Slår alarm
om Arkivverket
Etter at Dag og Tid skreiv om Statsarkiva førre veke, har det kome fram at Riksarkivaren vil sentralisere arkivmaterialet og makulere papirdokumenta etter kvart som dei blir digitaliserte.
Riksarkivar Inga Bolstad.
Foto: Riksarkivet
Bakgrunn
Arkivverket
Arkivverket inneheld Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk Arkiv og Norsk helsearkiv.

Riksarkivet
vidar@dagogtid.no
Riksarkivaren meiner ein må ty til drastiske tiltak for å spare pengar og viser til at 93 prosent av kostnadane i Arkivverket går til leige av lokale og løn. Difor vil ho bygge ned statsarkiva etter kvart som leigekontraktane går ut. Først ut er statsarkivet i Kristiansand.
Dette går fram av framlegget til budsjett for 2018 som nyleg er oversendt Kulturdepartementet. Budsjettframlegget har vekt sterke reaksjonar både mellom dei tilsette i Arkivverket og organisasjonane deira og frå brukarar og tidlegare riksarkivarane, John Herstad og Ivar Fonnes.
–Svært skeptiske
–Vi i Forskerforbundet er svært skeptiske til eit prinsipp om å makulere originaldokument etter kvart som dei blir digitaliserte. Vi veit at papirdokument er svært bestandige. Det er mykje meir usikkert med digitale dokument, seier Espen Andersen, hovudtillitsvald i Arkivverket. Han legg til at han har vodt for å ta framlegga heilt alvorleg - og at det må vere ei form for høgttenking frå riksarkivaren si side.
–Frykteleg dyrt
Tidlegare riksarkivar Ivar Fonnes seier det vil bli vere kostbart å digitalisere dokumenta som finst i statsarkiva. Det krevst mykje tilleggsinformasjon for å gjera dei søkbare.
Fonnes opplyser at Kulturdepartementet og Finansdepartementet i 2011 fekk laga ein grundig rapport som konkluderte med at det ville vere billigare å skaffe seg eit nytt magasin for lagring enn å digitalisere materialet ein hadde. Rapporten vart kvalitetssikra av ekstern konsulent.
Fonnes påpeikar at det er mykje meir komplisert å digitalisere arkivdokument enn t.d. bøker. Kvart einskild dokument må behandlast for seg og ein må kunne søke opp dokumenta
Frigjere midlar
Riksarkivar Inga Bolstad seier til Dag og Tid at Arkivverket har ei målsetjing om å frigjere midlar frå drift til utvikling. Det er i dette lyset ein må sjå tiltaka for å redusere husleigekostnadar ved å redusere areal ved statsarkiva og «effektivisere drifta», som ho formulerer det. Bolstad legg til at ingen medarbeidarar skal bli overflytta ved omlegginga ved statsarkiva.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?