JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Skuleskryt
på uvisst grunnlag

Fallet i skulefråværet har vore ei skrytesak for regjeringa. Men i røynda veit ingen kor stort fråværet i vidaregåande skule er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg og utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen då dei la fram fråværstala for den videregåande skulen 5. juli.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

9264
20170811

Bakgrunn

I fjor innførte Kunnskapsdepartementet ei ny fråværsgrense i vidaregåande skule.

Hovudregelen er at elevar ikkje får karakter i eit fag dersom dei har vore borte i meir enn 10 prosent av timane i faget.

Såkalla dokumentert fråvær tel ikkje med, det vil mellom anna seie sjukdomsfråvær attestert av lege.

Kunnskapsdepartementet hevda i juli at dagsfråværet i vidaregåande hadde gått ned med 40 prosent siste skuleår.

Delar av det dokumenterte fråværet til elevane er ikkje med i denne statistikken.

SKULE

peranders@dagogtid.no

I juli la Utdanningsdirektoratet fram tal som viste at dagsfråværet i norsk vidaregåande skule var redusert med 40 prosent, og det vart attgjeve som eit sikkert, eintydig tal i pressa. «Antall fraværsdager i den videregående skolen har gått ned med 40 prosent», skreiv NTB. Dette talet vart òg flittig brukt av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) som dokumentasjon på at den nye fråværsgrensa i vidaregåande fungerer som tilsikta. Regjeringa innførte i fjor ein regel om at elevane ikkje kan ha meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i noko fag, om dei skal få karakter i faget.

Men tala frå Utdanningsdirektoratet viser ikkje det totale fråværet blant elevar i vidaregåande skule, for det finst inga slik oversikt. Når Utdanningsdirektoratet og statsråden i sommar snakka om 40 prosent nedgang i dagsfråværet, viste dei til det fråværet som var ført på vitnemåla til elevane. Men ein god del av det såkalla dokumenterte fråværet er ikkje med i talmaterialet. Om ein elev er borte frå skulen i meir enn tre dagar i strekk, og har legeattest på at ho eller han er sjuk, er dette å rekne som dokumentert fråvær, og det kjem ikkje på vitnemålet.

Spring til legen

Vi veit òg at den nye fråværsgrensa har gjort elevane i vidaregåande skule til langt flittigare gjestar hos fastlegen. I skuleåret 2016–17 kom det ein svært stor auke i talet på legebesøk blant barn og ungdom frå 5 til 19 år, syner tal frå Folkehelseinstituttet. I perioden frå august i fjor til april i år auka talet på legekonsultasjonar for mage- og tarminfeksjonar hos barn og ungdom med nesten 90 prosent, samanlikna med same periode året før. Talet på legebesøk på grunn av luftvegsinfeksjonar auka med kring 50 prosent. For andre aldersgrupper var det ingen nemneverdig auke. Folkehelseinstituttet hadde sjølv ei meining om årsaka: «Dette henger sannsynligvis sammen med de nye fraværsreglene som ble innført i den videregående skole fra skolestart 2016/2017», heitte det i ei melding frå instituttet.

Det er heva over tvil at det udokumenterte fråværet i vidaregåande har gått ned siste året. På andre sida gjev den sterke auken i talet på legebesøk grunn til å tru at det dokumenterte fråværet frå skulen har auka, sidan langt fleire elevar no skaffar seg legeattest om dei er sjuke. Men det finst altså ingen nasjonal statistikk som syner kor mykje det kan vere snakk om. Det som er sikkert, er at Kunnskapsdepartementet ikkje har noko sikkert datagrunnlag for påstanden i pressemeldinga si frå 5. juli: «Fraværet i videregående skole har gått ned med 40 prosent for dager (...) etter innføringen av fraværsgrensen i fjor høst.»

– Ein veikskap

– Det er rett at det er ein veikskap i denne statistikken. Elever kan ha vore borte frå skulen meir enn det som framgår av vitnemålet. Vi har ikkje tal som kan seie presist kor mange dagar elevane er borte frå klasserommet, seier seniorrådgjevar Øyvind Lind Kvanmo i Utdanningsdirektoratet.

– Vi veit at det vitnemålførte dagsfråværet har gått ned med 40 prosent, men vi veit ikkje omfanget av det dokumenterte fråværet. Grunnen til at vi vel å bruke tala for det fråværet som er ført på vitnemålet, er at det er det einaste talet vi har, som går attende i tid. Men vi har òg andre indikasjonar på at fråværet går ned, som timefråværet, seier Lind Kvanmo.

Han viser til at det registrerte timefråværet til medianeleven i vidaregåande gjekk ned med 33 prosent siste skuleår, samanlikna med året før.

Går god for tala

Statssekretær Magnus Thue går god for måten Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har framstilt utviklinga i fråværet. Han trur ikkje at fleire legebesøk har ført til ein vesentleg auke i det dokumenterte fråværet som ikkje kjem på vitnemåla.

– Sjukefråvær i opptil tre dagar blir ført på vitnemålet, no som før. Storparten av elevane som var borte med sjukdom i meir enn tre dagar, skaffa seg nok legeerklæring også før fråværsgrensa kom. Det er lite som tilseier at dette skal utgjere nokon stor skilnad, meiner Thue.

Også Thue peikar på at timefråværet til medianeleven vart redusert med 33 prosent siste skuleår, samanlikna med det førre.

– Det tyder på at talet for dagsfråværet ikkje er mykje feil. Det er ikkje grunn til å tru at mykje av det udokumenterte fråværet er bytt ut med dokumentert fråvær.

– Men da departementet slo eintydig fast at dagsfråværet hadde minka med 40 prosent, la de fram eit høgst usikkert tal som om det var sikkert?

– Vi brukte dei tala vi har. Talet frå fråværsdagar er ikkje heilt sikkert, men uvissa går båe vegar. Lærarane er no mykje meir nøye med fråværsføringa enn før, og det kan tyde på at nedgangen i fråværet er enda større enn tala syner. Tala er ikkje perfekte, men vi har sterke indikasjonar på at dagsfråværet har gått ned med kring 40 prosent.

Ulike målestavar

Om vi no skal pirke litt til, var Kunnskapsdepartementet lite presise på eit anna punkt da dei la fram fråværstala i juli. Det stemde ikkje at «Fraværet i videregående skole har gått ned med 40 prosent for dager og 33 prosent for timer etter innføringen av fraværsgrensen», slik departementet skreiv. Tala frå Utdanningsdirektoratet som låg til grunn for pressemeldinga, viste til fråværet for medianeleven, ikkje gjennomsnittseleven. Og det gjennomsnittlege dagsfråværet til ein elev i vidaregåande gjekk ned med 33 prosent frå førre år, ikkje med 40 prosent, om vi held oss til tal frå Utdanningsdirektoratet. Medan gjennomsnittseleven hadde 5,8 dagar og 15,2 timar fråvær i 2016–2017, hadde medianeleven eit fråvær på 3 dagar og 8 timar, altså litt over det halve.

Nokre elevar trekkjer altså fråværssnittet kraftig opp, ikkje minst dei som i praksis har falle ut av skulen undervegs i skuleåret. Forklaringa til direktoratet på valet av median som målestav, er at «median er mindre sårbart for ekstremverdier».

Vil ha betre tal

– Det totale fråværet er ikkje det same som det udokumenterte fråværet. Det ville vore interessant å vite kor mykje det dokumenterte fråværet har auka det siste året, seier Rita Helgesen, leiar i Lektorlaget.

– Det er vanskeleg å få tal som kan samanliknast, fordi det er ulike system i fylka og ved skulane. Tala finst, men dei er ikkje sette saman og gjort tilgjengelege. Direktoratet bør gjere det enklare å få oversikt over totalfråværet og kor mange elevar som har bestått opplæringa.

Men sjølv om delar av talmaterialet er usikkert, er det liten tvil om at fråværsgrensa har lukkast med å redusere fråværet. Og dei fleste av medlemmene i Lektorlaget ser ut til å vere nøgde med ordninga, seier Helgesen.

– Vi veit at mange ute i skulen er glade for den nye regelen. Hovudpoenget er jo å få elevane til å møte opp på skulen.

Også Solveig Hvidsten Dahl, leiar i Skolelederforbundet, meiner fråværsgrensa var eit godt tiltak.

– Medlemmene våre gjev uttrykk for at dei positive til ei fråværsgrense. Men vi har inntrykk av at skulane og fylkeskommunane har ulik praksis når dei registrerer fråvær, og det er uvisst om den nasjonale statistikken gjev eit rett bilete. Det ser òg ut til at det er ein del bruk av skjønn i fråværsføringa, og det kan slå urettferdig ut for elevane.

Store ressursar

Allmennlegane er derimot alt anna enn nøgde med nokre av konsekvensane av fråværsgrensa. Ei spørjeundersøking som Den norske legeforening gjorde i mars, tyda på at fastlegane sist vinter brukte opp mot 10 prosent av arbeidstida si på å dokumentere sjukefråvær for skuleungdom. Truleg tok førespurnader frå skuleelevar kring ein fjerdedel av den tida som er sett av til såkalla «øyeblikkelig hjelp» hos allmennlegane, og det aller meste dreidde seg etter alt å døme om harmlause plager som omgangssjuke eller lettare luftvegsinfeksjonar.

– Vi er redde for at dette arbeidet tek for mykje av den tilgjengelege kapasiteten, seier Tom Ole Øren, leiar i Allmennlegeforeningen.

– Ein bør spørje seg om det er rett å bruke så mykje ressursar til dette. Dei aller fleste av førespurnadene frå skuleelevar handlar om småplager som ikkje krev medisinsk behandling. Fastlegane har veldig mange oppgåver, og det er andre pasientar som treng oss meir.

Regjeringa vil vurdere det auka trykket på allmennlegane når ordninga med fråværsgrense skal vurderast i haust, seier statssekretær Magnus Thue.

Men han har ikkje tru på å gå over til eigenmelding for elevane.

– Da har vi inga reell fråværsgrense lenger, og da kjem vi berre attende til situasjonen der elevane i praksis kan kome og gå som dei vil.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har ikkje tal som kan seie

presist kor mange dagar elevane

er borte frå klasserommet.

Øyvind Lind Kvanmo, seniorrådgjevar
i Utdanningsdirektoratet

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis