stemma ned alle forsøk på å handtera Gaza-krigen gjennom FN og Tryggingsrådet kunne Trump tre inn som ein slags frelsar, nettopp fordi han og USA hadde sabotert alle andre forsøk. No får Trump direkte kontroll over pengestraumane som skal gå til gjenoppbygginga av Gaza, gjennom det såkalla fredsrådet.

Heller ikkje i Ukraina har Trump gjort noko alvorleg forsøk på å skapa langsiktig fred. I staden har målet vore å få til ein personleg avtale med Vladimir Putin, ein mann som er ettersøkt av Den internasjonale straffedomstolen for å dela Ukraina i to i ei slags Molotov–Ribbentrop-pakt.

Dette er berre nokre få døme på korleis internasjonal rettsorden ser ut med Donald Trump som president. Internasjonale organisasjonar blir sette til side for at Trump skal få meir spelerom sjølv. Og då har eg ikkje nemnt at Trump målretta søkkjer båtar i internasjonalt farvatn, at han har trekt USAs støtte til Paris-avtalen og Verdas helseorganisasjon (WHO), og at han jobbar aktivt for å påverka innanrikspolitikken til andre demokratiske statar.

Amerikansk eksepsjonalisme er ikkje noko nytt fenomen, men med Trump har eksepsjonalismen vorte langt meir ekstrem. Trump viser forakt for samarbeid og rettsorden både heime og ute. I sin ytste konsekvens er denne maktpolitikken ein direkte trussel mot små statar som Noreg, som er avhengige av internasjonale organisasjonar. Frå før veit me at Russland ikkje har nokon respekt for suverenitetsprinsippet. Og kva vil Kina gjera om Russland og USA ikkje vil marginalisera FN?

Mange synest å tru at svaret på trusselen er at ein må smiska med Trump for å halda på ein sterk alliert. Men det er ein kortsiktig strategi. Kanskje kan ein vinna nokre fordelar på kort sikt, men kva kostnad har det på lang sikt om den internasjonale rettsordenen blir bygd ned? Om ikkje resten av verda er på vakt, fører Trumps utanrikspolitikk oss rett tilbake til det skruppellause stormaktsspelet me såg i mellomkrigstida. Ingen bør få fredsprisen for sånt.