– Profesjonalitet er viktigare enn å «helse heim»

– Det er vanskeleg å seie kvifor det framleis er så stor motstand mot foretaksmodellen, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen.

Publisert

– Vi ser at motstanden kjem opp når nokon ikkje er nøgd med avgjerder i helseforetaka. Da er foretaksmodellen noko ein kan skyte på. Men det er jo ikkje sikkert at det ville vore annleis med ei anna styreform, seier Anne Grethe Erlandsen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet..

Ho er overtydd om at reforma i 2001 var naudsynt.

– Eg er gammal nok til å ha opplevd både den gamle og nye modellen for sjukehusa, seier Erlandsen, som tidlegare har arbeidd som oversjukepleiar og kommunal helse- og sosialsjef.

– Fylkeskommunen fungerte ikkje som sjukehuseigar. Det var raude tal og inga styring. Etter at staten tok over, kom økonomien meir under kontroll. No klarer dei regionale helseforetaka å køyre med overskot, så dei kan planlegge for framtida, investere og kjøpe utstyr.

Glavalaget

– Har foretaksmodellen redusert byråkratiet i helsevesenet, slik intensjonen var i 2001?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement