Amerikansk kapitalisme verkar ikkje

I USA er raseriet stort over at skattebetalarane igjen må redda kapitalistane.

No vil Donald Trump til og med gje pengar til cruiseindustrien som ikkje betaler skatt til USA og seglar under flagget til andre nasjonar.
No vil Donald Trump til og med gje pengar til cruiseindustrien som ikkje betaler skatt til USA og seglar under flagget til andre nasjonar.
Publisert

Atter ein gong er amerikanske kapitalistar i krise, og atter ein gong har dei lagt mykje av grunnlaget sjølve. I staden for å spara i gode tider har dei tømt verksemdene for pengar og gjeve dei til seg sjølve. Særleg stort er sinnet over tilbakekjøp av aksjar. Espen Henriksen arbeider med finansteori på handelshøgskulen BI i Oslo.

– Kva er tilbakekjøp reint teknisk?

– Eit aksjeselskap har to måtar å gjera det på om dei vil gje pengar til eigarane, i prinsippet skal det ikkje vera ein skilnad på desse to: å betala utbyte eller å kjøpa aksjar frå eigarane. Om du gjev eigaren kontantar, ja, så får dei kontantar. Betaler du ikkje utbyte, kan eigarane sjølve selja aksjar og få like mykje pengar som ved utbyte. For har selskapet fått meir kapital gjennom overskot eller anna, skal det føra til at aksjeprisen går opp tilsvarande den ekstra kapitalen. Altså ingen skilnad. Men kvifor har amerikanske verksemder drive så mykje med tilbakekjøp av aksjar likevel? Jau, av di det har vore skilnader i det amerikanske skattesystemet. Utbyteskatten har vore høgre enn kapitalskatten. Difor sat mange amerikanske selskap på mange kontantar og venta på ein president som skulle ville gjera noko med denne ubalansen i skattesystemet. Det har Trump no gjort.

– Men direktørane i selskapa har tent massivt på desse tilbakekjøpa, dei har fått mykje høgre løn av di løna deira har vore knytt til at aksjekursen går opp?

– Ja, men det tyder på at kontraktane til leiarane har vore dårleg sette opp. Det burde vera slik at utbyte talde like mykje som oppgang i aksjeprisane. Men det har til dømes vore lønskontraktar for leiarar som er knytte til forteneste per aksje. Tilbakekjøp av aksjar vil mekanisk gje høgre forteneste per aksje, sidan det reduserer talet på aksjar utan å endra fortenesta. I tillegg til skattevurderingar gjev slike kontraktar perverse insentiv for leiarane.

– Raseriet i USA er vel likevel forståeleg? Når Boeing-direktøren vert milliardær på grunn av aksjestiging, samstundes som han ikkje løyvde nok pengar til utviklinga av Max-flyet, vert folk sinte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement