BlåisIsen var ikkje berre grå denne påska. Han var blå over heile Jølstravatnet, men ikkje i eitt flak, men som skiver med render imellom. Farleg å sjå til, farleg og gå på. Som i 1956 då fylkesmeisterskapen vart avvikla på Vassenden, og vinnaren Oskar
Isen var ikkje berre grå denne påska. Han var blå over heile Jølstravatnet, men ikkje i eitt flak, men som skiver med render imellom. Farleg å sjå til, farleg og gå på. Som i 1956 då fylkesmeisterskapen vart avvikla på Vassenden, og vinnaren Oskar Hilleren frå Jostedalen vann alle distansane. Bana var saga laus på både innsida og utsida og flaut opp, for å kunne måke av den våte snøen. I Cortina same år måtte dei sage laus heile det store flaket. Det høyrer til Jølster-soga at vinnaren vart våt då han kom utanfor kanten under oppvarminga. Han hadde ikkje med sokkeskift, men vrei opp det våte og vann distansen.
Ein stor mannsalder seinare er vi i toppsjiktet i skeisesporten som heilskap, verdas største skiskyttar avslutta ein eineståande karriere, for første gang har vi lagt bak oss eit tilsynelatande hendingsrikt år. Eg skriv mest om musikk, og tykkjer den politiske striden har vore meir skrik enn ull. I det politiske sentrum har deltakarane bydd seg fram som støttespelarar for fløyene, denne veka når det gjeld eggdonasjon.
Det er då ei lita bok landar på bordet med teksten «Alle detaljane var heslege og til saman danna dei lykke». Det er forlaget Skald som i ein serie gjev ut klassikarar på nynorsk. Forfattaren Robert Musil (1880–1942) er elles mest kjend som forfattar av Mannen uten egenskaper.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.