Avgjerande dagar i ZimbabweDet er ingen snarveg ut av elendet for Zimbabwe, men uansett kva som skjer, vil det politisk sett verte betre, seier CMI-forskar Elling
Det er ingen snarveg ut av elendet for Zimbabwe, men uansett kva som skjer, vil det politisk sett verte betre, seier CMI-forskar Elling Tjønneland.
Mugabe ser ikkje at teppet forsvinn under beina på han, seier CMI-forskar Elling Tjønneland.
Foto: Mike Hutchings/Reuters.
– Sjølv om dei fleste, også i opposisjonen, fordømmer militærkuppet, skin det gjennom at dei er glade for at det er slutt på Mugabe-tida. Håpet er at dette går over på få dagar.
Det seier forskar Elling Tjønneland ved Christian Michelsens Institutt (CMI) etter at militæret i Zimbabwe natt til onsdag tok makta i landet og sette den 93 år gamle presidenten Robert Mugabe i husarrest.
Den tidlegare frigjeringsleiaren har styrt regjeringa i Zimbabwe i 37 år, og gått frå å vere ein populær leiar til å verte ein despot.
– Det byrja å gå utforbakke for Zimbabwe frå slutten av 90-talet. Noko av grunnen låg utanfor landet, i den internasjonale økonomiske politikken, men det hadde også å gjere med ein mann som ikkje takla motgang og alternative meiningar. No byrjar han også å plagast av alderdomssvekking, og ser ikkje at teppet forsvinn under beina på han, seier Tjønneland.
Vil verne grunnlova
Dramatikken bygde seg opp etter at Mugabe avsette visepresident Emmerson Mnangagwa saman med fleire allierte. Hærsjefen og fleire tonegjevande generalar tok til motmæle, men vart då sjølv møtte med krass kritikk, seier Tjønneland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.