JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det skal
visst gå bra med Noreg

Perspektivmeldinga teiknar eit roseraudt bilete av norsk framtid. Nokre små justeringar, og velferdsstaten kan halda fram som før.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) presenterer Perspektivmeldinga 2017 på Kuben videregående skole i Oslo fredag. Dei har funne ut noko få økonomar har funne ut: at vi ikkje treng skatteauke, men skattelette, for å halda oppe velferdsstaten.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

10582
20170407

Bakgrunn

Perspektivmeldinga

Meldinga vert lagt fram før påske kvart valår

2017-meldinga viser at staten må finna nye 5 milliardar kroner per år, eller 150 milliardar mellom 2030 og 2060.

Erling Holmøy i SSB meiner at skattane må dramatisk opp om vi skal halda oppe velferdsstaten. Men Siv Jensen meiner vi kan halda det noverande skattenivået eller til og med redusera skattane litt.

jon@dagogtid.no

Så er vi der igjen: Staten eller Finansdepartementet vil seia noko om framtida i noko dei kallar Perspektivmeldinga. Meldinga vert lagt fram kvart fjerde år, ho kjem før påska og vert alltid lagt til eit valår. Ho er meint å vera eit ærleg dokument, og sidan ho er skriven av dei fremste byråkratane, dei som sit i Finansdepartementet, skulle ein tru at meldinga var, ja, ærleg. Men lesen opp mot internasjonal forskingslitteratur og statistikk, vert det vanskeleg å tru på intensjonane og spådomane om framtida.

Meldinga gjev seg føre å seia noko om kva inndekkingstrongen er på offentlege budsjett i framtida – kor mykje meir vi må ut med, skal velferdsstaten haldast oppe. Byråkratane kjem til at frå 2030 av må vi redusera, eller dekka inn, fem milliardar kroner på statsbudsjettet per år, eller 150 milliardar fram til 2060. Det er ein svært liten sum i eit land som alt i dag har ei verdiskaping på godt over 3000 milliardar kroner. Ja, vi kan faktisk finna denne summen utan å gjera noko som helst med velferdsstaten. Om vi legg saman importvernet og dei direkte landsbrukssubsidiane, kjem vi til om lag 30 milliardar. Tek vi dei direkte overføringane og skattefritaka til distrikt, får vi 40 milliardar til. Der har vi dekt inn 70 milliardar, eller 14 år. Så kan vi taka overføringar til ideelle organisasjonar, Idrettsforbundet, Raudekrossen og slikt, som er på 50 milliardar. No er vi oppe i 120 milliardar, med nokre overlappingar her og der.

Kuttar vi ut desse tiltaka, er Noreg berekraftig fram til 2054. No manglar vi berre seks år – eller 30 milliardar – før vi er i mål, som er i år 2060. Kuttar vi ut utviklingshjelpa, så er vi framme. Bort med særnorsk distriktspolitikk, landbruk, u-hjelp og støtte til friviljuge organisasjonar, og Noreg kan halda fram som før.

Kutt skattane

No står det ikkje i meldinga at vi skal kutta ut desse budsjettepostane, det står heller ikkje at vi skal auka skattane. Tvert imot skal vi redusera skattane. Særleg skal næringslivet få tydelege reduksjonar, dette av di byråkratane og Siv Jensen vil ha oss til å arbeida meir. To ting skal berga oss i framtida, seier dokumentet: auka arbeidsinnsats og auka produktivitet. Det siste er særleg avgjerande i offentleg sektor, som har synt seg noko uviljug til å auka produktiviteten. Og her skal vi hugsa at meldinga tek utgangspunkt i at vi ikkje skal auka velferdskvaliteten i særleg grad.

Her vil ein del økonomar meina at meldinga møter veggen. Skal vi tru meldinga, var yrkesdeltakinga mellom menn på sitt høgste i 1982. Det er neppe sant; deltakinga var garantert høgre i 1950- og 60-åra, men statistikken går ikkje så langt attende. I alle høve: I 1982 låg deltakinga på 78,6 prosent for menn. Kvinnene på si side nådde toppunktet i 2008, då var arbeidsdeltakinga på 70,7 prosent. I dag ligg menn på 73,4 prosent når dei er i arbeidsfør alder, kvinner på 67,7.

Endå verre vert det om vi ser på timar i arbeid. Sjølv om vi i Noreg har relativt høg arbeidsdeltaking, særleg mellom kvinner, fortel meldinga, arbeider vi målt i timar ikkje meir enn gjennomsnittet i EU. Faktum er at sjølv om nordmenn har fått dobla kjøpekrafta sidan 1970, så er vi meir glade i fritid enn i velstand. Sidan 1930 har vi redusert talet på timar i arbeid per sysselsett frå knapt 2500 timar til litt under 1500. Hadde menn arbeidd like mykje i dag som i 1960, hadde ikkje marsjen av kvinner ut i arbeidslivet i 1980- og 90-åra vore naudsynt i det heile.

Underleg trend

Særleg påtakeleg har marsjen ut av arbeidslivet vore dei siste ti åra. Ja, innvandring kan delvis forklara denne utmarsjen, men ikkje heilt, og då vert spørsmålet: Når menn har redusert arbeidstida si jamt og trutt i snart 90 år, og kvinner no tek etter ved at dei på eiga hand har innført sekstimersdagen, kvifor skal trenden verta broten? Dette gjev ikkje meldinga noko godt svar på. Faktum er at ho ikkje gjev svar i det heile. Sjølv etter pensjonsreforma kan underskrivne, med AFP og tenestepensjon, truleg få ein pensjon på rundt 350.000 kroner frå fylte 62–63 år, omtrent når eg er ferdig med å betale ned bustadlånet. Kvifor skal eg då prioritera å arbeida i staden for å ha late dagar?

Så var det produktiviteten. Meldinga viser til at det i Noreg fram til 2006 var ein vekst i konkurranseutsett næringsliv på nær 3 prosent i produktiviteten per time arbeid. Dette vert særleg forklart med reformer i 1990-åra. Dei siste ti åra har denne trenden vorte broten. Veksten ligg no på under 1 prosent. Endå mykje verre vert det om vi tek med bygg- og anlegg. I byggnæringa har trenden vore sterkt negativ, noko som truleg kan forklarast med billig austeuropeisk arbeidskraft.

Så då kjem meldinga med framlegg om at vi igjen skal auka produktiviteten. Men heller ikkje her kjem det gode framlegg om korleis. Få om nokon vert rekna for å vera betre på produktivitetsspørsmålet enn Robert J. Gordon, som i fjor gav ut magnumopuset The Rise and Fall of American Growth. Boka er eit overskot av informasjon. Kvifor steig folketalet eksplosivt, til dømes, idet toget og forbrenningsmotoren vart funnen opp? Jo, hestar som vart nytta til transport, måtte ha ein fjerdedel av alt dyrka land for å overleva, og dette landet vart frigjort til menneskeføde. Men kan vi finna opp dampmaskina eller forbrenningsmotoren på ny? Nei.

Litt nytt å finna opp

Gordons tese er at for USAs del var åra mellom 1870 og 1970 unike, så har resten av den rike verda med nokre års forseinkingar kunna kopiera USA. Særleg mellom 1920 og 1970 skjedde det noko magisk: Totalfaktorproduktiviteten (TFP), at vi vert betre til noko uavhengig av realkapital, gjekk opp med 2 prosent per år, ikkje minst fordi vi vart flinkare i arbeid grunna skulegang. Men menneske kan ikkje gå på skule meir éin gong. Etter 1970 har USAs totalfaktorproduktivitetsvekst lege på 0,6 prosent, mykje grunna datarevolusjonen mellom 1990 og 2004, ein revolusjon som no har slutta å levera. I framtida, seier Gordon, står det berre sakte betring av eksisterande teknologi att, og kanskje nokre tilbodssidereformer à la det Gro leverte då ho fekk reformera norsk økonomi.

Mange har trekt fram digitalisering og robotar – noko også skrivarane av meldinga gjer – som område der vi kan forbetra oss. Ja, det er truleg rett. Men Noreg ligg alt no i verdstoppen på desse områda, og særleg har vi betra oss dei siste ti åra. Men i den same perioden har den samla produktivitetsveksten vore historisk låg. Det er ikkje til å koma forbi at alle nordmenn no har elektrisitet og høve til å nytta jetfly på reiser. Ingenting av dette kan finnast opp på ny.

Ein av dei som ikkje trur særleg på at vi kjem til å endra oss gjennom å arbeida mykje hardare og verta mykje meir produktive, er SSBs Erling Holmøy, som har levert så godt som alt underlagsmaterialet om innvandring i meldinga. Innvandringsbiten treng vi ikkje presentera her, sidan vi alt har skrive mykje om emnet i Dag og Tid. Holmøy har lita eller inga tru på at skattane skal vera stabile eller til og med gå ned på visse felt, slik Perspektivmeldinga legg opp til. Holmøy har rekna på kva som skjer om dei noverande trendane held fram: Då snakkar vi ikkje om 150 milliardar fram til 2060; vi snakkar om 600–700 milliardar.

Skattane skal opp

Dei siste 45 åra har vi teke ut knapt 25 prosent meir fritid. Holmøy reknar med at vi fram mot 2060 tek ut 20 prosent til. Han legg òg til grunn at vi vil auka standarden på helse og omsorg med 1 prosent per år, ein auke som er langt lægre enn den forbetringa vi har hatt dei siste 30 åra. Han seier vidare at den samla veksten i norsk økonomi skal vera på 1 prosent per år, og at produktivitetsveksten i privat sektor vil vera på 2 prosent – eit overslag Gordon garantert ville rista på hovudet av, han ser i høgda 0,6–0,7 prosent.

Meir på line med Gordon er Holmøy i overslaga for produktivitetsvekst i offentleg sektor, som han går ut frå vil vera på 0,5 prosent. Og det er offentleg sektor som skal veksa dei neste 43 åra i Noreg. I 1970 var det 1,9 personar over 67 år per 10 personar i yrkesaktiv alder, fortel Perspektivmeldinga; i 2060 vil det same talet vera 3,9, og det sjølv om vi skal verta to millionar fleire innvandrarar. Den låge produktivitetsveksten i offentleg sektor er noko nær naturbestemt. Omsorg, undervising og helse er per definisjon arbeidsintensivt. Ein hjelpepleier har ikkje mykje utbyte av ein Mac. I dag er om lag 14 prosent av oss over 67 år, seier Holmøy. I 2060 trur han det same talet vert 22 prosent, dimed må vi få ein dramatisk vekst i omsorgssektoren.

Kven skal vi tru på?

Perspektivmeldinga legg altså opp til uendra skattetrykk, som i dag er 37 prosent i direkte skattar, seier Holmøy. I 2060 må dei direkte skattane utgjera 63 prosent, skal vi tru Holmøy og ikkje Perspektivmeldinga. Skattane må opp med ein sum som svarar til alt vi i dag nyttar på trygd og helse.

Frå om lag 2030 må staten difor taka all økonomisk vekst og verdien av alt meirarbeid, om vi skal ha ein helse- og omsorgssektor som svarar til ei svak teknologisk forbetring. Men alle vil sjølvsagt ikkje vera i stand til å overleva ein slik skatteauke. Minstepensjonistar og innvandrarar, til dømes, kan ikkje greia det. Då står mellomlaga og dei høgtlønte att. Dei vil måtta betala ein marginalskatt på over 90 prosent. I tillegg kjem moms og dei generelle avgiftene vi betaler i Noreg, og på avgiftsområdet er Noreg alt verdas fremste. I alle høve konkluderer Holmøy med at vi, gjeve ein viss auke i fritid og betre helse- og omsorgsstandard, må gå ned i levestandard stort sett kvart år frå 2030 til 2060.

Så kven skal ein tru på? Holmøy eller Siv Jensen og byråkratane hennar? Det vi kan slå fast, er at Finansdepartementet trur på Holmøy, sidan dei nyttar hans tal for kva innvandring kostar Noreg. Uansett kan vi konstatera at om vi nordmenn er viljuge til å arbeida mykje meir og mykje betre, så vil det gå bra. Men dei som trur dei norske skattane ikkje skal auka, kan rekkja opp handa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så kven skal ein tru på? SSBs Erling Holmøy

eller Siv Jensen og byråkratane hennar?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis