JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Rik, rikare, Noreg

For fyrste gong har finansformuen til staten passert ti billionar. Korleis skjedde det?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Over heile verda stupte aksjekursane etter at Lehman Borthers  gjekk konkurs den 15. sepember 2008. I Noreg merka vi knapt krisa, og så vart oljefondet firedobla. Her frå Tokyo 16. september 2008.

Foto: Katsumi Kasahara / AP Photo / NTB scanpix

10711
20170804

Bakgrunn

Statens finansformue er no på 10.400 milliardar.

Knapt 8000 milliardar er Oljefondet, resten er verdipapir staten eig i Noreg.

Oljefondet er firedobla på ni år.

Mykje av verdiauken kjem av at verdas sentralbankar har gjort pengar gratis.

Finansformuen

jon@dagogtid.no

Det stundar mot val, og i Noreg, som alle andre stadar, handlar val og politikk om fordeling av pengar og ressursar. Men i Noreg handlar val verkeleg om pengar og ressursar. Vi har nemleg så mykje av dei. Før sumarferien kunne Statistisk sentralbyrå (SSB) fortelja at statens finansformue hadde passert ti billionar. Formuen er no på om lag 10.400 milliardar. Det er ein del pengar.

Om vi seier at Høgre vil ha vekk formueskatten, som er på om lag 13 milliardar i året, og Ap vil auka det samla skattetrykket med 15 milliardar, vert distansen i skattenivå på 28 milliardar. Den statlege sparegrisen, og her snakkar vi berre om finanspapir, ikkje infrastruktur og alt mogleg anna som staten òg eig og kan selja, er 371 gonger så stor som det partia kjem til å krangla om under valkampen.

Men det er normalt å krangla om lite når ein har mykje òg. Og ingen såg føre seg at staten skulle verta så utruleg rik då vi vedtok Oljefondet i 1990 og sette inn dei fyrste pengane i 1996. Jens Stoltenberg fekk rett nok ein mistanke om at fondet kunne verta vel stort då han vart statsminister i 2000, og året etter fekk han innført handlingsregelen, som sa at vi over tid berre skulle nytta fire prosent – den forventa avkastinga. I 2001 nytta vi 12 milliardar av Fondet, i år ligg det an til å verta 251 milliardar.

Andre pengar òg

Det er likevel ikkje slik at oljen er alt i Noreg. Staten har over to billionar i andre pengar også. Så seint som ved inngangen av 2007 var Oljefondet framleis under to billionar i verdi, som er mindre enn det dei «andre» pengane er i dag. Vi har til dømes eit Statens pensjonsfond innland, eller Folketrygdfondet. Det står no i 216 milliardar. Då vi oppretta folketrygda i 1967 og auka momsen dramatisk, rekna eit samla storting med at folketrygda ville gå med store overskot kvart år, og det vart oppretta eit folketrygdfond som skulle administrera pengane. Etter sju år var det slutt med overskota. Kvart år gjennom 1970-åra auka Stortinget dei sosiale utgiftene med 10 prosent, og underskota i folketrygda vart etter kvart svære. Men i 1976 hadde Folketrygdfondet ti milliardar på bok – ti milliardar som no altså har vorte 216 milliardar, som er om lag halvparten av det årlege folketrygdbudsjettet. Ein kuriositet her er at ikkje noko storting eller regjering nokon gong har teke pengar ut av Folketrygdfondet. Det er i praksis ein sparegris som vert nytta til å tilføra kapital til norske verksemder.

Folketrygdfondet er likevel berre ein liten del av det staten har i Noreg. Ved utgangen av i fjor var statens eigardel av alt som er notert på Oslo børs, 596 milliardar, og den samla verdien av statens aksjar i Noreg var på 715 milliardar, fortel Statsministerens kontor. I tillegg kjem det ein del heileigde statlege verksemder som Statsministerens kontor ikkje tel med. På toppen kjem det at staten har spart litt pengar til pensjon til eigne tilsette, og så har dei lånt ut pengar til dei fleste av oss gjennom slikt som Husbanken og Statens lånekasse.

Oljen pregar oss alle

Men også verdiane utanom Oljefondet er prega av oljen. Statoil er til dømes eit oljeselskap, og det norske lønnsnivået og overskot i verksemder er mykje avgjort av oljen. Det er likevel ikkje oljen vi har å takka for den kolossale veksten dei siste ti åra. Faktum er at Noreg produserte klart mest olje i dei åra oljeprisen var historisk låg. I november 1985 låg oljeprisen per fat på 70 2017-dollar, og Kåre Willoch sat heilt trygt. I mai 1986 var han komen ned i 23 dollar, og Willoch kom seg aldri meir attende. Oljeprisen på si side passerte fyrst 70 2017-dollar att i mars 2005. Det var lenge etter at den norske oljeproduksjonen hadde passert toppen.

I 2005 passerte Oljefondet for fyrste gong 1000 milliardar kroner. Det var ein milepåle så stor at vi veljarar kasta den kjipe Bondevik II-regjeringa. Og så kom finanskrisa tre år etter, då Oljefondet nett hadde passert 2000 milliardar. Ni år etter, i 2017, er fondet verdt fire gonger så mykje. Det er ei verdistigning så rå at ho er utan sidestykke sidan jobbetida.

Forklaringa på veksten er gratispengar til dei rike. Og ingen er så rik som den norske staten, som slepp både formue- og kapitalskatt. Bill Gates, til dømes, som er verdas rikaste, har ein formue på om lag 450 milliardar kroner, omtrent eit norsk folketrygdbudsjett. Sidan Noreg har verdas største fond og sparegris, sit vi òg nærast når pengar vert skapte og delte ut. I økonomifaget har denne effekten eit namn: Han heiter Cantillion-effekten og er oppkalla etter franskmannen Richard Cantillon, som i 1719 kjøpte aksjar i den kanskje største svindelen i verdssoga, skotten John Laws Mississippi Company. Selskapet selde verdlaust land til franskmenn, og Law fekk av den franske kongen lov til å trykkja pengar som vart bakka opp av nettopp aksjar i Mississippi Company. Cantillon oppdaga at dei som stod nærast pengetrykkjar Law, tente gode pengar, men di lenger unna du var frå Law, di mindre vart verdien. Dei på botnen tente ingenting, og til slutt var heller ikkje selskapet noko verdt.

For låge renter

Finanskrisa kom av di både den japanske, den amerikanske, den britiske og den europeiske sentralbanken køyrde med for låge renter i for mange år og dårlege reguleringar av kredittmarknaden. Folk og verksemder lånte altfor mykje altfor lenge. Kva gjorde sentralbankane då krisa kom? Sette ned rentene. Samstundes hadde Stortinget vedteke å gå opp til 60 prosent i aksjar i Oljefondet. Noreg naut altså godt av to effektar, at vi auka delen av Oljefondet som skulle stå i aksjar, samstundes som verdiane av aksjar vart halverte under finanskrisa. Vi kjøpte svære mengder med aksjar på billigsal.

Men sentralbankane stogga ikkje med rentenedsetting. Dei byrja å laga masse nye pengar, og svært mykje av pengane var nytta til å kjøpa verdipapir. I 2009 tok pengetrykkinga verkeleg av. Fem år seinare hadde verdien av dei 100 største amerikanske selskapa gått opp med 200 prosent. Oljefondet er verdas største einskildeigar av aksjar. Rett nok eig vi ikkje aksjar i det selskapet som har størst omsetning, Walmart, sidan dei ikkje tillèt fagforeiningar. Men vi eig aksjar i mengd asiatiske selskap som produserer for Walmart, og som gjev sine tilsette langt dårlegare vilkår enn Walmart. Men sidan Noreg no sit på alle sider av aksjebordet, vinn vi i alle høve.

Om vi ser på balansane til dei fem største sentralbankane i verda, auka desse frå 7500 milliardar dollar i april 2009 til 14500 milliardar dollar i april 2014. Dette var elles det året då finanskrisa var heilt over, sidan alle landa i OECD opplevde vekst i økonomien, og Federal Reserve (Fed) i USA stogga med såkalla kvantitative lettar (QE), det vil seie at ein sentralbank med nytrykte pengar kjøper verdipapir direkte i marknaden. Då Fed slutta, sat dei med 4500 milliardar dollar i verdipapir, som dei hadde kjøpt med nylaga dollar. 1,7 billionar av desse var til dømes bustadlån, som igjen tyder at Fed sit med hus til ein verdi av rundt 2000 milliardar dollar. Før finanskrisa hadde ikkje Fed eit einaste bustadlån i porteføljen.

Nattsida

I alle høve har all verdipapirkjøpinga og dei særs låge rentene ført til at prisen på aksjar har gått rett opp. Men det heile har ei bakside: Sentralbankane – i det minste seier dei det – vil ikkje sitja på alle desse verdipapira når verdsøkonomien no går stadig betre. Særleg Fed har sendt ut signal om at dei vil ha attende alle dei nyprenta dollarane dei sende ut i marknaden, dollar som altså gjekk til å gjera dei rike endå mykje rikare. Korleis kan sentralbankane få attende alle pengane dei laga? Ved å setja det heile i revers. I mange år kjøpte dei verdipapir, no har dei tenkt å selja verdipapir i mange år. I tillegg kjem det at alle statsobligasjonane og bustadlåna dei sit på, til ei viss grad vert betalte ned. Når låna vert nedbetalte, må sentralbankane kjøpa nye obligasjonar eller lån om den noverande balansen i økonomien skal verta halden opp. Men det har dei ikkje tenkt å gjera, seier dei.

Når ei mengd aksjar vert pøst ut over marknaden, går prisen på aksjar ned, seier teorien. Og når sentralbankane heller ikkje lagar nye lånepapir og kvittar seg med dei gamle, ja, så vert det mindre pengar å kjøpa aksjar for. Oljefondet kan altså verta treft av to negative mekanismar: mindre pengar i verdsøkonomien og fleire aksjar til sals.

Men så lenge verdsøkonomien går greitt og sentralbankane kvittar seg med verdipapir i eit sakte tempo, er nok trugsmålet mot Oljefondet lågt. Dessutan er det mykje som tyder på at sentralbankane ikkje vågar å senda verdipapira dei sit på, attende i marknaden. Det vil gjera dei upopulære hjå eigaren, som er politikarane. Nei, det store trugsmålet er ei ny finanskrise, og det er ein del som kan tyda på at aksjar er for høgt prisa for tida. Verdas børsar set stadig nye rekordar utan at profitten i selskapa går særleg opp, eller at det vert investert uvanleg mykje i realkapital. Ja, til og med her heime, sjølv om oljeprisen er meir enn halvvert sidan toppen, sette Oslo Børs ny rekord midt i fellesferien. Det verkar litt meiningslaust, sett i lys av at Noreg samstundes for fyrste gong på 20 år gjekk med underskot på handelsbalansen.

Hybris

Dessutan er det lenge sidan finanskrisa. Og di lenger det er sidan ei krise, di dårlegare minne får marknaden, og di større hybris. Og sidan Oljefondet no er så stort inne i aksjar, er ei finanskrise mykje farlegare enn då vi stort sett berre investerte i keisame statslån. Men sjølv om Oljefondet vert halvert til 4000 milliardar i ei finanskrise, er det framleis over nivået ved utgangen av 2012. Det gjekk an å leva då òg. Problemet er nok meir denne handlingsregelen. No skal vi berre nytta tre prosent av Oljefondet per år, og vert det på 4000 milliardar i staden for 8000, ja, så er det berre 120 milliardar oljekroner per år. Og i år nyttar vi altså vel 250 milliardar over statsbudsjettet. Den neste finansministeren som får ei finanskrise i fanget, er ein finansminister som er fanga, som dei seier i Amerika, mellom ein stein og ein hard stad. Eller ein som bryt handlingsregelen.

Uansett: Kvar nordmann, fattig og rik, jøde eller grekar, eig no ei statleg finansformue på to millionar. Det er pengar, det òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sidan Oljefondet no er så stort inne i aksjar, er ei finanskrise mykje farlegare enn då vi stort sett berre investerte i keisame statslån.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis