JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Renessanse
for hagebyen

I England er hagebyen på retur. I Noreg veit ikkje politikarar kva hagebyen er for noko.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8078
20170519

Bakgrunn

Hageby

Hageby er eit bustadområde samansett av småhus, einebustader eller rekkjehus, der husa er utstyrte med hagar til frukttre, bær og grønsaker.

Den britiske byplanleggjaren Ebenezer Howard (1850–1928) grunnla hagebyen som ein del av sosiale reformer i Storbritannia.

Hagebyar skal som «satelitter» kring hovudstaden og det skal vera godt kollektivt samband mellom dei.

I 1903 vart den fyrste hagebyen reist: Letchworth i England.

Den sveitsiske modernisten Le Corbusier forkasta hagebymodellen og lanserte ideen om «vertikale låghus», det vil seie høghusa.

Stadutvikling

ronny@dagogtid.no

Den britiske regjeringa har i år vedteke å byggje 200.000 bustader i form av såkalla hagebyar rundt om i Storbritannia. Vedtaket kom frå kommunalminister Gavin Barvell januar i år.

«Hagebyen» er ikkje eit ord norske arkitektar i dag tek i munnen. Omgrepet fører oss attende i historia, hundre år attende i tid. Ved førre hundreårskiftet hadde industrialismen ført til tettpakka, uhygieniske miljø i storbyen. Så dukka ein engelsk byplanleggjar ved namn Ebenezer Howard opp. Han hadde løysinga på problemet: Han tok initiativet til ein ny bymodell: hagebyen – ein meir eller mindre sjølvstendig landsby utanfor bysentrum.

Howards ideal var heimar omkransa av frukttre og bærbuskar, der trivsel og helse var stikkorda. Men idealet om fortetting skulle likevel ikkje forlatast. Det var ikkje tale om store villar med store plenar, men låghus og småhagar.

Hagebyrørsla slo an i mange land, også i Noreg. Det vart bygd titals hagebyar kringom i landet. Namn som Ullevål hageby i Oslo og Eidsvåg hageby i Bergen vitnar om dette straumdraget.

Hagebyen var populær fram til andre verdskrigen. I etterkrigstida kom nye ideal inn: Tidsalderen for småhus var forbi, no var det blokker, villaer og bilvegar som galdt.

Men i dag blir altså hagebyen gjenoppdaga, og det i heimlandet til hagebyen. Det britiske regjeringa har vedteke at 14 nye «garden villages» – «hagelandsbyar» – skal etablerast, kvar av dei med mellom 1500 og 10.000 bustader. Samtidig skal tre større hagebyar, såkalla «garden towns», med meir enn 10.000 bustader, reisast.

I Noreg – eit land med eit landskap som ikkje er så ulikt det engelske – er det omvend strategi som gjeld: såkalla fortetting ved trafikknutepunkt, som Dag og Tid skreiv om i førre utgåve. I praksis vil det seia blokker på fem–seks etasjar nær «knutepunkt» for kollektivtrafikken. Her blir ofte uteareal, siktliner og sosiale møteplassar nedprioriterte til fordel for «fortetting». Målet er å skapa stutte avstandar, så folk reiser mindre med bil og heller brukar kollektivtrafikk.

Men som Dag og Tid har skrive før, er det ikkje alltid at folk lèt bilen stå: I Fyllingsdalen, som skal fungere som trafikknutepunkt til Bergen, er 80 prosent av trafikken lokaltrafikk, ikkje gjennomgangstrafikk. Ikkje så rart: Det er ikkje så triveleg å forflytte seg til fots i desse knutepunkta.

Norsk-engelsk arkitekt

Større kontrast til den norske trafikknutepunktstrategien enn hagebyen finst nesten ikkje. I hagebyen skal alle hus ha lys, sol, utsikt og hage til dyrking av frukt, bær og grønsaker.

Men det var nettopp dette som i si tid gjorde at byplanleggjarar og arkitektar vende ryggen til hagebyen. Dei var for lite tette, dei tok opp dyrka mark og dei utvikla seg til å bli «sovebyar» – forstader til store bysentrum som ikkje utvikla seg til sjølvstendige einingar, men til snyltarar på bysentrum.

– Difor er det viktig å setja av areal til næring i reguleringsplanane til dei nye hagebyane, fortel byplanleggjar Knut M. Nord, ein nordmann som jobbar for arkitektkontoret Adam Urbanism i Winchester i England.

Nord er engasjert i den nye planen til den britiske regjeringa.

– Vi kan ta ein titt på andre moderne engelske landsbyar som er baserte på same tradisjonelle prinsipp som hagebyane. Før dei bygde nyklassisistiske Poundbury, vart det reist ein brødfabrikk ved sida av området der byen skulle stå. Såleis fekk dei ein by med blanda funksjonar, altså ein by der det er stutt veg mellom hus, butikk og jobb. Det same gjeld hagebyen vi utarbeider for augneblinken, West Corby. Denne hagebyen skal romme 4500 småhus, medan om lag 4600 kvadratmeter av plassen skal regulerast til næringsverksemd.

Dermed viser Nord at det ikkje er hald i domen hagebyen fekk i etterkrigstida. I Store norske leksikon heiter at det hagebyprogrammet ikkje har «latt seg realisere» på grunn av «det henimot umulige i å dirigere forholdet mellom bolig og arbeidssted samt å hindre moderbyen i å bli praktisk talt enerådende hva attraksjoner angår».

Knut M. Nord meiner dette er feil; han peikar på at den opphavlege hagebyideen òg var berekraftig, fordi han var tufta på prinsippet om blanda funksjonar i eit avgrensa område. Om hagebyrørsla gav opphav til termen «drabantby», har hagebyen lite med den moderne drabantbyen å gjera: forstadene i dag, det vil seie vidstrekte område utanfor bysentrum med såkalla «urban sprawl» – «byspreiing» på norsk, område der bilen rår og der det er hus og garasje i hagen som gjeld.

– Hagebyen tyder ikkje «hus i hage», men «byen i hagen». Hagen er dei grøne belta kring hagebyen, skyt Nord inn.

Tradisjonell arkitektur

Knut M. Nord har utdanninga si frå University of Lincoln i England, der han studerte fag tilknytte byplanlegging. Nord prøvde å finne jobb i Noreg etter utdanninga, men lukkast ikkje. Han fòr attende til Storbritannia og fekk jobb i Adam Urbanism.

Éin grunn kan vera at byplanlegging enno er eit ungt fag i Noreg, og at kommunar – når dei søkjer etter ekspertise – spør etter arkitektar og landskapsarkitektar, og ikkje byplanleggjarar. Når ein ser på nettstaden til Adam Urbanism, finn ein òg ein annan grunn. Adam Urbanism spesialiserer seg på tradisjonsbasert byplanlegging og arkitektur. På nettstaden heiter det at kontoret vil «forbetre det offentlege rommet ved å skapa vakre, karakteristiske og verande stader». Du skal leite lenge etter ein slik ordlyd hos eit norsk arkitektkontor.

– I engelsk arkitektur har tradisjonsbasert arkitektur aldri forsvunne, det kjem av at mange arkitektoniske uttrykk lever ved sida av kvarandre. I Noreg er miljøet mindre og meir einsretta. Men denne sansen for tradisjonell arkitektur kjem òg frå landeigarane. Dei er ofte gamle aristokratiske familiar. Dei går ikkje etter størst mogeleg profitt når dei sel land, men er opptekne av at den lokale identiteten skal leve vidare. Dei godtek altså ikkje utan vidare investorar som er ute etter å byggje høgt og trongt på små areal. Dessutan er det knytt formingsreglar til reguleringsplanen for byggjefeltet: Dei er strenge i visse viktige delar av byplanen, som sentrumsområdet, ja, heilt ned på detaljplan, som når det gjeld fargen på ytterdører, medan dei er liberale i andre delar av byplanen.

Fyrstegongskjøparar

Den tradisjonsmedvitne profilen er òg grunnen til at Adam Urbanism tok på seg oppdraget med å utvikle hagebyprosjekt. For augneblinken arbeider Knut M. Nord med to hagebyar: Welbourne, ein hagelandsby nord for Fareham i Hampshire i England, som skal romme 6000 småhus, og nemnde West Corby, som ligg aust for Leicester. Begge stadene vil innehalde typiske byfunksjonar som skular, butikkar og areal for idrett og rekreasjon, ved sida av næringsareal.

– Eit naturleg spørsmål er om dei nye hagebyane vil vera privilegerte byggjefelt for dei med tjukk lommebok. Men regjeringa vil at hagebyane skal bli samlingsstader for den eldre kjøpesterke generasjonen. Hagebyprosjektet er lansert som eit botemiddel mot husmangelen i landet, og skal særleg koma unge menneske på jakt etter hus til hjelp. Difor får fyrstegongskjøparar 20 prosent rabatt. Dessutan vil eit tak på 5 millionar kroner gjelde for huskjøp i hagebyar i tettbygde område, og 3 millionar for huskjøp i hagebyar i distriktet. Men kjøparane må òg gjera sine offer: Dei kan ikkje selja huset att før det har gått fem år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hagebyen tyder ikkje «hus i

hage», men «byen i hagen».

Knut M. Nord, byplanleggjar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis