JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Vi har løyst ting dei raudgrøne ikkje klarte

Det er stor skilnad på ein EU- og EØS-minister og ein utanriksminister, ifølgje ministrane Helgesen og Bakke-Jensen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2859
20170908
2859
20170908

Tidlegare EU- og EØS-minister Vidar Helgesen (H) og noverande minister Frank Bakke-Jensen (H) meiner det har lønt seg for Noreg å ha ein eigen dedikert EU- og EØS-minister. Helgesen seier ministerposten mellom anna påverka utfallet av forhandlingane om norske EØS-midlar.

Gjennom forhandlingane som vart ferdige i 2015, plikta Noreg seg til å betale 388 millionar euro årleg i EØS-midlar i perioden fram til 2021. Summen svara til ein auke på nær 40 millionar euro frå perioden før, og inneber ein mindre auke enn ved forhandlingsrundane under den raudgrøne regjeringa.

– Her trur eg det hjelpte å ha ein eigen statsråd med ansvar for den porteføljen EØS-midlane er, og at det var ei kjernesak i porteføljen, og ikkje arbeid som skulle vegast mot andre utanrikspolitiske prioriteringar og omsyn, seier Helgesen.

– treng minister

Han er ikkje samd med Ap-leiar Jonas Gahr Støre i at ansvaret for EU- og EØS-saker vel så gjerne kan liggje hjå utanriksministeren.

– Eg er oppteken av Norden og Nord-Europa som region i ei verd som er stadig meir trøblete, og eg meiner eit styrkt nordisk samarbeid i europapolitikken og Nord-Europa er viktig. Då trengst det å ha ein eigen europaminister med blikk på dei europeiske samarbeidsprosessane. Når ein norsk utanriksminister møter den svenske kollegaen, vert det jo ofte snakk om Midtausten, Nord-Korea og andre viktige globale spørsmål, seier han.

Nøgde med resultat

Noverande EU- og EØS-minister Frank Bakke-Jensen seier han jobbar mest med brexit, oppfølginga av EØS-midlane og «det å vere tidleg inne når ein politisk idé vert fødd i EU».

Han seier Solberg-regjeringa hausten 2013 oppdaga at EUs nye reglar for redusert arbeidsgivaravgift ikkje lenger gjaldt for sektorane transport, energi og finans. EUs regionalstøtteregelverk hadde vorte revidert medan den raudgrøne regjeringa stod på sidelina, seier han.

– Vi har fått til endringar i ettertid slik at transport og energi er inne att. Samstundes signaliserer vi allereie no kva som er norske interesser inn mot den neste revidering av regionalstøtteverket, seier han.

– Trengst det ein eigen EU- og EØS-minister for å få til det?

– Det er umogleg å svare på. Vi kan jo berre måle resultata. Det vi registrerer, er at vi har løyst nokre av sakene dei raudgrøne ikkje klarte å løyse med ein utanriksminister. Om det var fordi dei ikkje ville vektleggje arbeidet med EU eller ikkje, vert meir eit retorisk spørsmål. Vi er i alle fall veldig nøgde med resultata vi har oppnådd, seier Bakke-Jensen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Når ein norsk utanriksminister møter den svenske kollegaen, vert det jo ofte snakk om Midtausten, Nord-Korea og andre viktige globale spørsmål.»

Vidar Helgesen (H), tidlegare EU- og EØS-minister

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis