Riksantikvar
mot nasjonalbibliotekar
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Bakgrunn
Nasjonalbiblioteket, bygd som universitetsbibliotek i Oslo i åra 1908-14, er eit rikt utsmykka monumentalbygg som har vore freda sidan 2013.

Nasjonalbiblioteket
vidar@dagogtid.no
Konflikten om Nasjonalbiblioteket held fram. Dag og Tid har tidlegare skrive om planane om å bygge kafe rett utanfor lesesalane i Nasjonalbiblioteket. Planane er omstridde.
Saka er klaga inn til Byantikvaren av Fortidsminneforeningen. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre forsikrar at Nasjonalbiblioteket vil fylgje pålegga frå Byantikvaren.
Distanserer seg
Det er Byantikvaren som handsamar klagesaka i første instans. Byantikvaren kan omgjere godkjenninga si eller avslå. Blir det avslag, må klagesaka sendast vidare til Riksantikvaren.
– Normalt bør ein vente med å setje i gang arbeid til ei klagesak er ferdig behandla, seier riksantikvar Jørn Holme i ein generell kommentar til Dag og Tid.
Nasjonalbiblioteket har i ein epost til Dag og Tid opplyst at «Alle foreliggende forslag til endringer har vært drøftet med først Riksantikvaren og så Byantikvaren…»
Riksantikvar Bjørn Holme distanserer seg frå denne framstillinga. Han opplyser at han vart invitert av Myhre til ei omvising og ein lunsj kort tid etter at Myhre hadde starta i jobben. Holme seier at Myhre fortalde om planane, men avviser at dei har «drøfta» saka.
Kollisjon
Onsdag denne veka var det dessutan møte om ombyggingsplanane på biblioteket. Der vart det kollisjon mellom forskarar som ville oppretthalde fjerde høgda som stille sone og nasjonalbibliotekar Myhre som slo fast: «plasseringa av kafeen ikkje er tilfeldig. Vi vil ha masse folk her oppe. Her er vi usamde. Det skal ikkje vera stille».
Altså er dette ein konflikt mellom dei som vil at Nasjonalbiblioteket, i tråd med lange historiske liner, skal styrkast og drivast fyrst og fremst som eit forskingsbibliotek - og den nye lina til Myhre der biblioteket òg skal drive med ulike arrangement slik dei gjer på litteraturhusa.
Fortidsminneforeningen har for sin del lansert arealet innanfor resepsjonen i 1. høgda der det tidlegare har vore kafe, som alternativ dersom ein absolutt vil opprette ein ny kafe i Nasjonalbiblioteket.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?