JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjempene vender ryggen mot nord

Oljegigantane har mista interessa for Barentshavet.
Det lovar ikkje godt for framtida til oljelandet Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Produksjonsskipet «Balder» i Nordsjøen. ExxonMobil selde i fjor Balder-feltet, der selskapet gjorde det første oljefunnet i Nordsjøen 50 år tidlegare. Verdas største oljeselskap er dermed ikkje operatør på noko felt på norsk sokkel.

Foto: Oljedirektoratet

10934
20180119

Bakgrunn

Berre elleve selskap leverte søknad til konsesjonsrunden på norsk sokkel i fjor

102 blokker var lagde ut av regjeringa, dei fleste i Barentshavet

Av dei største oljeselskapa var berre Shell med

I 2008 var 46 selskap med i konsesjonsrunden

Seks av dei sju største selskapa leverte søknad i 2008-runden

Olje

peranders@dagogtid.no

Den nye regjeringsplattforma inneber lite nytt på oljefeltet, men Jeløya-erklæringa slår utvitydig fast det som låg i korta: Regjeringa vil ikkje opne for petroleumsverksemd eller konsekvensutgreiing utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja i denne stortingsperioden. Frå interesseorganisasjonen Norsk olje og gass kom det obligatoriske hjartesukket. «Skuffende», sa direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen til NTB. «Vi vet at disse områdene kunne gitt avgjørende bidrag for å motvirke produksjonsfallet som kommer om få år, og som ville gitt mer verdiskaping for Nord-Norge og mer velferd for Norge», sa Schjøtt-Pedersen.

Han gjer berre jobben sin, Norsk olje og gass vil alltid ønskje seg nye leiteareal. Og Schjøtt-Pedersen har fleire gode grunnar til uro for framtida på norsk sokkel, men den manglande tilgangen til farvatna kring Lofoten er ikkje av dei beste grunnane. Desse områda er på ingen måte avgjerande for framtida til norsk petroleumsverksemd. Om vi skal tru dei geologiske analysane til Oljedirektoratet, er berre seks prosent av dei uoppdaga ressursane på norsk sokkel i dei omstridde områda utanfor Nordland og Troms. Problema for oljelandet Noreg går vidare og djupare enn sokkelen utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Eit stussleg år

Det er ei kjend sak at det har blitt langt mellom dei store funna i Noreg, og oljeproduksjonen i Noreg er halvert sidan toppen i 2000. Til gjengjeld har gassproduksjonen auka mykje, men dette har berre delvis kompensert for oljefallet. I 19 av dei siste 20 åra har oljeproduksjonen på norsk sokkel vore større enn tilveksten av nye ressursar. Unnataksåret var 2010, da det verkeleg store Johan Sverdrup-feltet vart oppdaga i Nordsjøen. Og utan Sverdrup-utbygginga ville det verkeleg sett dystert ut for den norske leverandørindustrien. Prognosane frå Norsk olje og gass tilseier at investeringane på norsk sokkel kjem til å falle markert litt inn på 2020-talet, når det meste av jobben er gjord med dei store felta Johan Sverdrup og Johan Castberg.

Fjoråret vart nok eit stussleg år for dei som leitar etter olje og gass i Noreg. Det vart bora 34 leitebrønnar, elleve av dei resulterte i funn, men ingen av funna var store nok til å forsvare ei eiga utbygging. Også leitinga har minka mykje dei siste åra: I 2014 vart det bora 57 leitebrønnar, i 2013 var talet 59. Nedgangen i leiteverksemda dei siste åra heng truleg saman med fallet i oljeprisen i 2014.

Dei store vil ikkje

Men det mest urovekkjande signalet for framtida til norsk petroleumsbransje var søkjarlista til den 24. konsesjonsrunden på sokkelen i fjor. Det er i desse rundane nye område blir gjorde tilgjengelege for oljeselskapa, og i fjor leverte berre elleve selskap søknader om å få nye blokker. Talet på søkjarar i desse rundane har falle bratt. I konsesjonsrunden i 2015 var 26 selskap med, i 2012 var det 36 selskap, og i 2008 var det heile 46 selskap som leverte søknad. Men viktigare enn talet på søkjarar er det at nesten alle dei største internasjonale oljeselskapa ser ut til å ha mista interessa for nye område på norsk sokkel. I konsesjonsrunden i 2008 deltok seks av dei sju største: ConocoPhilips, Chevron, Total, ExxonMobil, Shell og Eni stod på søkjarlista, berre British Petroleum mangla. I 2017 var Shell den einaste av dei internasjonale gigantane som var med.

Den labre interessa i fjor kan ikkje forklarast med at det var lite areal å søkje på for oljeselskapa i den 24. konsesjonsrunden. Dette var tvert imot ei av dei største utlysingane på norsk sokkel nokon gong. «No må vi køyre på litt», sa olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) da han lyste ut heile 102 blokker til denne runden i mars i fjor, 93 blokker i Barentshavet og ni i Norskehavet. Men Søviknes og resten av regjeringa kan ikkje køyre på ute i havet sjølve, det er det oljeselskapa som må gjere. Og dei vegrar seg tydelegvis for å leggje ut på den lange turen til Barentshavet, der Oljedirektoratet trur at to tredelar av dei uoppdaga petroleumsressursane på norsk sokkel ligg. Om direktoratet har rett, er det i Barentshavet storparten av framtida til norsk oljeproduksjon blir avgjord, ikkje utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Adjø til Balder

Forholda burde tilsynelatande liggje godt til rette for ny leiteboring no: Oljeprisen har meir enn dobla seg sidan botnen vart nådd vinteren for to år sidan. I tillegg har kostnadene ved leiteboring stupt etter oljeprisfallet i 2014. Riggratane er meir enn halverte. Og det norske skattesystemet inneber som før at oljeselskapa kan trekkje frå 78 prosent av kostnadene ved leiteboringa på skatten – eller få ein tilsvarande del av utgiftene refundert, om dei ikkje er i skatteposisjon. Staten tek altså storparten av risikoen, likevel held dei store oljeselskapa seg borte frå dei nye områda i nord.

Og denne utviklinga handlar ikkje berre om leiteboring. I fjor sommar gjorde ExxonMobil, det største oljeselskapet i verda, ein symboltung transaksjon i Nordsjøen. Da selde ExxonMobil seg ut av felta Balder, Ringhorne og Jotun, 50 år etter at selskapet under namnet Esso gjorde det første oljefunnet på norsk sokkel i dette området. Dei tre felta vart overtekne av det vesle norske selskapet Point Resources, og ExxonMobil er ikkje lenger operatør for noko felt i Noreg. Også franske Total har gjeve frå seg operatøransvaret sitt på norsk sokkel, og British Petroleum har trekt seg ut: Aker-konsernet kjøpte den norske verksemda til BP i 2016.

Statoil tek alt

Norsk sokkel har dei siste åra blitt stadig meir dominert av Statoil, som no har meir enn dobbelt så stor produksjon i Noreg som resten av operatørselskapa til saman. Ein skulle tru at Statoil-sjef Eldar Sætre gledde seg over at dei store forsvinn. Da blir det jo meir att til Statoil. Men i desember i fjor uttrykte også Sætre uro over utviklinga. «Jeg skulle helst sett at de store aktørene viste mer interesse for områder på norsk sokkel», sa han til bransjebladet Upstream. Dei store selskapa er ikkje berre konkurrentar for Statoil: Dei bringar med seg mykje kunnskap og erfaring, og dei er ofte solide og viktige partnarar i dei store utbyggingane.

Dei største oljeselskapa sit òg på den største analysekapasiteten i bransjen. Om alle desse kjempene byrjar å misse interessa for nye område på norsk sokkel, har dei truleg rasjonelle grunnar til det. Spørsmålet er kva desse grunnane kan vere?

Faresignal

Den tynne søkjarlista i den siste konsesjonsrunden var eit alvorleg faresignal, sa Bjørn Vidar Lerøen til Teknisk Ukeblad i desember i fjor. Lerøen har følgt oljebransjen i Noreg sidan 1970-talet, som oljejournalist, spesialrådgjevar i Statoil og seinast i Norsk olje og gass før han pensjonerte seg.

– Når det berre er elleve søkjarar i konsesjonsrunden, er det skremmande. Styresmaktene må gjere ei skikkeleg vurdering av kor Noreg står som oljenasjon, seier Lerøen til Dag og Tid.

– Dei må spørje seg: Kva fortel det at dei store trekkjer seg ut? Og korleis kan norsk sokkel igjen bli attraktiv? Kvaliteten på arbeidet vil falle om Shell og Exxon ikkje lenger sender dei beste folka sine hit, meiner Lerøen.

Han ser fleire grunnar til at storselskapa har trappa ned i Noreg.

– Nordsjøen er ein mogen oljeprovins, og i Barentshavet har ein ikkje fått dei gjennombrota mange håpa på. Dei store selskapa har mange alternativ rundt i verda. Vi ser at dei satsar på skiferolje i USA, der det går fort å kome i produksjon. Der kan ein òg raskt skru produksjonen av og på, det kan ein ikkje gjere med Castberg-feltet.

Klimarisiko

Den såkalla klimarisikoen kan òg vere med på å gjere storselskapa atterhaldne til langsiktige og store investeringar i område som Barentshavet, meiner Lerøen.

– Oljeindustrien må tenkje svært langsiktig. Verda vil trenge olje og gass lenge enno, men selskapa må ta inn over seg at det kan vere langt større miljørestriksjonar 30 år fram i tid, kanskje i form av karbonskatt. Dei spør seg: Kan vi tene pengar på å investere i eit oljefelt som skal vare til 2060? Dette er noko nytt, selskapa gjorde ikkje slike vurderingar av klimarisikoen for ti år sidan.

Også norsk petroleumspolitikk har medverka til å gjere storselskapa mindre interesserte, meiner Lerøen.

– Norske selskap, først og fremst Statoil, har vore favoriserte på norsk sokkel. Storselskapa har ikkje fått dei største og mest interessante operatøroppgåvene. Om norsk sokkel skal vere attraktiv i framtida, må staten våge å gje nokre av dei beste konfektbitane til utanlandske selskap.

Lerøen er klar på at Lofoten-spørsmålet er underordna i denne samanhengen.

– Det er ei stor symbolsak, men norsk oljeindustri står og fell ikkje med Lofoten, Vesterålen og Senja. Eg ser uansett på det som ei tapt sak i overskodeleg framtid, seier Lerøen.

Varm potet

– Når dei store oljeselskapa ikkje var interesserte i den siste konsesjonsrunden, er det eit veldig tydeleg signal, seier Helge Ryggvik, som er historikar ved TIK-senteret ved Universitetet i Oslo, med oljeøkonomi som spesialfelt.

Han trur dei reduserte forventningane til store oljefunn i Barentshavet er hovudgrunnen til at storselskapa har fått kalde føter.

– Boringa til Statoil på Korpfjell i Barentshavet i fjor var ein skikkeleg nedtur, påpeikar Ryggvik.

Dette var den leitebrønnen det var knytt størst forventningar til i fjor, men det vart berre funne små mengder gass.

– I tillegg til at forventingane har minka, mistenkjer eg at dei store selskapa kan kjenne det som ei politisk belastning å bore i Arktis. Det er stor motstand mot dette internasjonalt, og liten aksept for å bore etter olje opp mot iskanten.

Ryggvik påpeikar at det framleis er stor interesse for dei veletablerte utvinningsområda på sokkelen, særleg i Nordsjøen, der geologien er velkjend og infrastrukturen er godt utbygd. Heile 39 selskap søkte i fjor om nytt areal i dei såkalla mogne leiteområda på sokkelen, og dette var ny rekord. Også dei store internasjonale selskapa er med her. Denne veka vart det delt ut heile 75 nye utvinningsløyve i dei mogne områda. Det er dei lite utforska områda i nord som har mista appellen. Der er risikoen høgare, men sjansane for store nye funn er truleg òg større.

– Barentshavet er annleis enn Nordsjøen. Storselskapa ser ikkje ut til å sjå for seg ein stor ekspansjon inn i Arktis. Dette er ein politisk varm potet, og det er norske styresmakter som er pådrivar for å halde fram nordover, ikkje oljeselskapa, seier Ryggvik.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Når det berre er elleve søkjarar i konsesjonsrunden, er det skremmande.

Bjørn Vidar Lerøen, Statoil-veteran

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis