Å lesa landskap er god brukskunst

Endring i teknologi og transport er dei store samfunnsformarane. Men politisk vilje er attåt.

Øksnes kyrkje frå 1703 ligg ytst på eit nes på Skogsøya, øya som i fleire hundre år var eit geistleg og verdsleg sentrum.
Øksnes kyrkje frå 1703 ligg ytst på eit nes på Skogsøya, øya som i fleire hundre år var eit geistleg og verdsleg sentrum.
Publisert

TID OG STAD, landskap og hendingar vev seg saman og formar synsmåtar og perspektiv, personlegdom og identitet. Barndommens rike er fysiske og mentale røynsler som er prenta inn i kropp og sinn, men som også blir sorterte, forma om og vovne inn i livsforteljingar. Mykje kjem til, men mykje sit også i og sit fast, og det ber ein med seg anten ein vil eller ikkje. Ein kan prøva å konstruera og dikta om seg sjølv, men det er ikkje alt ein kan bruka viskelêr på – verken for seg sjølv eller for andre.

Dette har Byråsjefen bala mykje med gjennom liv og arbeid. Når han er i bygda, er bygda i han; når han er i byen, er byen ein del av han. Han kjenner seg «heime» fleire stader.

I motsetnad til Vertinna, som er glad for at ho har sloppe unna det ho kom frå, er Byråsjefen komen til at han ikkje berre kom frå noko, han kjem stadig frå noko, og frå ein stad. Han tenker at det må vera rart å koma frå ein stad og omgivnader som ikkje finst lenger, eller som ein har kutta banda til. Derfor øver han seg stadig i å tolka samtidsruinar og lesa landskap etter spor frå eige liv og bruer til fortidige livsformer. Det gjer han med turar i natur og skrift – både lokalhistorie og skjønnlitteratur. Der finn han ikkje alltid sanning, men mykje som likevel er sannferdig.

SPALTISTEN ER IKKJE så eksistensielt avansert eller emosjonelt hekta på desse sakene som Byråsjefen. Han har heller aldri fått heilt tak på «genius loci», arkitektguruen Christian Norberg-Schulz og teorien hans om «stedets ånd».

Spaltisten kjem frå ein jernbanestasjon mellom to tunellar i dalstrøka innafor. Med stasjonen trudde staden at han skulle bli eit viktig knutepunkt med nye hus og butikkar og ei lovande framtid, for jernbanen har historisk vore viktig som formar og utviklar av stader og busetting: Der stasjonen kom, møttest folk, og vegkryss, privathus og offentlege bygg flytta etter. Kyrkja kunne bli liggande att for seg sjølv ein annan stad, som eit vitnemål om gamletida.

Det gjekk ikkje slik med Spaltistens stasjon. Han kom for seint og hadde berre ei kort og vesal blømingstid før transporten flytta til veg og privatbil. Nå er stasjonen nedlagd, og toga stoppar berre på bestilling, for slik er vy for «go ahead». Det er som langs fjordarmane med avsides og forfalne dampskipskaier frå tida før vegar med bruer og tunellar flytta trafikken på land og skapte nye knutepunkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement