JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Demokratiet
er på defensiven

Verda over er det liberale demokratiet på vikande front.
Kva er det som skjer?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Under det autoritære styret til president Erdogan har demokratiet i Tyrkia stadig blitt innskrenka. Denne veka gjekk Tyrkia til krig mot dei kurdiske YPG-styrkane i Nord-Syria.  Foto: Reuters / NTB scanpix

Foto: Andy Wong / AP / NTB scanpix

9337
20180126

Bakgrunn

Fridom i verda

Organisasjonen Freedom House har laga årsrapportar om demokratiet i verda sidan 1972

I rapporten for 2017 fekk 88 land statusen «frie», 58 «delvis frie» og 49 «ikkje frie»

I 71 land vart fridomen til borgarane innskrenka i fjor

I 35 land vart fridomen større i fjor

Dei mest ufrie landa i verda i 2017 var Syria, Sør-Sudan, Eritrea, Nord-Korea og Turkmenistan, ifølgje Freedom House

POLITIKK

peranders@dagogtid.no

Den nyleg utkomne årsrapporten frå den amerikanske organisasjonen Freedom House er deprimerande lesnad. Demokratiet er på vikande front, og autoritære styresett grip om seg i nesten alle verdsdelar, er konklusjonen. 2017 var det tolvte året på rad med ein nedgang i fridom i verda, målt etter kriteria til Freedom House. I 71 land vart dei politiske rettane og fridomen til borgarane innskrenka. I berre 35 land var det framgang for demokratiet og fridomen.

Organisasjonen har lagt fram slike årsrapportar sidan 1972. Dei kriteria som Freedom House brukar i vurderinga si av verda, kan ein absolutt diskutere: Demokrati og fridom er ikkje enkle variablar å måle. Men Freedom House ser på eit breitt spekter av utviklingstrekk, og vurderer ikkje berre om eit land held frie val, men òg graden av ytringsfridom, borgarrettar, organisasjonsfridom, religionsfridom og rettstryggleik. Ut frå desse målestokkane verkar det klart at fridomen og demokratiet er på retrett over mykje av verda. Etter mange år med framgang for demokratiet, kom vendepunktet i 2006, målt etter kriteria til Freedom House. Det siste tiåret har demokratiet og fridomen blitt redusert i 113 land, og blitt styrkt i berre 62, heier det i rapporten.

Arabisk haust

Denne utviklinga gjer seg gjeldande i dei fleste verdsdelar, syner rapporten til Freedom House. Den såkalla arabiske våren i 2011, som mange håpa skulle gje ei demokratisering i Midtausten og Nord-Afrika, har stort sett fått tragiske utfall. Syria, Jemen og Libya er framleis herja av krig, og i Egypt avslutta hæren demokratieksperimentet med eit statskupp i 2013. I fjor byrja det skøyre demokratiet å vakle også i Tunisia, det einaste av dei arabiske landa der opprøra i 2011 såg ut til å kunne føre fram til eit reelt folkestyre.

Dette er ikkje ei viktig årsak til den store svekkinga av demokratiet som Freedom House påpeikar. I den arabiske verda har aldri demokratiet fått fotfeste. Men også statar som tidlegare har vore rekna som ganske frie og demokratiske, har utvikla seg i ei dyster retning. Eit stort land som Tyrkia, som for nokre år sidan såg ut til å kunne bli eit fullverdig demokrati, har under styret til president Erdogan gått i sterkt autoritær lei, og er no klassifisert som «ikkje fritt» av Freedom House. I Venezuela har styresettet blitt meir autoritært og brutalt under president Maduro. Den folkevalde president Duterte har gjort Filippinane til eit langt farlegare land for opposisjonelle og journalistar. Og tilmed i EU-land som Ungarn og Polen har dei folkevalde regjeringane teke steg i autoritær retning, ved å innskrenke organisasjonsfridomen og sjølvstendet til domstolane.

Tre bølgjer

Denne utviklinga er ein stor nedtur etter optimismen som rådde i åra etter den kalde krigen, da diktatura fall som fluger over mykje av verda og det liberale demokratiet såg ut til å sigre overalt. Men utviklinga har ikkje gått berre ein veg før heller. Statsvitaren Samuel Huntington var opphavsmann til ideen om «dei tre demokratibølgjene», tre historiske epokar da demokratiske styreformer greip om seg i verda. Den første demokratibølgja var perioden da allmenn røysterett og demokratiske val vart innført i dei fleste vestlege land, og strekte seg frå tidleg 1800-tal til framveksten av dei fascistiske og kommunistiske regima i mellomkrigstida. Demokratiseringa stogga opp, og i 1942 var det berre tolv frie, demokratiske statar i verda, ifølgje oversynet til Huntington.

Den andre demokratibølgja starta ved slutten av andre verdskrigen og toppa seg i 1962 med 36 demokrati. Etter dette fall talet litt, før den tredje og største demokratibølgja tok til. På 1980-talet fall dei fleste militærdiktatura i Latin-Amerika, fleire av dei folkerike statane i Søraust-Asia vart demokratiserte, og med kollapsen til sovjetkommunismen vart demokratiet innført i Aust-Europa. Også i Afrika vart mange diktatur avløyste av meir liberale styresett. Sovjetunionen kunne ikkje lenger sponse dei allierte diktatorane sine rundt i verda, og USA mista motivasjonen for å sponse sine. Det såg i det heile svært lyst ut.

Men skal ein tru rapportane til Freedom House, er den tredje demokratibølgja definitivt broten sidan tusenårsskiftet. Kva er det som har skore seg?

Kina-syndromet

– Demokratibølgja er heilt klart broten, og det er nok ingen enkel formel som kan forklare dette. Ulike verdsdelar og ulike land har sine særtrekk. Men Kina har spela ei viktig rolle i denne utviklinga, meiner Øyvind Østerud.

Han er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og leidde den norske Makt- og demokratiutgreiinga frå 1998 til 2003.

– Kina har hatt ein eventyrleg økonomisk suksess sidan 1980-talet og har klart å kombinere eit autoritært styresett med sterk vekst. Kina har tilbydd ein alternativ vekstmodell som har hatt appell i mange land, meiner Østerud.

På 1990-talet, da det liberale demokratiet såg ut til å sigre overalt, var det den såkalla «Washington-konsensusen» som rådde, seier Østerud.

– Økonomisk vekst vart knytt til det liberale demokratiet som styreform. Men Kina viste at ein kunne få vekst også med eit autoritært styresett, det som blir kalla «Beijing-konsensusen». Det siste tiåret har vi i tillegg sett store økonomiske tilbakeslag i Vesten, og den vestlege modellen med liberalt demokrati og økonomisk liberalisme har ikkje same appell som på 1990-talet.

I nokre land har dessutan erfaringane med demokratisering vore alt anna enn gode, påpeikar Østerud.

–?I Russland var styret til den demokratisk orienterte Jeltsin ein katastrofe. Økonomien kollapsa, og privatiseringa gjorde oligarkane søkkrike. Under Putin har styret blitt meir autoritært, men økonomien har blitt stabilisert.

Illiberalt demokrati

Men Putins Russland, til liks med mange andre autoritære statar av i dag, skil seg frå dei reindyrka diktatura på eitt punkt: Desse statane held val, og statsleiarane har ofte stor folkeleg oppslutnad. I ein framsynt artikkel i bladet Foreign Affairs i 1997 skildra Fareed Zakaria det han kalla framveksten av «det illiberale demokratiet», ei styreform som har blitt langt meir utbreidd i dei 20 åra som har gått. Slike statar er demokratiske i den forstand at statsleiarane er folkevalde, men dei manglar det Zakaria kalla «konstitusjonell liberalisme», med maktfordeling, uavhengige domstolar, ytringsfridom, organisasjonsfridom og borgarrettar. «Demokrati utan konstitusjonell liberalisme er ikkje berre utilstrekkjeleg, men farleg. Det kan føre til undergraving av fridom, maktmisbruk, etniske konfliktar og tilmed krig», skreiv Zakaria.

Den analysen står seg godt, meiner Øyvind Østerud.

– Vi ser illiberalt demokrati i ei rekkje land i dag. Desse statane held val, men opposisjonen har ingen sjanse til å få reell makt, og styresmaktene kontrollerer media og domstolane.

EU-paradokset

Dei ulike forståingane av demokrati kan føre til nokre paradoksale situasjonar. Når den folkevalde statsminister Viktor Orbán i Ungarn går i autoritær lei – han har sagt rett ut at han ønskjer ein illiberalt stat, inspirert av Putins Russland – kjem det formanande peikefingrar og politisk press frå EU. Men EU er på si side ein organisasjon med det som gjerne blir kalla demokratisk underskot, fordi mykje makt er flytta vekk frå folkevalde organ.

Dette viser spenninga som ligg i demokratiomgrepet, meiner Østerud.

– For det fleirtalet av ungararar som stør regjeringa, ser nok ikkje presset frå EU ut som ein kamp for demokratiet, men som ei underminering av suvereniteten til dei folkevalde. Men dei ungararane som er i opposisjon og fryktar utviklinga under Orbán, kjenner det truleg som ei viktig støtte til demokratiet.

Adjø til idealet

Men trass i det demokratiske underskotet til EU, er det vanskeleg å sjå nokon andre stormakter eller institusjonar som kan vere effektive forsvararar av det liberale demokratiet i verda i dag. USA ser ut til å ha sagt frå seg denne rolla under Trump.

Kor store dei konkrete følgjene av dette lineskiftet blir, er uvisst: Som årsrapporten til Freedom House påpeikar, har USA slett ikkje alltid levd opp til eigne ideal i kampen for demokratiske verdiar. Mange amerikanske presidentar har valt å samarbeide med autoritære og brutale regime, av ymse strategiske grunnar. Den såkalla krigen mot terror etter 11. september-åtaka på USA i 2001 forsterka truleg viljen til slikt samarbeid.

Men under president Trump ser USA ut til å ha forkasta sjølve idealet om å hjelpe fram demokratiet i andre land. Og ikkje nok med det: «Den amerikanske statsleiaren har erklært beundring for og tilmed personleg venskap med nokre av verdas mest fråstøytande autoritære leiarar og diktatorar», heiter det i rapporten frå Freedom House. Vi lever i interessante tider.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi ser illiberalt demokrati i ei rekkje land i dag.

Øyvind Østerud,
professor i statsvitskap

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis