JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Oslo-avtalen øydela det meste

LO vil ha full internasjonal boikott av Israel, akademisk, kulturelt og økonomisk. – Kvifor vil LO gjera oss palestinarar mykje fattigare, spør Bassem Eid, som denne veka møtte representantar for LO i Oslo.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På eittårsdagen for Midtausten-avtalen i 1994 møttest Israels utanriksminister Shimon Peres og PLO-leiar Yasir Arafat på ein festkonsert i Oslo. Saman med utanriksminister Bjørn Tore Godal tok dei kvarandre i hendene.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

12034
20170616
12034
20170616

Boikott av Israel

jon@dagogtid.no

Det har vore uvanleg stille om Israel og Palestina i norske medium dei siste åra. IS, Kalifatet og den stadige aukande terroren mot Europa har teke det meste av merksemda vi har vigd Midtausten. Derimot har Noreg fått merksemd i Israel og i israelske medium, for i vår skjedde det noko nytt i arbeidarrørsla til Haakon Lie: Landsorganisasjonen (LO) vedtok å boikotta Israel, ikkje berre varer frå Vestbreidda, men stort sett alt som har utspring i Israel. I tillegg ville LO-kongressen at boikotten skal verta internasjonal: LO vil arbeide «for en internasjonal økonomisk, kulturell og akademisk boikott av Israel», var vedtaka som LO-leiinga ikkje ynskte seg. Kanskje leiinga hadde fått med seg at alle PC-ar og Apple-produkt er fylte med patentert israelsk teknologi?

Ikkje uventa vart vedtaket dårleg motteke i Israel, og ein av dei som reagerte, er den Jeriko-busette palestinaren Bassem Eid, som i si tid grunnla Palestinian Human Rights Group og er ein mykje nytta kommentator i israelske medium grunna kontrære og uventa synspunkt på Palestina-konflikten. Eid hevdar at det ikkje er Israel som skapar problem for palestinarar, men inkompetente og korrupte palestinske leiarar. Denne veke var han i Noreg for å halda føredrag for Med Israel for fred (MIFF), og for å møta LO for å diskutera boikottresolusjonen. Då han møtte Dag og Tid måndag denne veka, hevda han at han fekk ein viss sympati for eigne standpunkt i møtet med LO-leiinga.

Kven leier kven?

Men fyrst, kven er dei legitime leiarane for dagens palestinarar? Abbas har ikkje halde val sidan 2005, og Hamas vart eit nytt døme på kva som skjer når islamistar får makta: «éin mann, éi røyst, éin gong». Demokratiet ser ut til å vera permanent avvikla i dei palestinske områda.

– Du har gjentekne gonger i israelske medium hevda at ingen av dagens leiarar er likte eller ynskte av palestinarane. Kven ville vinna eit val i dag om det var frie val og fri organisasjonsrett?

– I fjor vart det gjennomført ei større meiningsmåling på Vestbreidda, og spørsmålet var: «Om det var val i morgon, kven ville du røysta på?» 70 prosent svara at dei ville røysta på korkje Hamas eller Abbas. Dette syner at palestinarane har mista all tillit til eigne leiarar. Så vil nokre seia at dette gjeld Vestbreidda og ikkje Hamas, som visstnok skal ha stor støtte på Gaza. Det er berre ikkje sant. Eg har mange venar på Gaza. Dei seier at eit klart fleirtal av folket der, inkluderte dei sjølve, ikkje vil noko anna enn å koma seg derifrå. Undertrykkinga som Hamas held på med, er så ille at du ikkje kan førestella deg det. To millionar menneske lever no i eit fengsel der tortur er vanleg, og det er umogleg å koma seg bort derifrå. Dei som trur Hamas vil vinna frie val på Gaza, lever i ei fantasiverd.

Men det er òg eit faktum at palestinarane har røysta både Abbas og Hamas til makta, og det sjølv om det var godt kjent at Abbas og PLO var djupt korrupte og Hamas sterkt islamistiske.

– Som Marx sa: «Fridomen til arbeidarane er arbeidaranes sak.» Om de har det så ille både på Vestbreidda og i Gaza, kvifor gjer de ikkje noko med situasjonen?

– Eg veit ikkje om du som nordmann har rett til å kritisera oss, for dette kaoset er eit resultat av Oslo-avtalen. Før Oslo-avtalen hadde vi ikkje korrupte leiarar, før Oslo-avtalen hadde vi ikkje ekstremistiske religiøse leiarar som dreiv med tortur. Oslo-avtalen gav oss hatpredikantar, tjuvar og tyrannar, personar som før Oslo-avtalen måtte leva i utlandet. I tillegg vart banda og reiserutene mellom Gaza og Vestbreidda kutta av, all kommunikasjon vart stogga av di Hamas og PLO ikkje toler kvarandre. Men folk gjer ikkje noko av di dei ikkje ser noko alternativ.

Okkupasjon er betre

– Det du seier her, er at okkupasjon er langt betre enn alternativet og at folket ditt ikkje er kompetent til å styra seg sjølv?

– Ja, det er nett det eg seier. Før den arabiske våren var det ikkje lov å seia slikt, og særleg ikkje under den arabiske våren, men no ser vi resultatet av desse demokratiske eksperimenta: kaos og elende. Men lenge før den arabiske våren hadde vi Gaza-dømet, det beste dømet av dei alle. Eg trur nesten ikkje du finn menneske på Gaza som vil seia noko anna enn at dei hadde det mykje betre under israelsk styre enn no. Ja, sjølv den mest naive idealisten i verda vil måtte vedgå at det var mykje betre før enn etter at Sharon einsidig og heilt feilaktig trekte seg ut.

Attendetrekkinga frå Gaza var ei uventa hending. Den 18. desember 2003 gjorde statsminister Ariel Sharon framlegg om at Israel skulle trekkja seg ut av Gaza, og for fyrste gong nytta han ordet «okkupasjon» om det israelske styret. Få månader etterpå gjekk regjeringa med på framlegget, som òg gjekk gjennom Knesset. 8000 israelarar, mange av dei tvangsfordrivne, måtte ut av Gaza, og bustadane deira vart rivne. Kort tid etter at dei var ute, kollapsa mykje av næringslivet på Gazastripa, og levestandarden byrja å falla. Somme vil seia at økonomien gjekk attende av di palestinarane reiv det meste som minte dei om okkupasjonen, inkludert drivhusa. Andre vil seia at det skjedde av di Israel og Egypt ikkje tillèt fri handel over grensene. Intensjonen var elles at Israel skulle vakta alle grensene, men alt i august 2004 overlét Israel grensekontrollen mot Egypt til egyptiske tryggingstyrkar, som tok kontroll over den demilitariserte sona inne i Gaza.

– Det som hende i Gaza, syner at vi ikkje er i stand til å styra eit land. Eg hugsar så vel då Sharon sa at han einsidig ville trekkja seg ut: Dei palestinske leiarane byrja å springa frå fjernsynskanal til fjernsynskanal og fortelje om alt dei skulle få til. Du hugsar det sikkert: Gaza skulle ikkje verta noko mindre enn Midtaustens svar på Singapore. Hamas-leiaren Abdel Azis Rantisi sa på si side at «om Israel trekkjer seg ut av Gaza, er tida for motstand der over, og kampen skal halda fram på Vestbreidda». Vi veit korleis det gjekk. Det mest varige resultatet internt i Israel er at israelarane no har slått frå seg alle naive tankar om å trekkja seg ut av Vestbreidda. Dei veit at om dei trekkjer seg ut, vil rakettane regna over dei i mykje større grad enn frå Gaza, sidan Vestbreidda er mykje større og de facto ligg langt inn på israelsk område og dessutan har ei mykje lengre grense.

Blind idealisme

Ein av Eids store frustrasjonar er at det internasjonale samfunnet framleis krev at palestinarane skal få ein eigen stat og at Israel må gje frå seg kontrollen både over grensene og dei okkuperte områda. Han meiner at særleg Europa og særleg EU er styrt av blind idealisme.

– Sjølv eit barn kan sjå korleis det gjekk då vi fekk sjølvstyre på Gaza, likevel vender det internasjonale samfunnet det blinde auget mot Israel. Dei veit at vi ikkje kan handterte sjølvstyret.

Her hamnar Eid og eg i ein lang diskusjon om kva demokrati og røysterett er. Eg viser mellom anna til Zimbabwe, som då det heitte Rhodesia, hadde ein levestandard på nivå med Hellas og Portugal, men som etter å ha fått sjølvstyre og i det minste mellombels demokrati no er eit av verdas mest fattige. Eg argumenterer for at folk òg har lov til å taka feil val og at demokrati ikkje kan vera tufta på at folk vel «rett».

– Meiner du det var feil å gje dei svarte demokrati og sjølvstyre, har ikkje alle rett til å gjera eigne feil?

– Ja, det var feil å gje dei sjølvsstyre. Dei fleste kulturar og dei fleste folkeslag maktar ikkje demokrati, som er ein avgrensa europeisk tradisjon.

– Men er ikkje dette rasisme? Du seier i grunnen at afrikanarar og arabarar ikkje kan makta det vi europearar maktar?

– Kor ofte må eg seia dette: Vi arabarar kan ikkje demokrati, vi er muslimar. Det er ingenting demokratisk over Muhammeds lære eller sharia. Sjå deg rundt i den arabiske verda eller for den del, den muslimske: Demokrati har aldri fått fotfeste mellom muslimar. Også Tyrkia går no feil veg. Dette handlar ikkje om rase. Det handlar om kultur og religion. Ein region med ein religion som går inn for dødsstraff for bagatellar og steining for seksuelle relasjonar, er ikkje ein stad der demokrati kan få fotfeste. Det er ingen tvil om at vi palestinarar hadde betre liv då vi var fullt ut okkuperte.

Grei økonomi

– Du gjev inntrykk av at folket på Vestbreidda er utan illusjonar og er heilt resignerte. Men går ikkje økonomien godt, og samarbeider ikkje PLO og Israel heilt greitt? Så seint som i 2013 støtte PLO kandidaturet til Stanley Fischer, den tidlegare leiaren av Bank of Israel, som leiar for Det internasjonale pengefondet (IMF)?

– Det er ikkje det eg seier: Eg seier dei er leie av leiarane, som før Oslo-avtalen sat i Tunis og Damaskus og ikkje hadde noko å seia. Men det er framleis optimisme når det kjem til økonomien på Vestbreidda. Og kven er det som skapar denne optimismen? Israel. Då Benjamin Netanyahu vart vald sist, ringde han Abbas og sa at han skulle skapa endå større vekst på Vestbreidda så sant det ikkje kom åtak mot Israel frå Vestbreidda. Netanyahu held lovnaden. Israel deler ut stadig fleire arbeidsløyve til palestinarar. Det er ikkje det palestinske styret som skapar arbeidsplassar, det er ikkje EU eller Noreg, det er Israel. Men ja, Netanyahu er særs nøgd med tryggingsstyrkane til Abbas, og i byte får vi altså ein levestandard som ligg høgt over den dei har på Gaza. Kvar månad går løningane opp, kvar månad går arbeidsløysa ned. Stadig fleire får arbeid inne i Israel, stadig fleire får arbeid i dei israelske enklavane.

Men det er heller ingen tvil om at Israel har bygd muren på palestinsk område, det er ingen tvil om at Israel held ei mengd palestinarar i militærfengsel, det er ingen tvil om at den israelske hæren svært ofte praktiserer ein skyt-fyrst-spør-etterpå-praksis, og det er heller ingen tvil om at Israel bombar og invaderer Gaza med ujamne mellomrom. Dessutan driv Israel framleis med kollektiv avstraffing av familiar for det éin medlem har gjort.

– Ja, Israel handhevar ein streng tryggingspolitikk. Det er difor talet på åtak inne i Israel går ned. Men kvifor er det så stor merkesemd rundt dette og så lita merksemd rundt det Hamas og for den del Abbas gjer? Berre for nokre veker sidan var det eit lite møte på Vestbreidda der vel 50 møtte opp: Dei kravde nye leiarar. Alle vart fengsla og haldne i fire dagar. For å sleppa fri måtte dei skriva under på at dei aldri meir ville gjera noko slikt. Grunnen til at Abbas får halda fram med dette, er at vi heilt manglar skikkelege leiaremne, og at folk har mista all tru på at demokrati er noko for dei. Folk vil berre ha fred og arbeid.

LO til slutt

Vi får slutta der vi starta, med LO. Kva sa Eid i møtet?

– Om de vil støtta oss palestinarar, kvifor vil det øydeleggja det samfunnet som gjev oss arbeid? Om Israel vert utsett for ein total boikott, kan dei ikkje lenger gje oss arbeid, og vi på Vestbreidda vil få mykje dårlegare liv. I dag arbeider 90.000 palestinarar inne i Israel og 30.000 for israelarar inne på Vestbreidda. Og kva rett har de til å blanda dykk opp i kva vi palestinarar skal gjera?

– Kva prov har du for at det israelske styret er akseptert?

– LO og andre bør hugsa at meiningsmålingane syner at eit klart fleirtal av arabarane som har israelsk statsborgarskap, vil halda på dette sjølv om det kjem ein palestinsk stat. Ja, til og med fleirtalet i Aust-Jerusalem vil ha israelsk styre. 30 prosent av innbyggjarane der har då også teke israelsk statsborgarskap. Dessutan var det de nordmenn som påførte oss Hamas og Arafat. Vi palestinarar hugsar med glede attende til den tida då han satt langt vekke i eit anna land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ingen tvil om at vi palestinarar hadde

betre liv då vi var fullt ut okkuperte.

Bassem Eid, palestinsk kommentator

– Vi er leie leiarane våre, som før Oslo-avtalen

sat i Tunis og Damaskus og ikkje hadde noko å

seia.

Bassem Eid, palestinsk kommentator

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis